Forside:Umesamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. mar. 2017 kl. 15:24 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Olve Utne flyttet siden Forside:Umesamer til Forside:Umesamisk historie og kultur)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Umesamisk historie og kultur
Foto: Olve Utne
(2012)

Umesamar er eit hovudsaklig skogssamisk folk som har det tradisjonelle området sitt frå LyckseleHemnes i sørvest og nordetter til Arvidsjaurs kommun og dei sørlige skogsbygdene av Arjeplogs kommun. Språket deira er tradisjonelt umesamisk. Umesamisk er totalt utdøydd i Norge, men blir snakka av nokre få menneske i Sverige. Det er etablert ei de facto rettskriving, og revitaliseringsarbeidet er i full gang. Den umesamiske drakttradisjonen ligg, som hos pitesamane i nord og sørsamane i sør, til den sørsamiske hovudtradisjonen. Særlig vanlige trekk i byggjeskikken er dimbargåedieh (lafta tømmerkåter), som òg er ein del bruka blant pitesamane.   Les mer ...

 
Smakebitar
Saemien Sijte.
Foto: Olve Utne (2011)

Saemien Sijte - sørsamisk museum og kultursenter i Snåsa er et sørsamisk spesialmuseum med samlinger som dekker distriktene fra Femunden til Saltfjellet, inkludert sørsamisk kultur i snevrere forstand så vel som tidligere umesamisk kultur. Organisasjonen Saemien Sijte ble etablert som en kulturforening i 1964, og hadde i startfasen som hovedmål å realisere planen om et samisk kulturhus med en samling av bruksting, samiske bygninger/husvær og andre ting av kulturell og historisk interesse som kunne gi et bilde av sørsamisk liv og historie. Byggeprosessen tok lang tid, men dagens lokaler ble endelig ferdigstilt i 1979 og offisielt innviet den 3. november 1980. Det viste seg snart at plassbehovet i praksis var større enn det bygningen kunne romme, bl.a. på grunn av behov for flere faglige ansatte. I statsbudsjettet for 2019 er det etter mange års arbeid satt av midler til nybygg.

Museet driver systematiske registreringer av faste kulturminner og innsamling av foto. Katalogen over gjenstandene er ordnet kronologisk. Materialet fra registreringen av faste kulturminner er behandlet elektronisk, og en kan søke ut opplysninger på flere stikkord. Kopier av materialet er tilgjengelig. Museet har fotosamling som består av ca. 1200 bilder tatt fra slutten av 1800-tallet og fram til i dag. Motivene omfatter sørsamisk kultur, reindrift, landskap og portretter, og gjelder det sørsamiske området fra Saltfjellet i nord til Engerdal i sør og tilsvarende områder på svensk side. Materialet er systematisk ordnet. Filmene kan lånes ut.   Les mer …

Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk.
Foto: Olve Utne
Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Noreg har det blitt snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur og Malå kommunar såvel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. Den moderne umesamiske rettskrivinga vart godkjent av Sametinget i Sverige den 26. februar 2014 og vart med det godkjent som skriftspråk.   Les mer …

Lexicon Lapponicum vart skrive av Erik Lindahl, Johan Öhrling og Johan Ihre og utgjeve første gongen i 1780. Språkforma i Lexicum Lapponicum er hovudsaklig umesamisk, men med trekk frå sørsamisk med si manglande stadieveksling på den eine sida og pitesamisk og lulesamisk med sine enklare kasusendelsar, og tildels òg ordforråd, på den andre. Rettskrivinga er, i motsetning til den tidligare etablerte rettskrivinga til Knud Leem,[1] sterkt prega av ei stilisering etter latinsk mønster, noko som fører til at teksten tildels kan vera vanskelig å lesa. Både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd ser ut til å vera heilt fråverande.   Les mer …

Pitesamisk dimbargåhteSkeppsholmen i Arjeplog.
Foto: Olve Utne
Ei tømmerkåte (svensk timmerkåta), pitesamisk dimbargåhte, er ein hovudsaklig skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det ofte lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. Tømmerkåter er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland. Ei moderne utgåve av den samiske tømmerkåta blir produsert under namnet «grillkåte» eller «grillhytte».   Les mer …

Svensk Lappland med nyare tids utstrekning av Pite lappmark vist i lys oransje.
Pite lappmark er ei historisk såkalla lappmark kring Pite älv i Lappland i Norrbottens län i Sverige. I vår tid omfattar Pite lappmark dei noverande kommunane Arjeplog, Arvidsjaur og Malå. Hovuddelen av Arjeplog så vel som nordlege og vestlege delar av Arvidsjaur er pitesamisk område, medan resten av Arjeplog, Arvidsjaur og Malå språkleg og kulturelt hører til det umesamiske området. Først på 1600-talet omfatta Pite lappmark dei historiske samebyane Luokta (òg skrive Lockteå o.a.), Arvidsjaur, Semisjaur og Laisbyn. Den sistnemnte byen strekte seg ned langs fjellkjeda heile vegen til Frostviken i Jämtland, som viser at Pite lappmark altså tidlegare hadde ei betydeleg større utstrekning enn i seinare tid. Luokta tyder ‘vika’, men kva for ei vik som gav byen namnet sitt er ukjent. Arvidsjaur er oppkalla etter ein sjø med same namnet, medan Semisjaur kjem av sjøen Sebnejaure sørom Uddjaur. Laisbyn kan ha fått namnet sitt anten etter Laisälven, sjøen Stor-Laisan i Arjeplog eller kanskje den litle sjøen Laisan ved Tärna kyrkje i noverande Lycksele lappmark.   Les mer …

 
Kategoriar for Umesamisk historie og kultur
ingen underkategorier
 
Andre artiklar
 
  1. Leem, Knud: Lexicon Lapponicum bipartitum, Lapponico-Danico-Latinum & Danico-Latino-Lapponicum. Utg. Impensis Seminarii Lapponici Fridericiani. 1768. Digital versjonNettbiblioteket.