Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Jern- og metallvareindustri står sterkt i kommunen. Vik Ørsta, tidlegare Hydro Aluminium, er hjørnesteinsbedrift. Det er óg anna industri, mellom anna møbel- og maskinindustri. I landbruket finn ein mest husdyrhald, særleg småfe og geit. På Vangsnes og i Fresvik er det ein del fruktdyrking. Les mer ...
Smakebitar fra artiklar
Stølsdrift på Dalsetet, slutten av 1940-talet. Brynhild Tjønn med borna Gyda og Magnar på Bruasetet. Margit Tveit og Gunhild Dale, budeier Dalsetet
Foto: ukjent/foto privat
Stølsdrifta i Nyasetdalen - Feios vart drive av gardane Tjønn, Tveit og Dale. Frametter Feioselvi, Vik kommune i Sogn, ligg setervollane som «perler på ei snor». Nokre av stølshusa ligg der framleis, men på Dalsetet, som ligg på ein høgde i dalen, er det berre grunnmurane tilbake. Les mer …
Kopi av Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde
Leikangerkrusifikset er eit kunstverk frå tidsepoken 1120 -1150. Det har sitt opphav frå Rinde stavkyrkje som vart riven i 1866, og krusifikset vart sendt til Bergen Museum i desember 1864 og mottatt der i februar 1865. Soknekyrkja i Feios har truleg vore ein del av Leikanger prestegjeld frå reformasjonen. Denne reforma vart vedtatt i 1536 av kong Christian III i det dansk-norske riket, og gjennomført i 1537. Men krusifikset kom fram på kyrkjeloftet under rivingsprosessen av Rinde stavkyrkje. Les mer …
Smia på Brennene.
Foto: Margrete Berge Feidje
Smia på Brennene i Feios, Vik kommune, var den største ljåsmia i Sogn. Den fyrste me kjenner til som brukte smia var Brenne-Jo, Jon S. Dræge. Han var smed på Brennene på 1870-tallet. Gudvin Tveit dreiv smia fram til 1940-tallet.
Me reiste opp på Brennene for å intervjua Jostein Tveit. Jostein er einebarn og son til Gudvin og Milla Tveit. Saman med kona Anna Tveit, har Jostein no ein stor familie. Intervjuet med Jostein Tveit om smia på Brennene er ein del av Feios kulturløype. Les mer …
Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden og er nemnt i kjelder tilbake til 1123, og her ligg Rindestodi som var sentral for kyrkjestaden fordi sjøvegen var viktig. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen. Rinde kyrkjestad låg under bispesetet på Selja fram til 1170, då vart bispesetet flytta til Bergen. Les mer …
Jakob Bøthun.
Foto: Faksimile frå Nesse (1966): Sogn lærarlag.
Jakob Bøthun (fødd 28. januar 1851, død 24. mars 1931) frå Fresvik i Leikanger (no Vik kommune) var lærar, målmann og politikar. Bøthun fekk ein framståande posisjon i styre og stell i Leikanger kommune. Han var medlem og formann i skulestyret i mange år, og han var ordførar i Leikanger 1885-1902. Les mer …