Jostedal kyrkje, som sto ferdig i 1660. Tøger Jensson var ansvarleg for bygginga. Tøger Jensson (òg kalla Tøger/Thøgger Jensen/Jenssøn) (fødd kring 1614 og død kring 1710) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå 1652 til 1703.Tøger vart cand.theol. 11. juni 1642 og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius". 'Breonius' kan vere ei latinisering av Breum, som var i vanleg bruk som namn på Jostedal prestegard fram til 1800-talet. Han nytta alltid Jensen som etternamn, og den einaste kjende Jens på prestegarden i Jostedalen frå den tida Tøger var fødd, er presten Jens Jonasson. Han var den fyrste kjende presten i Jostedalen etter nyryddinga og er nemnd som prest i 1604.I åra 1653-1669 var Tøger Jensson kyrkjeombodsmann i Jostedalen. Det var truleg han som tok initiativet til ei synfaring i januar 1656 som slo fast at Jostedal kyrkje var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast. Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober 1660 var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som vart taksert til 216 riksdalar. Les mer …
Kviknes Hotel i nyare tid. Foto: Commons-brukar Hesse1309
Kviknes Hotel ligg i Balestrand i Sogndal kommune. Hotellet skriv seg frå 1752, då bergensborgaren N.C. Gierløw fekk handels- og gjestgjevarløyve på Balholmen. Gierløw og etterkommarane hans åtte handelsstaden fram til 1811. Deretter følgde femti års tid med eigarar som nærast kom og gjekk. Over hundre år etter grunnlegginga, i 1877, overtok Ole Andersson Kvikne, og med han fekk hotellet dagens namn.Nicolai Christian Gierløw fekk i 1752 løyve til å drive som handelsmann og gjestgjevar på Balholmen. Somme år tidlegare, i 1743, hadde han inngått ekteskap med Karen Holm. Ho var enkje etter handelsmannen Niels Eriksen Falch i Feios.
Då Nicolai Gierløw rundt 1770 vart lensmann, overlét han handelen til stesonen Giert Nielsen Falch. Falch var gift med Zithone Samuelsdotter. Då Falch vart gammal, overlét han handelen til svigersonen Jon Bjørnsson frå garden Gjerde, som var gift med Marie Giertsdatter Falch. Frå overtakinga i 1803, dreiv Jon fram til 1811. Då selde han handelsstaden til bergensborgaren J.N. Thee, og dermed var det over etter 59 år og tre generasjonar i same slekta. Les mer …
Fridtjov-statua på Vangsnes. Foto: Nina Aldin Thune (2006)
Fridtjov den frøkne er ein segnfigur som er nært knytt til bygdene ved Sognefjorden og på Ringerike, og som det står ein statue av på Vangsnes i Vik kommune. Soga er kjent frå ei islandsk fornaldersoge frå 1300-talet og vart kjend gjennom Esaias Tegnér sin diktsyklus Frithiofs saga frå 1825.
Historia om Fridtjov er av seinare dato enn islendingesogene og er truleg rein fiksjon. Inspirasjonen frå romantiske soger, og særleg frå Tristan og Isolde, er tydeleg. Det er også ein del trekk som liknar Soga om Gunnlaug Ormstunge; ein skilnad er at soga om Fridtjov har ein lukkeleg slutt. Teksten har innslag frå norrøn mytologi, særleg historia om Balder, men er skrive i kristen tid og med eit kristent preg.
Les mer …
|