Forside:Tysnes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Tysnes kommune
1223 Tysnes komm.png
Tysnes kommune er ein kommune og ei øygruppe i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), litt sør for Bergen med eit samla areal på 255 km². Øya Tysnes utgjer hovuddelen av arealet til kommunen, dei største øyene elles er Reksteren, Skorpo, Seløya og Ånuglo. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen sentrum er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Kommunen grensar i aust mot Kvinnherad, i nord mot Bjørnafjorden, og i vest mot Austevoll, Fitjar og Stord kommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Utlånsprotokoll for Tysnes folkeboksamling, 1940-talet.
Tysnes folkebibliotek høyrer heime i Tysnes kommune, Hordaland. Det var eit av dei siste biblioteka i Hordaland som framleis heldt på den gamle strukturen med små bygdebibliotek spreidd som filialar rundt om i kommunen. Først i 2002 vart denne ordninga avvikla. Tysnes folkebibliotek er i dag eit av dei åtte Sunnhordlandsbiblioteka, der mykje av drifta i tillegg til den ordinære bibliotekverksemda har vore konsentrert rundt lokalhistorie, i samarbeid med Tysnes Sogelag. Biblioteket arbeider også med å ta vare på den kulturelle arven etter forfattaren og lokalhistorikaren Johannes Heggland. Biblioteksjef sidan 1998 har vore Knut Rage, som i desse åra har leia Tysnes folkebibliotek frå å vera ei av dei aller siste «gode gamle» folkeboksamlingane i Hordaland til det moderne biblioteket det er i dag.   Les mer …

Onarheimskyrkja då ho stod nybygd i 1893.

Onarheim kyrkje i Tysnes kommune vert første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men mellomalderdelen som stod fram til 1819, må ha vore monaleg eldre. I 1820 vart kyrkja rive, berre koret vart ståande att. Fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893, låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje utan tårn. I 2011 vart kyrkja kulturkyrkje i Tysnes, og ei rekkje gjenstandar frå den eldre kyrkja er stilt ut. I dokument frå 1686 og 1721 vert dei delane av kyrkja som må vera dei delane som stamma frå mellomalderen, oppgjevne til å vera 15 alen lang x 19 alen lang, dvs. 9.4 x 11.9 m. Breidden vart i 1721 oppgjeve til å vera 16 alen (10 m). Om ein skal samanlikna med andre mellomalderkyrkjer i Sunnhordland, vil dette seia at kyrkjerommet var noko mindre enn skipa i Fitjar og Moster, men større enn i Stødle kyrkje i Etne.

I det tidsrommet Onarheimsgildet eksisterte, var kyrkja også gildet si kyrkje. Ho må såleis ha stått sentralt under olsokfeiringa, og skal då også ha bore namnet Olavskyrkja, vigd til Olav den heilage.   Les mer …

Tysnes Sparebank heldt til i dette bygget frå 1959, og flytta på 1980-talet i eit nybygg like ved.

Tysnes Sparebank vart etablert i 1863 som eit lokalt føretak, etter mønster av liknande bygdebankar som vart oppretta i byrjinga av 1860-åra. Desse bankane kunne koma i stand på ymse vis. Stundom var det eit privat tiltak som tok initiativ, i andre tilfelle var det kommunestyret som kom inn i biletet. For Tysnes Sparebank sitt vedkomande var det heradstyret i Tysnes som stod for opprettinga.

Tysnes Sparebank har fram til dei aller seinaste åra vore ei av dei få frittståande bankane i Noreg. Ved utgongen av januar 2013 passerte banken sin forvaltningskapital 1 milliard kroner. Banken er i dag tilslutta Eika Gruppen.   Les mer …

Herman Olai Hermandsen (1827-1882).
Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad.   Les mer …

Postkort frå Onarheim, poststempla i 1908.
Onarheim er ein kyrkjestad og tidlegare adeleg setegard på øya Tysnes i Tysnes kommune, Sunnhordland. I mellomalderen heldt St. Olavsgildet til her, i dag kjend som Onarheimsgildet. Garden er kjend sidan 1100-talet, då Erling Skakke heldt tingsamling på Onarheim. På 1200-talet budde hovdingen Sigurd her. Sigurd på Onarheim var ein av dei fremste mennene i kongeriket, som lagmann på Gulatinget og rådgjevar for den unge Håkon Håkonsson. Etterkomarane hans styrte den store garden godt, med alt som fanst av arbeid, bygningar, drenger og tausar. Det vart drive både med fiske og skogshogst.   Les mer …

Garden Lilleheie på Tysnes i Sunnhordland.
Foto: Kopiert frå Mindernes bok, 1939.
Lilleheie er ein gard i Uggdal i Tysnes kommune, Sunnhordland. Frå denne garden utvandra i 1890-åra ein heil familie til USA som skulle koma til å setja sitt preg på det norskamerikanske miljøet. På folkemunne har det vorte sagt at ingen annan einskild norsk familie har hatt ei slik innflyting på det amerikanske samfunnet som nett Lilleheie-folket. Av dei sju sønene som kom til Amerika, utan andre kunnskapar enn det vesle dei hadde fått med seg frå ein landsens bygdeskule, vart fleire akademikarar og forfattarar, innan fag som medisin, språk, filosofi og teologi. Frå desse har det gått ut fleire generasjonar vitskapsfolk, akademikarar og prestar - mellom dei dr. C. Walton Lillehei, som var den første kirurgen i verda som utførte ein open hjarteoperasjon.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Kategoriar for Tysnes kommune
 
Andre artiklar