Her vert «Nilfisk» sjøsett. (1974)
MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk.
«Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.
Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik. Les mer …
Bedehuskafeen i Sykkylven var ein serveringsstad som vart driven i lokala til bedehuset i Sykkylven sentrum nokre år. Kafeen kom i gang i 1960 i første høgda i bedehuset som då var nybygt. Første styrarinna var Karen Fauske, og med eit kort avbrot stod ho føre drifta i mange år. Alt frå byrjinga hadde Bedehuskafeen god søknad både av faste og tilfeldige gjestar, dessutan vart det halde mange bryllaups-, gravferds- og konfirmasjonslag der. Målfrid Rødal, som hadde arbeidd på Bedehuskafeen i mange år, tok over drifta i 1982, og leigde lokala av bedehuset. Samstundes vart namnet forandra til Cafeen. Attåt seg i arbeidet hadde ho fem personar som arbeidde på deltid. Les mer …
Aebi AM 53 med kort kardang vogn Tohjulstraktoren og motorslåmaskina sitt inntog i vestlandsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet i landsdelen er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.
Definisjon for traktor vart etter kvart maskin med roterande kraftuttak (PTO) for drift av påkobla arbeidsmaskiner. Dermed ser vi store motorslåmaskiner og små tohjulstrakturar utan å forstå kva er kva. Kraftuttaket vart mest brukt til drift av såkalla «kardangvogn», firehjulsdrift ved bruk av tilhengar, slåtteapparat, motordriven jordfres og vinsj. Ein prøvar å samle informasjon på sida om Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk.
Kring 1920 kom dei fyrste tohjulingane til landet, men fyrst etter 1945 vart det fart i sal av landbruksmaskiner med eigen forbrenningsmotor i dei brattlendte vestlandsbygdene. Firehjulstraktorane passa ikkje på smale, bratte gardsvegar. Derfor såg gardbrukarane etter andre alternativ og enda opp med tohjulstraktoren som ei løysing mellom motorslåmaskin og firehjulstraktor. Les mer …
Fabrikkeigar Jens E. Ekornes, grunnleggaren av Ekornes-konsernet.
Jens Ellingsen Ekornes (fødd 20. januar 1908 i Sykkylven, død 25. november 1976 same stad) var ein industrileiar frå Sykkylven, grunnleggar av Ekornes-konsernet.
Jens Ekornes var nr. to av fem brør: Sigurd f. 1906, Jens f. 1908, Martin f. 1912, Leiv Peder f. 1917 (men døydde halvt år gamal) og Leif som yngstemann f. 1919. Foreldra var gardbrukar Elling Sivertsen Ekornes (1877–1966) og husmor Berte Jensine Nikoline Jensdotter Ekornes (1884–1968). Allereie i barneåra hadde Jens ein trong til å sysle med alt som rørte seg, og mange finurlege konstruksjonar vart til, til dømes skovlhjul i elva. I 15-årsalderen vart Jens med som stuert på båt i to månader på etterjulsvinteren, og ferda gjekk til Kvalvåg på Bremangerlandet, der faren dreiv oppkjøp av fisk. Denne etterjulsvinteren gav Jens reiselyst og eventyrlyst. Han ville oppdage meir av den store verda og melde seg på ein tur med den 35 fots lille ”Brand I”, eit sjøgutskip med 12 gutar i alderen 16-17 år. Dei drog sørover langs kysten frå Ålesund til landsspeidarleiren i Horten. Jens vart seinare aktivt med i speidarrørsla og i losjearbeid for avhaldssaka. Les mer …
Kystlagets lokaler frå brygga
Sunnmøre kystlag vart oppretta i 1995 og er eit kystlag for Ålesund og omland. Laget er medlem av Forbundet KYSTEN og har 50 medlemmer (2014). Laget arbeider for bevaring og aktiv bruk av trebåtar, naust og alt som dei definerer som kystkultur.
Kystlaget overtok i 2014 eit notnaust i Nørvasundet, Rasmusvegen. Notanaustet er nå under restaurering med støtte frå Stiftelsen Kjell Holm.
Onsdagane i sommarhalvåret møtast laget på Sunnmøre museum til seilas på Borgundfjorden med lagsbåtane Sunnmøringen og Rasmus. Les mer …
|