Forside:Sunnhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Voss • Hardanger
Etne • Sveio • Bømlo • Stord • Fitjar • Tysnes • Kvinnherad

Om Sunnhordland
Sunnhordland er eit distrikt i Hordaland. Det omfattar kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Ølen kommune var tidlegare ein del av Sunnhordland, men har vorte ihopslegen med Vindafjord kommune i Rogaland. Distriktet hadde pr. 1. oktober 2007 55 318 innbyggjarar fordelt på 2896 km². Regionsenteret er Leirvik i Stord kommune.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Mot breen fra Bondhus
Turistvegen over Folgefonna er en fottur som følger i sporene etter de europeiske turistene som flokket til fjord-Norge fra midten av 1800-tallet. Turen går fra Sundal i Mauranger til Sørfjorden i Hardanger over Folgefonna. Ruta er en av flere Historiske vandreruter lansert av Riksantikvaren og Turistforeningen i samarbeid.

Turen starter i Sundal ved Maurangerfjorden. Hit kom turistene med store dampbåter. Fra Sundal følger man det første stykket den gamle Isvegen opp Bondhusdalen. Vegen ble anlagt i forbindelse med is-uttakning fra Bondhusbreen (brearm til Folgefonna) på 1860-tallet og går helt fra brygga i Sundal og opp til Bondhusvatn på vestsiden av Bondhuselva . Noen hundremeter nedenfor Bondhusvann deler veien seg, og turistvegen tar av mot venstre, krysser Bondhuselva og følger «Keiserstien» (på kartet: Gardshammarvegen) oppover den bratte Hillerslia mot Gardsahammarstølen. Opp det bratteste snirkler stien seg i 18 fine hårnålssvinger: stien ble anlagt på denne måten for at turistene skulle komme seg opp til breen på hesteryggen. Fra Gardshammarstølen er det en fantastisk utsikt mot fjorden.

Fra Gardshammar dreier ruta østover mot turisthytta Breidablikk ved brekanten. Da ruta ble anlagt på 1800-tallet gikk turistene opp på breen herfra, men fordi breen har trukket seg såpass mye tilbake er det blitt for ulendt å ta seg inn på breen herfra, og man går derfor videre langs breearmen til Fonnabu. Herfra er det mulig å ta seg over breen til Holmaskjær, det nærmeste stedet for «fast grunn under føttene» på den andre siden.

  Les mer …

Jens Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Jens Aarsand (fødd 26. april 1890 på Årsand i Kvinnherad, død 2. januar 1979) var lærar og lokalpolitikar på Avaldsnes. Han engasjerte seg dessutan i kristeleg arbeid og var aktiv fråhaldsmann. Han var son av bonde og laksefiskar Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Etter folketeljinga for 1910 var Jens Aarsand fyrst bøkkarsvenn, men i 1916 tok han eksamen ved Holmestrand lærerskole. Også brørne Anders og Odd Aarsand var lærarar.   Les mer …

Berje Aarbø i Norske skulefolk 1952
Foto: Ukjent fotograf

Berje Aarbø (fødd 12. november 1890 i Fitjar kommune, død 23. august 1971) var lærar, bonde, motstandsmann og mangeårig ordførar i Fitjar.

Han var son av Jens T. Aarbø og Rannveig f. Hovland. Berje Aarbø tok eksamen ved Kristiansand lærerskole i 1914.

Som nyutdanna vart han i 1914 tilsett ved framhaldsskulen i Eigersund landsokn, før han året etter byrja som lærar i heimbygda Fitjar. Samstundes tok han òg til som bonde.

Aarbø var formann i likningsnemnda, jordstyret og skulestyret i Fitjar. Han sat som varaordførar (1926-28) før han i 1929 vart ordførar i bygda. Han hadde ombodet heilt fram til 1951. Frå 1916 var han dessutan bankrevisor.   Les mer …

Frå feltet med bautasteinar på Årbakka. Desse steinane er stilt omlag midt i feltet.
Foto: Magne Ove Kleppe
Årbakkasanden i Tysnes kommune ligg ved Hardangerfjorden. Her finst eit gravfelt med bautasteinar datert til jarnalderen. Gravfeltet på Årbakka inneheld 23 gravhaugar, fem bautasteinar og to steinringar, og strekkjer seg over eit område på 45 x 110 m. Ein sjette bautastein ligg i dag i fjæra like ved, der den i lang tid har vore nytta som helle til eit båtnaust. Biskop Jacob Neumann granska staden då han i 1828 visiterte i Sunnhordland, og 19 år seinare fekk han ein kandidat Stuwitz til å teikna ein plan over gravfeltet. Denne trykte Neumann i 1846. Neumann sine «optegnelser» vitnar om stor antikvarisk og arkologisk interesse. Han har fått med om lag alle fornminna, og skildrar tilhøva for kvar einskilt, både steinane, steinringane, haugane og røysane. Dertil nemner han «skibshøier».   Les mer …

«Guløy».
Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmer. Kystlaget er eitt av 120 lokale kystlag som er organisert under Forbundet KYSTEN, med over 9500 medlemmer. Bømlo kystlag eig og disponerer i dag to skøyter. Den største skøyta, «Guløy» med ein 40 Hk Wichmann er hjå Riksantikvaren registrert som bevaringsverdig. Kystlaget arbeider for tida med å søkja Riksantikvaren og andre om midlar til restaurering, noko som vert eit ressurskrevande prosjekt.   Les mer …

Flyfoto over Våge på Tysnes, teke ein solskinsdag i august 1961.
Foto: Ukjend
Våge er den største tettstaden i Tysnes kommune og det viktigaste trafikknutepunktet på øya, med ferjeruter til Halhjem sør for Bergen. Bygda er samstundes det merkantile tyngdepunktet i kommunen. Det er også her ein finn ungdomsskulen, fleirbrukshall og flest kulturelle aktivitetar. Innbyggjartalet er 524 personar pr 2006. Våge er eit usamansett naturnamn og har med ordet ”våg” å gjera, ei nemning som kan sporast tilbake til norrønt og sannsynlegvis endå eldre tid. Namn av denne typen viser gjerne til den aller eldste busetnaden i eit område. Det tyder såleis på at garden Våge må vera ein svært gammal gard.   Les mer …
 


 
Eksterne ressursar
Forside:Sunnhordland/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Sunnhordland
 
Andre artiklar