Forside:Tysnes kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Voss • Hardanger
Etne • Sveio • Bømlo • Stord • Fitjar • Tysnes • Kvinnherad

Om Tysnes kommune
1223 Tysnes komm.png
Tysnes kommune er ein kommune og ei øygruppe i Hordaland fylke, litt sør for Bergen med eit samla areal på 255 km². Øya Tysnes utgjer hovuddelen av arealet til kommunen, dei største øyene elles er Reksteren, Skorpo, Seløya og Ånuglo. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen sentrum er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min. Kommunen grensar i aust mot Kvinnherad og Fusa kommunar, i nord mot Os kommune, og i vest mot Austevoll, Fitjar og Stord kommunar.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Uggdalseidet med landhandelen til Ole Våge. Flyfoto frå 1961.
Uggdalseidet er eit bygdelag i Tysnes kommune, tidlegare kalla Opdalseidet - kommunesenter, industri- og bustadområde. Bygdesenteret Uggdalseidet har to tyngdepunkt og eit langstrakt preg. Grovt sagt ligg kommunesenteret - med offentlege bygg - i nord (på Myklestad) og bustadområdet - med næringsverksemder - i sør (på Eie). Mellom ytterpunkta er det ein avstand på nesten to km. - frå Eiavikjo til Reiso. Namnet på bygdesenteret er ein konstruksjon frå seinare tid. Men lekkjen -eidet kjem frå det daglegdagse namnet på området mellom Kyrkjevatnet og Eiavikjo, som på folkemunne vert omtala som Eie. I skriftlege kjelder vert området på Myklestadsida av elva ved fleire høve kalla Myklestadeidet, m.a. så tidleg som i 1845.   Les mer …

Herman Olai Hermandsen (1827-1882). (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)
Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad.
På biletet ser me huset han bygde til seg sjølv og familien. Tysnes Sparebank heldt til i dette huset dei første sytten åra. (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)
I desse åra då alt gjekk så godt var det mest ingen grenser for ambisjonane hans. Han engasjerte seg i utruleg mange verksemder, sat som ordførar 1854-61 og 1874-81 og sikta seg også inn mot Stortinget – slik sonen Thomas skulle koma til å gjera seinare. Men så gjekk det gale. Hausten 1882 forsvann Hermandsen, på dampskipet frå Bergen til Tysnes. Det har vore rekna med at han sprang over bord. Det viste seg såleis at det var uorden i rekneskapane til banken, der han sat som kasserar. Han hadde «lånteke» ein god del pengar – og sjølvmordet var mest ikkje til å unngå i den klemma han var hamna i, sjølv om ein pålitande tysnesing meinte at han seinare hadde sett han i Amerika. Trass i underslaget vart Hermandsen hugsa som ein respektabel mann blant folk på Tysnes. Også «madammen» hans hadde eit godt omdøme mellom folk. Ho betalte seinare tilbake alt ho kunne greia av underslaget. Dermed vart Hermandsen sitt storslåtte prosjekt i Gjersvik avvikla og enkja flytta til Bergen.   Les mer …

Tysnes Rundt 2006
Tysnes kystlag blei stifta 1992, er medlem av Forbundet KYSTEN og har om lag 70 medlemmer (2014). Båtbrygging og bruk av robåt er laget sin kjerneverksemd. Kystlaget har lokalar på handelstaden Årbakka, der det har vore handelsstad med krambu og postopneri frå slutten av 1800-talet og fram til 1960 då verksemda vart nedlagt. Laget leigar det midtre huset der, i fyrste etasje har kystlaget eit slags museum, det er det motorar og ymse sakar frå heilt til bake til seglskutenes tid og i andre etasje har møtelokal. På kaia ved Flakkavåg ligger eit båtbyggjeri som kystlaget leig til sine båtbryggjerkurs. Med Harald Dalland (1945 - 2014) i spissen har kystlage arrangert kurs sida 1995 og det har i alt har det vorte bygd om lag 50 båtar.   Les mer …

Postkort frå Onarheim, poststempla i 1908.
Onarheim er ein kyrkjestad og tidlegare adeleg setegard på øya Tysnes i Tysnes kommune, Sunnhordland. I mellomalderen heldt St. Olavsgildet til her, i dag kjend som Onarheimsgildet. Garden er kjend sidan 1100-talet, då Erling Skakke heldt tingsamling på Onarheim. På 1200-talet budde hovdingen Sigurd her. Sigurd på Onarheim var ein av dei fremste mennene i kongeriket, som lagmann på Gulatinget og rådgjevar for den unge Håkon Håkonsson. Etterkomarane hans styrte den store garden godt, med alt som fanst av arbeid, bygningar, drenger og tausar. Det vart drive både med fiske og skogshogst.   Les mer …

Garden Lilleheie på Tysnes i Sunnhordland.
Foto: Kopiert frå "Mindernes bok", 1939.
Lilleheie er ein gard i Uggdal i Tysnes kommune, Sunnhordland. Frå denne garden utvandra i 1890-åra ein heil familie til USA som skulle koma til å setja sitt preg på det norskamerikanske miljøet. På folkemunne har det vorte sagt at ingen annan einskild norsk familie har hatt ei slik innflyting på det amerikanske samfunnet som nett Lilleheie-folket. Av dei sju sønene som kom til Amerika, utan andre kunnskapar enn det vesle dei hadde fått med seg frå ein landsens bygdeskule, vart fleire akademikarar og forfattarar, innan fag som medisin, språk, filosofi og teologi. Frå desse har det gått ut fleire generasjonar vitskapsfolk, akademikarar og prestar - mellom dei dr. C. Walton Lillehei, som var den første kirurgen i verda som utførte ein open hjarteoperasjon.   Les mer …

Kvinner frå Tysnes i Sunnhordland med svarthuve. Biletet er teke ca. 1920- eller 1930-åra. Gyri Vevatne (1856-1936) og søstera Anna (1860-1937).

Svarthuve, også kalla Tysnes-huve, var eit hovudplagg for kvinner som var mykje nytta på Tysnes i Sunnhordland på 1800-talet og fram til ca. 1930-åra. Huva vart brukt til kvardags og helg. Huvene var laga av ulltøy, klede eller vadmål, og fôra med lerret, ullflanell eller anna stoff. Til stor stas kunne det vera fløyelshuver.

Huva er sett saman av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde bak kunne vera frå omlag 26 til 36 cm. Fram- og bakstykket er sydd saman med maskin, eller med atterstyng for hand på dei eldste huvene. Sårkanten er synleg inni huva. Huva er kanta nede med eit smalt band, som også er løpegang for snor til å regulera vidda på huva.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Tysnes kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar