Forside:Tinn kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. jan. 2016 kl. 15:44 av Cnyborg (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
Notodden •  • Sauherad • Tinn • Hjartdal • Nome

Om Tinn kommune
0826 Tinn komm.png
Tinn kommune ligg i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord og aust mot Buskerud fylke (kommunane Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg), i vest og sør mot telemarkskommunane Vinje, Seljord, Hjartdal og Notodden. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare Hovin herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Det opphavlege Tinn herad frå 1838 fall saman med Tinn prestegjeld, som da bestod av sokna Hovin, Atrå, Mæl og Dal. Hovin sokn vart skilt ut frå Tinn og lagt til Gransherad i 1860. Tinn kommune omfattar Rjukan by, industristad og kommunesentrum. Rjukan har ein eigen plass i historia om motstandsrørsla under andre verdskrigen, spesielt på grunn av Tungtvassaksjonen i 1943, og fordi ei rad av dei fremste motstandsfolka kom frå Rjukan, deriblant Gunnar Sønsteby. Med sine ca. 3300 innbyggjarar (2012) har byen godt og vel halvparten av befolkninga i kommunen. Andre, mindre tettstader eller bygdesentra er Miland, Atrå, Austbygde og Hovin. Kommunen forandra sterkt karakter da Rjukan-fossen vart utbygd og Norsk Hydro etablerte verksemd i Vestfjorddalen tidleg på 1900-talet. Framleis er det ein god del jordbruk og skogbruk i kommunen, og kommunen omfattar store høgfjellsområde, mellom anna med søraustre delen av Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn, rett opp for Rjukan. Før jordbruket vart mekanisert, var Tinn kjent for sine mange ljåsmedar. Bygda er elles kjend for folkekunst, særleg felespel og rosemåling.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Theodor Damm Møinichen
Foto: Agderposten 1957

Theodor Damm Møinichen var født i 1872 og døde i Arendal i 4. juli 1957. Møinichen var politimester på Rjukan og i Arendal.

Disse glimtene fra hans liv speiler dels hans egne holdninger, men også krevende situasjoner og en rolleutførelse i tråd med forventningene fra hans overordnete. Men ofte var han midt i lokalsamfunnets mange spenninger og konflikter.   Les mer …

Nils Roth Heyerdahl.
Foto: Ukjent, henta frå Studenterne fra 1881. Biografiske meddelelser samlet i anledning av deres 25-aars studenterjubilæum. (1906)
Nils Roth Heyerdahl (fødd i Vadsø 31. januar 1862, død i Oslo 19. mars 1956) var teolog og verka som kapellan og sokneprest fleire stader i landet: Voss, Sandar, Tinn og Holla. Han var sterkt engasjert i kristeleg ungdomsarbeid. Frå ung alder viste han sterk interesse for landsmål og dialekter, og han gav ut ei samling norske «songar og kvæde». Som teolog og ungdomsarbeidar var han etter alt å dømme påverka av grundtvigianismen.   Les mer …

Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen).
Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.

Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i BergSenja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.

  Les mer …

Snowshoe Thompson fotografert i USA.
Foto: Ukjent
Snowshoe Thompson (1827-1876) - fødd som Jon Torsteinson Rue i Tinn Austbygd – er tvillaust den av alle utvandra tinndølar som har blitt mest berømt i USA. Etter nokre år i USA endra han namnet sitt til John A. Thompson og vart etter skibragdene sine seinare mest kjend som Snowshoe Thompson. I statane California og Nevada er det reist ei rekke minnesmerke og teksttavler til ære for «the mailman and Hero of the Sierra» og området rundt olympiastaden Squaw Valley vart vedtatt å skulle kallast Snowshoe Thompson State Park. Han er truleg den einaste tinndøl som har fått minneord i New York Times ved sin død, og som har blitt heidra med helsing frå president Gerald Ford og guvernør Ronald Reagan på hundreårsdagen for sin bortgang.   Les mer …

Rjukan folkeboksamling i Folkets Hus' lokaler rundt 1916
Foto: Ukjend fotograf/Rjukan bibliotek
Rjukan folkeboksamling åpnet dørene for publikum 7. november 1914 i leide lokaler i Folkets Hus. Biblioteket ble etter kort tid et viktig kulturelt samlingssted for alle grupper på Rjukan. I løpet av 10 år var det et av landets mest besøkte bibliotek i forhold til folketallet. Fra etableringa i 1914 var Rjukan folkeboksamling benevnelsen. I 1922, tre år etter at Dal sogn overtok driften, ble det bestemt å benytte Rjukan off. bibliotek. I 1955 kom ønsket om å sløyfe off., og fra 1. januar 1956 har det offisielle navnet vært Rjukan bibliotek. På Rjukan bibliotek finnes en interessant samling med monografier, tidsskriftrekker, småskrifter, osv. som tar for seg ulike sider ved arbeiderbevegelsen. Det Røde Bibliotek inneholder ca 10 000 publikasjoner. Hoveddelen er fra mellomkrigstida med et stort innslag av tysk-, engelsk- og franskpråklig litteratur. Det mest verdifulle i samlinga er tidskriftrekka Sozialistische Auslandspolitik, som ble utgitt av tyskeren Rudolf Breitscheid fra 1915-1918.   Les mer …

Konservator Naty Svingjom Bjørshol sammen med Olav Grimdalen. Lårdal bygdemuseum 1991.

Naty Aasne Svingjom Bjørshol (født 22. september 1918, død 29. april 2010) var magister i etnologi. Hun ble født på Rjukan som det sjette og yngste barnet til Aslak Olavsson Svingjom (1877-1948) og Signe Jørensdotter Aaren (1876-1966) fra Åmotsdal. Foreldrene drev forretning på Rjukan.

Naty Aasne utdannet seg ved universitetet med klassisk arkeologi, kunsthistorie og etnologi i fagkretsen. I studietiden arbeidet hun med registreringsarbeid både ved Nasjonalgalleriets håndtegning- og kobberstikksamling, og ved Kunstindustrimuseet.

Magistergradsavhandlingen hennes var om Norske gårdsstaller, og hennes prøveforelsening var om finnekulturen i Sør-Norge.Hun giftet seg i 1961 med designeren Arnulf Bjørshol (1921-1980) og bodde og arbeidet i Oslo blant annet i kirke- og undervisningsdepartementet som personlig sekretær for statsråd Birger Bergersen i hele hans funksjonstid og i norsk kulturråd. Hun var Kirkedepartementets representant i Norsk Kulturråd. Her fungerte hun som sekretær bl.a. for Folkekunstutvalget Utvalg for samisk kultur og Norske Kunst-og kulturhistoriske museer: Om stillingsstukturen ved norske halvoffentlige museer.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Tinn kommune
 
Andre artiklar