Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Samisk mat varierer ein god del mellom ulike samiske samfunn. Blant reindriftssamar er reinkjøttet naturlig nok utgangspunktet. Veidesamar har tradisjonelt hatt sitt utgangspunkt i småvilt (inkl. rype, tiur og hare), fisk og bær, urtar og sopp. Småbrukssamane, f.eks. langs kysten av Midt- og Nord-Norge, har hatt mykje av den same tradisjonsmaten som sine ikkje-samiske naboar — men gjerne med ein del bruk av reinkjøtt. Typisk samiske mat inkluderer bl.a. tørrkjøtt av rein, bidos (kjøttsuppe av rein), reinost/sauost som kaffeost, boknafisk, røyktrøye eller annan fisk, gáhkko (rundt, heva brød). Les mer ...
Skoltesamar mjølkar rein ved Mutkajavre ved Enare seint på 1800-talet.
Foto: Ellisif Wessel.
Reinost (nynorsk/bokmål; bokmål/svenskrenost; sørsamiskbovtsenvuasta; pitesamiskbuhtsuvuässta-st-; lulesamiskboahttsuvuosstá-st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mørke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flate, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (lulesamiskdæjvvo-jv-) eller utskore tre (lulesamiskskáhppo-hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i verdde-systemet med utveksling av varer og tenester mellom dei og den fastbuande befolkninga. Les mer …