Forside:Språkåret 2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Språkåret 2013

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013 ved eit arrangement i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand torsdag den 2. januar 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar
Saltværing, òg stundom kalla saltenmål eller saltendialekt, er den tradisjonelle dialekten i regionen Salten i Nordland fylke. Det mest karakteristiske trekket ved dialekten er den store delen apokoperte former. Innanfor Salten skil tradisjonelt Bodø og i nokon grad Fauske ut med utprega bymål. Frå dei siste tiåra av 1900-talet har bymålet bodøværing og sentrumsmålet på Fauske påverka dialekten i resten av Salten stadig meir.   Les mer …

Elativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk frå sørsamisk til tornesamisk. I eldre litteratur blir elativ ofta kalla ablativ etter latinsk mønster. Elativ, som vi òg kunne kalle derifrå-kasus, blir bruka om fråstad og i mange andre samanhengar der ein kan bruke preposisjonen frå på norsk. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ste, og ume- og pitesamisk har hovudsaklig -st. I lulesamisk og tornesamisk er den typiske endinga -s, men -st er ikkje uvanlig i litt eldre språk. I finnmarkssamisk og det nordsamiske standardsskriftspråket så vel som i austsamiske språk har inessiv og elativ falle saman i lokativ.   Les mer …

Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntuio) i Finland), òg skrive Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for sitt verk Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestligaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntuio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les mer …

Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål. Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd (komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestafor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanligast, ø i desse orda.   Les mer …

Israel Ruong (19031986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførlig skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Faglig sett arbeidde Ruong elles med ulike aspekt av samiske språk òg, og særlig med morfologien.   Les mer …

Tospråklig vegskilt ved Árjepluovve (pite- og lulesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne
(2008)
Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lulesamisk bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsamisk biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk er sterkt truga både i Noreg og i Sverige.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Språkåret 2013
ingen underkategorier
 
Andre artiklar