Forside:Tysnes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Tysnes kommune
1223 Tysnes komm.png
Tysnes kommune er ein kommune og ei øygruppe i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), litt sør for Bergen med eit samla areal på 255 km². Øya Tysnes utgjer hovuddelen av arealet til kommunen, dei største øyene elles er Reksteren, Skorpo, Seløya og Ånuglo. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen sentrum er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Kommunen grensar i aust mot Kvinnherad, i nord mot Bjørnafjorden, og i vest mot Austevoll, Fitjar og Stord kommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Johannes Tvedt (1847-1943).
Foto: Norske lensmenn, 1950.
Johannes Tvedt (fødd 1847 i Kvinnherad, død 1943) var frå Omvikedalen i Kvinnherad, son åt fanejunker og bonde Johannes Tvedt og halvbror av diktaren Jens Tvedt. Han kom til Tysnes som lensmann i 1881 og sat i embetet til 1918. Johannes Tvedt var elles ein særs aktiv person som tok del på ei rekkje område i bygdelivet, og framleis vert hugsa som ein markant person. Etter skulegong på Halsnøy var han ei kort tid handelsbetjent i Haugesund. Så fekk han ei stilling som amtsfullmektig i Nordre Bergenhus nokre år, busett i Leikanger i Sogn, før han i 1873 vart tilsett som kontorist på futekontoret på Hamarhaug, som den gongen høyrde til Tysnes, i dag Kvinnherad.   Les mer …

Tysnes Sparebank heldt til i dette bygget frå 1959, og flytta på 1980-talet i eit nybygg like ved.

Tysnes Sparebank vart etablert i 1863 som eit lokalt føretak, etter mønster av liknande bygdebankar som vart oppretta i byrjinga av 1860-åra. Desse bankane kunne koma i stand på ymse vis. Stundom var det eit privat tiltak som tok initiativ, i andre tilfelle var det kommunestyret som kom inn i biletet. For Tysnes Sparebank sitt vedkomande var det heradstyret i Tysnes som stod for opprettinga.

Tysnes Sparebank har fram til dei aller seinaste åra vore ei av dei få frittståande bankane i Noreg. Ved utgongen av januar 2013 passerte banken sin forvaltningskapital 1 milliard kroner. Banken er i dag tilslutta Eika Gruppen.   Les mer …

Herman Olai Hermandsen (1827-1882).
Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad.   Les mer …

Claus Pavels Riis med svoger og svigerinne.
Claus Pavels Riis (fødd i Bergen 19. februar 1826, død i Mandal på reise 8. oktober 1886) var forfattar, gardbrukar og hagebruksmann. Han var amtsgartnar i Søndre Bergenhus amt 1860-1864. Som forfattar er han mest kjend som representant for studentdiktinga i Christiania i 1840-åra, med viser og lette komediar som dei viktigaste uttrykksformene. Studentkomedien Til Sæters var fyrste gong oppført på Christiania Theater i 1850, og seinare mykje brukt som spelstykke i frilynde ungdomslag. Claus Pavels Riis er forfattaren bak teksten til songen “Anne Knutsdotter”. Han budde i mange år (1855-1882) på øya Tysnes i Sunnhordland, der han dreiv ein større gard med tittel av “proprietær”, og henta mykje inspirasjon frå Sunnhordland. Claus Pavels Riis hadde oppveksten sin i Bergen. Han var son av Boye Christopher Riis og hans fyrste kone Marianne Sophie Pavels. Faren var justitiarius ved Bergen stiftsoverrett. Morfaren var Claus Pavels, som var slottsprest på Akershus frå 1805 og biskop i Bergen frå 1817. Claus Pavels Riis gav seinare ut morfarens sjølvbiografi og delar av dagbøkene hans, noko som med seinare kompletterte utgåver har vorte eit sentralt kjeldemateriale til politiske tilhøve og kulturhistoria i tida rundt 1814.   Les mer …

Postkort frå Onarheim, poststempla i 1908.
Onarheim er ein kyrkjestad og tidlegare adeleg setegard på øya Tysnes i Tysnes kommune, Sunnhordland. I mellomalderen heldt St. Olavsgildet til her, i dag kjend som Onarheimsgildet. Garden er kjend sidan 1100-talet, då Erling Skakke heldt tingsamling på Onarheim. På 1200-talet budde hovdingen Sigurd her. Sigurd på Onarheim var ein av dei fremste mennene i kongeriket, som lagmann på Gulatinget og rådgjevar for den unge Håkon Håkonsson. Etterkomarane hans styrte den store garden godt, med alt som fanst av arbeid, bygningar, drenger og tausar. Det vart drive både med fiske og skogshogst.   Les mer …

Flyfoto over Våge på Tysnes, teke ein solskinsdag i august 1961.
Foto: Ukjend
Våge er den største tettstaden i Tysnes kommune og det viktigaste trafikknutepunktet på øya, med ferjeruter til Halhjem sør for Bergen. Bygda er samstundes det merkantile tyngdepunktet i kommunen. Det er også her ein finn ungdomsskulen, fleirbrukshall og flest kulturelle aktivitetar. Innbyggjartalet er 524 personar pr 2006. Våge er eit usamansett naturnamn og har med ordet ”våg” å gjera, ei nemning som kan sporast tilbake til norrønt og sannsynlegvis endå eldre tid. Namn av denne typen viser gjerne til den aller eldste busetnaden i eit område. Det tyder såleis på at garden Våge må vera ein svært gammal gard.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tysnes kommune
 
Andre artiklar