Forside:Tustna

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal
TIDLIGERE KOMMUNE: TustnaStemshaug

Om Tustna
Satellittfoto av den tidlegare Tustna kommune. Tustna er den store øya kring midten og til venstre i bildet.

Tustna var den største og mest folkerike øya i den tidlegare Tustna kommune. Sidan kommunesamanslåinga den 1. januar 2006 har øya vore ein del av Aure kommune. Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på» + akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:

  • «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
  • «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)

Namnet vart oftast skrive Tusterendansk1800-talet. På nederlandske kart og bøker frå 1600-talet finst namnet i forma Toster Poster, Ooster Poster og Toester. Det er vel rimeleg å tenkje seg at Toster Poster er ei feiltolking av ei (ukjent) eldre kjelde med namn Toster Þoster. Ein antek at namnet kjem av norrønt Þústr (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Dalan kring 1935
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] (dativ)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommuneNordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka. Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare vart det sett opp kvennhus òg, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen. Både kvennhuset og saga vart rivne kring 1870. Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte.   Les mer …

Satellittbilde av Stabblandet frå NASA World Wind.
Stabblandet er ei fjelløy i den tidlegare Tustna kommune, som frå 1. januar 2006 vart samanslegen med Aure kommune. Stabblandet ligg mellom øya Tustna over Sålåsundet i vest og øya Ertvågsøya over Imarsundet i aust. Rett nordom Stabblandet ligg øya Solskjel, og i sør grensar Stabblandet til Vinjefjorden og til Halsa kommune på fastlandet. Det er to fjellkjeder på Stabblandet, den kompakte Innerbergssalen/Stabben langsetter vestsida av øya og fjella Storøra og Litløra som fortset i ein mindre bergrygg langsetter austsida av øya. Mellom desse ligg dalen Soleimsdalen.   Les mer …

En ferietur til Møkkelfjellet i Valsøfjord av Ole A. Alsvik. Til tross for at jeg nu er 81 år gammel har jeg i sommer hatt min første virkelige sommerferie, og i den anledning tok jeg mig også en fottur for å besøke de forskjellige steder, hvor jeg har opholdt mig og hatt mitt arbeide, i manndoms- ungdoms- og barndomsår. Og turen blev så interessant for mig, at jeg fann på å skrive ned mine erindringer om turen, — og her er de: Fra mitt nuværende hjemsted, LeiraTustna, gikk turen en søndag nordover med skyss fra Gullstein til Vingsnesvågen, hvor jeg kjøpte mig mat og kaffe og fortsatte siden tilsjøss østover til Foldfjorden.   Les mer …

Hammarsunda på Tustna i april 2014.
Foto: Olve Utne
Trefningane den 8. og 9. april 1537 var dei siste trefningane mellom den flyktande erkebiskopen av Nidaros. Olav Engelbrektsson, og den danske militærmakta ved Norskekysten. Det er uklart om denne trefninga fann stad i HammarsundaTustna eller i SveggesundetAverøya. Den aller siste trefninga fann stad ute i Nordsjøen dagen etter, den 10. april. Olav Engelbrektsson la ut frå Steinvikholmen med dei tre nederlandske skipa med leigesoldatar den 1. april, og dei segla ut Trondheimsfjorden og plyndra Austrått. Dei segla så utover Trondheimsleia. Ved trefninga omkom Herman buskut den 8. april, og Hubert skipmand omkom den 9. april. Skipa segla så utover Nordsjøen, der det kom til trefningar att den 12. og 17. april.   Les mer …

Tustnas kommunevåpen vart nytta frå 1988 til 2005.
Tustna kommune er ein tidlegare kommune på Nordmøre. Tustna vart utskilt frå Edøy formannsskapsdistrikt som eige formannsskapsdistrikt den 1. januar 1874 i samband med at Gullstein kyrkje vart bygd og Tustna, som inntil da hadde lege under hovudsoknet av Edøy prestegjeld vart utskilt som eige sokn og lagt til Halsa prestegjeld. Tustna formannsskapsdistrikt inkluderte øyane Golmøya, Tustna, Solskjelsøya, Stabblandet og vestsida av Ertvågsøya med unntak av Vinsternes. Den delen av kommunen som låg på Ertvågsøya vart lagt til Aure kommune den 1. januar 1965. Tustna kommune vart samanslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.   Les mer …

Fuglsnes og Litløra sett frå ViaviknesetErtvågsøya.
Foto: Olve Utne

Fuglsnes (IPA ['fʌ:ʂˌnes:ɜ], dat. ['fʌ:ʂˌnes:a]), òg skrive Fugelsnes, er ein matrikkelgardStabblandet i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Blomtua i sør og Hola i nord. Indre Fuglsnes låg som alsgard under bnr. 2 av Indre Fuglvågen på Ertvågsøya frå 1761 til tidleg i 1820-åra. I 1841 kjøpte Ola Johannesson Ørbog, som hadde vore gardmann på Indre Fuglsnes sidan han vart gift med enkja der i 1834, Ytre Fuglsnes av Peder Foss i Karlsvika som tilleggsjord.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tustna
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar