Forside:Sunndal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
EideSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHalsaRindal

Om Sunndal kommune
1563 Sunndal komm.png
Sunndal kommune ligg lengst søraust på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal og Ålvundeid, og dessutan og Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad. Kommunen grensar i dag til Tingvoll i nordvest, Surnadal i nord, Oppdal i aust, Lesja i sør og Nesset i vest. I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca 900 arbeidsplassar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
David Glick, frå J : historien om kristiansundsjødene
David Glick (fødd 4. oktober 1907 i Trondheim, død 23. januar 1943 i Auschwitz) var transportarbeidar på Sunndalsøra frå 1941 av. Ettersom han var jøde vart han deportert til konsentrasjonsleir i 1942, og han vart drepen i dødsleiren Auschwitz. Han var son av Elias Glick (1876–1914) og Jenny Glick f. Wolf (1874–1942). Faren var frå Russland, medan mora var fødd i Tyskland. I folketeljinga 1910 finn vi mora, faren og to eldre sysken i Mellomveien 8 i Trondheim. Faren var handelsmann. Ei eldre syster, Anna Glick gift Matulsky, vart også drepen i Auschwitz. David hadde òg ein eldre bror, Israel Glick som døydde ung i 1919.   Les mer …

Eidsøra skule i 1926 eller 1927, like etter at Aarseth byrja der. Han står bak til venstre.

Hallvard Ingolv Aarseth (fødd 4. oktober 1899 i Harøy i Sandøy kommune, død 1977) var lærar.

Han var son av Hallvard Aarseth (1870-1934) og Ingeborg f. Flovik. Familien budde i Øksendal, i noverande Sunndal kommune, der faren Hallvard var tilsett som lærar og kyrkjesongar. Hallvard I. Aarseth gjekk fyrst millomskulen i Volda, der han gjekk ut i 1917, og byrja så på Volda lærarskule. Aarseth tok eksamen i 1921.   Les mer …

1. takta av Hovenspringa’rn.
Hovenspringa’rn (uttale: ["hɔ:ʋenˌspɾeˌŋɑ.n]) er ein gammal sunndalsspringar som vi kjenner gjennom spelet hans Erik Almhjell. Namnet «Hovenspringa’rn» viser, som «Hovenvalsen», til garden Hoven i Sunndalen. Som i sunndalsspringarar generelt, så er taktslaga relativt jamnlange, og hovudbetoninga i dansespelet ligg på 1 og 2 heller enn på 1 og 3 som i todalspolsen. Slåtten går gjennomført i førsteposisjon i begge streva. Eit kjennspakt sunndalstrekk i denne slåtten er teknikken å dra over, som vi blant anna ser i første takta:   Les mer …

Anonymt portrettfoto, trulig frå borgarmeistertida i Dartmouth (1910–11).
Ethelbert Lort Phillips (fødd 1857, død 15. oktober 1943 i Darthmouth) var ein engelsk forretningsmann og hobbynaturalist som elles er kjent for å ha tilbrakt mykje tid på Indre Nordmøre, der han blant anna let byggje fire sportsvillaer, eller turisthytter som vi heller kallar dei i dag. Ethelbert Edward Lort Phillips vart fødd i 1857 som det andre av fire born av Richard Ilbert Lort Phillips (18191860) og Frederica Isabella de Rutzen (d. 1904). Ethelbert Lort Phillips var forretningsmann i Dartmouth i Devon i Sørvest-England, og han var òg borgarmeister der i 191011. Som naturalist var han særleg interessert i ornitologi, og mellom 1884 og 1895 tilbrakte han mykje tid på jakt i Afrika, der han òg samla inn naturhistoriske data. Han gav somaliatrasten sitt vitskaplege namn, Turdus ludoviciae (1895), Første gongen Lort Phillips kom til Norge var i 1886, da han reiste til Nordmøre for å fiske laks i Driva.   Les mer …

Magnhild og Erik Almhjell i 1948.
Erik Almhjell (18811963) var ein notekyndig spelemann frå SunndalenNordmøre. Erik heldt seg til tyskfela og la stor vekt på å formidle tradisjonen nøyaktig heller enn å satse på moteriktig kappleiksspel. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, så vel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmøre. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.   Les mer …

Fangstgrop i Svartådalen 2009
Foto: Arnfinn Kjelland
Trollheimen er namnet på fjellområdet mellom Sunndalen i sør, Ålvundeid og Todalen i vest, Surnadalen og Rindalen i nord og Meldalen, Rennebu og Oppdal i aust (grove retningar). Her har gardar i desse bygdene hatt setrar i hundrevis av år. Svartådalen er ein av seterdalane her, Jøldalen, Folldalen, Resdalen og Gjevilvassdalen andre. Også det gamle seter- og slåtteområdet, seinare bureisingsgrenda Nerskogen i Rennebu ligg innafor området.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Sunndal kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Sunndal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar