Forside:Snillfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: FrøyaHeimHitraIndre FosenOsenØrlandÅfjord
TIDLIGERE KOMMUNE: BjugnHalsaHemneRoanSnillfjord

Om Snillfjord
1613 Snillfjord komm.png
Snillfjord (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽ] el. ["sniʎ.ˌfjɷ:ɾ]), oftast kalla Snillfjorden (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:’ṇ] (nominativ/akkusativ), ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽa] (dativ)) er ein tidligare kommune i det tidlegare Fosen futedømme i Trøndelag fylke. Kommunen grensa til Agdenes i nordaust, til Orkdal i søraust og til Hemne i vest; og på nordsida av Trondheimsleia grensa Snillfjord til Hitra. Snillfjord var opprinnelig del av Hemne kommune, men vart utskilt som eigen kommune i 1923. I 1964 vart den austlige delen av Heim kommune og ein del av Agdenes lagt til Snillfjord. Kommunen vart oppløyst den 1. januar 2020, da Ytre Snillfjord vart lagt til nye Heim kommune, Sundan (Sunde) vart lagt til Hitra kommune, og Krokstadøra inkludert Vuttudalen, vart lagt til nye Orkland kommune.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Martin Stokken med Egebergs ærespris, tildelt 1949 og deler av premiesamlingen.
(1950)

Martin Stokken (født 6. januar 1923 på småbruket Snegeldal i Snillfjord, død 27. mars 1984 i Trondheim) var skiløper og friidrettsutøver. Han representerte vesentlig bydelsklubben Selsbakk IF i Trondheim og deltok i to sommer-OL (London i 1948 og i Helsingfors i 1952) og to vinter-OL (i Oslo i 1952 og i Cortina d'Ampezzo i 1956) og ble tildelt Egebergs ærespris i 1949 og Holmenkollmedaljen i 1954. I tiden fram til 1950 så Stokken på skisporten mest som en trening til friidretten, men deretter ble fikk han stadig større fokus på langrenn. Han vant fem Norgesmesterskap i langrenn, deltok i to vinter-OL og to verdensmesterskap. Han fikk stafettsølv under vinter-OL i Oslo i 1952. Hans største prestasjon regnes seieren på 5-mila i Holmenkollen i 1954.

Han var etter sin aktive karriere trener i både langrenn og skiskyting.   Les mer …

1613 Snillfjord komm.png
Snillfjord (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽ] el. ["sniʎ.ˌfjɷ:ɾ]), oftast kalla Snillfjorden (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:’ṇ] (nominativ/akkusativ), ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽa] (dativ)) er ein tidligare kommune i det tidlegare Fosen futedømme i Trøndelag fylke. Kommunen grensa til Agdenes i nordaust, til Orkdal i søraust og til Hemne i vest; og på nordsida av Trondheimsleia grensa Snillfjord til Hitra. Snillfjord var opprinnelig del av Hemne kommune, men vart utskilt som eigen kommune i 1923. I 1964 vart den austlige delen av Heim kommune og ein del av Agdenes lagt til Snillfjord. Kommunen vart oppløyst den 1. januar 2020, da Ytre Snillfjord vart lagt til nye Heim kommune, Sundan (Sunde) vart lagt til Hitra kommune, og Krokstadøra inkludert Vuttudalen, vart lagt til nye Orkland kommune.   Les mer …

Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål. Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd (komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestafor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanligast, ø i desse orda.   Les mer …

Kart over Trondhjems Stift / Nidaros bispedømme (med grenser frå føre 1983) som viser kvar Hemne prestegjeld låg.
Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, var eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Hemne prestegjeld, som vart frådelt Hitra prestegjeld ved reskript av 5. desember 1765, dekte dei daverande kommunane Hemne og Snillfjord og hadde fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899). Gardane Bjørnslia, Ljøsevollen og Lillehaugen, som tidlegare høyrde til Rindal prestegjeld, vart lagt til Vinje sokn av Hemne prestegjeld ved kongeleg resolusjon av 4. desember 1862. Den noverande kyrkja i Hemne sokn vart innvigd den 29. juni 1817 etter at den gamle hovudkyrkja, «Sancta Margrethæ», som stod på gården Kirkesæter, etter et lynnedslag brann ned natt til 15. desember 1815. Kyrkja er åttekanta og har totalt 500 sitteplassar. Ved Vinjeøra har det vore kyrkje sidan føre reformasjonen. Den noverande kyrkja i Vinje sokn, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart bygd i 1820 etter at den gamle kyrkja vart riven, men tårnet og preikestolen, så vel som den gamle altartavla frå 1712 i nederlandsk barokkstil, vart flytta over til nykyrkja.   Les mer …

Forkynnaren Hans Nielsen Hauge var på vitjing i Hemne to gonger: i 1802 og 1803. Under desse opphalda dreiv han både med forkynning og praktisk arbeid. Mange av hemnværingane slutta seg til haugianismen som eit resultat av desse vitjingane. Det er opphaldet i 1802 vi veit mest om. I april månad kom Hauge gåande over fjellet frå Lensvik ned til Snillfjord. Her tok han inn på garden Snilldal. Ein preikesundag tala han med og forkynte for folket som hadde samla seg på kyrkjebakken etter at gudstenesta var over. Mange vart gripne av preika hans. Men det var òg dei som spotta, eller dei ergra seg over at ein ulærd bonde gav seg til å lære folket frå Bibelen.   Les mer …

Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad var eit ferjesamband mellom Storoddan i Hemne kommune, Sunde og Hemnskjel i Snillfjord kommune og Sandstad i Hitra kommune, alle i Sør-Trøndelag. Ferjesambandet vart etablert i 1964. Ved ferdigstillinga av RV 714 vart anløpsstaden på Storoddan i 1971 flytta til Sunde, men Storoddan ferjeleie vart framleis trafikkert fram til nedlegginga i 1982.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Snillfjord
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar