Forside:Tingvoll kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
EideSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHalsaRindal

Om Tingvoll kommune
1560 Tingvoll komm.png
Tingvoll kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret Tingvoll har gjeve namn til Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden i vest, Halsafjorden og Trangfjorden i aust og Freifjorden i nordvest. Tingvoll kommune grensar til Sunndal kommune i søraust. Elles er han omgjeven av kommunane Aure i nord, Halsa i nordaust, Surnadal i aust, Nesset i sørvest, Gjemnes i vest og Kristiansund i nordvest. Tingvoll kommune vart mykje endra etter kommunerevisjonen i 1965. Etter denne revisjonen vart Tingvoll kommune mesta identisk med Tingvollhalvøya.

Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvøya, har gjeve namn til kommunen. Allereie i forhistorisk tid meiner mange at dette har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmøre. Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møtest. Bergsøysundbrua knyter kommunen til Krifastsambandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Tingvoll kyrkje
Foto: Arve Holmeide

Tingvoll kyrkje (lokal uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (nom./a.) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (d.)) på TingvollNordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærheita ligg på eit sentralt plassert på nordsida av Tingvollvågen.

I eldre tider var Tingvoll truleg tingstad for Nordmøre, og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her. Veggene i kyrkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned att. Det er eit mysterium kvifor dei vart bygde.   Les mer …

K.G. Wågen vart gjerne midtpunktet der han var til stades. Her (med tversoversløyfe) frå eit konfirmasjonsselskap i Skjåk i 1963.
Foto: Kristian Hosar.
Kristian Gerhard Wågen (fødd 9. september 1891 i Tingvoll, død 10. september 1982 i Skjåk) var lærar, underoffiser og lokalpolitikar. Han verka det meste av sitt vaksne liv i Skjåk. Der markerte han seg sterkt som kommunist på 1920-talet. Han gjorde mykje for å betre skulestellet i bygda, og har mykje av æra for at det kom i gang realskule i Lom og Skjåk. Han var målmann, og arbeidde for språkskifte til nynorsk i kommunen. I april 1940 stilte han som befal for lokale frivillige til motstand mot invasjonstroppane. Under okkupasjonen vart han arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen. Han vart også arrestert av Gestapo ved eit seinare høve. Wågen var handlekraftig, etter måten sjølvmedviten og hevda klåre meiningar. Han må seiast å ha vore ein omstridd person i Skjåk, iallfall i tida før krigen. Det hekk mykje saman med dei radikale politiske haldningane hans, men også med sider ved hans personlege livsførsel som folk ikkje tykte høvde så godt til hans rolle som kyrkjesongar, lærar og barneoppdragar.   Les mer …

Magnhild Almhjell i 1948.
Magnhild Havdal Almhjell (18941985) var ein norsk folkemusikkutøvar frå TingvollNordmøre. Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmøre. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mor si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal (18221912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) (18411942), lærte ho mange gamle tonar.   Les mer …

Magnhild og Erik Almhjell i 1948.
Erik Almhjell (18811963) var ein notekyndig spelemann frå SunndalenNordmøre. Erik heldt seg til tyskfela og la stor vekt på å formidle tradisjonen nøyaktig heller enn å satse på moteriktig kappleiksspel. Opptaka av Erik Almhjell åleine og i fleirstemt samspel med sambygdingen Tore Hoås, så vel som notenedskriftene Erik gjorde, utgjer svært sentrale kjelder for sunndalstradisjonen av folkemusikken på Nordmøre. Særleg interessante er opptaka av sunndalsspringaren.   Les mer …

Hovuddelen av Trondheims hovudlen 1647 med Nordmørs fogderi fargekoda. Gjemnes tinglag er lysegrønt.
Gjemnes tinglag var på 1600-talet og utover til tidleg på 1800-talet den rettslege administrative eininga som dekte noverande Kristiansund, indre deler av Eide kommune, vestsida av Aspøya i noverande Tingvoll kommune og noverande Gjemnes kommune med unntak av Angvik og Flemma.   Les mer …

Edvard Langset (9. mars 186712. mai 1924), òg kjent under pseudonymet «Ola Vonheim», var ein forfattar, lærar, folkeminnesamlar og målmann som i dag er mest kjent for boka Folke-eventyr fraa Nordmør (1921). Edvard Langset vart fødd i 1867 på Langset i daverande Straumsnes kommune (no i Tingvoll kommune) på Nordmøre av foreldra Eli Olsdotter Langset og Ole Gundersen Langset. Han var ein aktiv forfattar og skribent og gav ut i alt 13 bøker i si levetid.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Tingvoll kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Tingvoll kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar