Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Sogndal er kjend som saftbygda, og er ein av dei store fruktprodusentane i fylket. Lerum Fabrikker har ein av sine fabrikkar i Sogndal. Det er og ein god del husdyrbruk i kommunen. Industrien er i stor grad knytta til landbruket, i form av slakteri, bær- og fruktforedling og anna næringsmiddelindustri. Les mer ...
Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902. Les mer …
Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde
Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866, og krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje. Les mer …
Hans Seip var son av sokneprest Jens Lauritz Seip (1852-1913) og Marie Frederikke Aubert (1853-1931). Han var fødd i Røyken i Buskerud, men voks opp i Åseral i Agder. Ein yngre bror var språkforskaren og universitetsrektoren Didrik Arup Seip medan systera Kathrine vart gift med biskop Eivind Berggrav. Seip tok eksamen ved Kristiania tekniske skole i 1900 og studerte ved Zürich Polytechnikum 1902-03. Han arbeidde i Statens vegvesen i Hedmark 1900-02, Møre 1903-09 og Hordaland 1909-15. Han var avdelingsingeniør ved vegvesenet i Bergen frå 1915 og var vegsjef i Bergen 1921-29. Les mer …
Henrik Mohn Dahl
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen. Les mer …
Sogndal folkehøgskule på Nes i Sogndal (ca 1910). Til høgre Helgheimsstova, no på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum. Til venstre Hauge-huset som framleis står på skuleområdet.
Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane. Les mer …