Forside:Sunnfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. mai 2010 kl. 23:16 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Bremanger • Fjaler • Kinn • Sunnfjord

Om Sunnfjord
Sunnfjord er det midtre av dei tre distrikta i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, som frå 1. januar 2020 tilhøyrer Vestland fylke. Det består av kommunane Sunnfjord, Fjaler, Askvoll og den nordre luten av Kinn kommune (gamle Flora kommune). Bremanger vert dels rekna til Sunnfjord og dels til Nordfjord. Landskapet var tidlegare eit futedøme, Sunnfjord futedøme.

Distriktet ligg under Fjordane tingrett, som er under Gulating lagdømme. Det tilsvarar Sunnfjord prosti under Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Oddny Saltskår gifta seg i 1945 med Anton Hollevik. Mange av gjestane hadde óg vore motstandsfolk.
Foto: Ukjend
(1945)

Ethel Oddny Erine Hollevik f. Saltskår (fødd 8. februar 1918 i Brooklyn, død 18. august 2008 i Askvoll) var motstandskvinne under andre verdskrigen. Ho vart arrestert så seint som våren 1945, men sjølv om fangeopphaldet vart kortvarig fekk hos store skadar som følgje av torturen ho vart utsett for.

I september 1944 hadde to mann frå heimefronten sett opp ein radiosendar, Cygnus, på Askvoll. Chester Saltskår var med som kjentmann, og Oddny Saltskår hjalp dei saman med kjærasten Anton Monrad Hollevik (1915–1984). Dei frakta mellom anna mat opp til skjulestaden. Det gjekk lenge bra, men ein angjevar tipsa tyskarane, som omringa garden. Telegrafistane hadde vorte henta ut dagen før, men Oddny og Anton Monrad vart arrestert den 16. mars 1945. Sjølv om det på den tida var klårt for alle at krigen snart ville vere over, haldt dei fram med å fengsle motstandsfolk. Ho vart sendt til Bergen kretsfengsel den 25. mars, med fangenummer 4855. Der var ho til 12. april, då ho vart sendt til Espeland fangeleir med fangenummer 1947. Ho slapp fri den 9. april 1945. Allereie den første dagen, medan dei framleis var på Staveneset, vart ho utsett for harde avhøyr med tortur. Etter krigen sleit ho med store helseskadar som følgje av dette. Først i 1960-åra fekk ho skikkeleg hjelp på Rikshospitalet, der dei kunne slå fast at både nyrer og eggstokkar var skadd. Ho arbeidde lenge for å få erstatning for krigsskadane.   Les mer …

Olav Joleik som barn, med mora Wanga og faren Albert.
Foto: Ukjend fotograf
Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet. Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk.   Les mer …

Jon Sørensen og familien.
Foto: 1910-åra (Akershusmuseet/Digitalt Museum)
Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket.   Les mer …

Kåre Lunden på trappa til barndomsheimen i Naustdal.
Foto: Odd Byrkjeflot
(2010)

Kåre Lunden (fødd 8. april 1930 i Naustdal, død 18. juli 2013 i Oslo) var blant etterkrigstidas mest innflytelsesrike historikarar i Noreg. Han vart tidleg i karrieren kjend for sin vilje til å snu om på aksepterte teoriar, og til å stå på sitt i debatten som følgde. Ikkje minst vart han kjend for på fruktbart vis å integrere teori og tenkjemåtar frå andre samfunns- og kulturfag, særleg sosialantropologien, i studiane av det gamle samfunn.

Kåre Lunden hadde eit sterkt samfunnsengasjement. Både i historieforskinga og elles hadde han eit grunnsyn som kan seiast å vere nasjonalt, folkeleg og demokratisk.Lunden var son av småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden og Hilda Simonsdotter Indrekvam. Kåre var nest eldst av fem søsken. Yngste søstera Eldrid Lunden har markert seg som ein nyskapande lyrikar, medan broren Olav Lunden (1937-2011) var lektor. Kåre Lunden vart i 1959 gift med Reidun Tordis Renaas, som var apotekar   Les mer …

Elias Melvær

Elias Melvær (fødd 1. mai 1848 i Askvoll, død 21. september 1924 i Bergen) var lærar, politikar og pionér i målreisinga i Sogn og Fjordane. Melvær var son av gardbrukar og fiskar Abraham Wilhelmson Melvær og Anne Arnesdotter Einen. Han voks opp på garden MelværBulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane. Melvær gjekk Stord seminar og tok eksamen 1869. Same året vart han lærar i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) i Nordfjord, og etter to år fekk han i 1871 ein lærarpost i Grimelid i Askvoll. Her var han i tre år før han 1874-76 var allmugeskulelærar i Florø.

I 1876 vart Melvær tilsett som lærar på den nyskipa Fjordenes amtsskole i Gloppen. Han følgde med amtsskulen då han flytte til Innvik i 1886 og vidare til Florø i 1892. Etter 24 år som andrelærar slutta han då skulen flytte til Nordfjordeid i 1900.   Les mer …

Johan K. Thuland
Foto: Ukjent.

Johan Knutsen Thuland (fødd 1862 i Fjaler i Sunnfjord, død?) var lærar, klokkar og norskdomsforkjempar. I ein tjueårsperiode budde og arbeidde han i Skjåk, og er der saman med Hans B. Osnes kjend som den fyrste typiske vestlandslæraren i bygda. Dei stod for venstrepolitikk, målsak, frilynt ungdomsarbeid og fråhald.

Thuland var fødd på garden Tuland i Guddal i det som den gongen var Ytre Holmedal prestegjeld og herad, i dag Fjaler kommune. Foreldra var Knut Hansson frå Tuland og Marta Eriksdotter frå Langeland (fødd 1818). Dei hadde gifta seg i 1841, og var brukarar på Nordre Tuland. Produksjonsoppgåvene i folketelinga 1865 viser at det var eit heller lite gardsbruk, med to kyr.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sunnfjord
 
Andre artiklar