Fossheim (Bykle gnr 15/27)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 10:02 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Fossheim
Gjerden 41b.jpg
Fossheim pr 30.6.2004.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1965
Utskilt: 1965
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 27
Type: Bustadeigedom

Fossheim i Øvre Sarv i Bykle ligg på motsett side av vegen frå Bykle Helsesenter. Ho vart utskilt frå bnr 11 i 1965, då Tarald S. Rygnestad selde henne til A/S Høyer Ellefsen, som sette opp eit bustadhus her.

Ein av dei som budde her i anleggstida skal ha vore ein ingeniør som heitte Leirfall.

Tor Byklum kaupte eigedomen hjå entreprenørselskapet i 1982. Han er frå Innistog og son åt Åsmund D. Byklum på det bruket og kona, Gyro Torsdotter, fødd Trydal.

  • Tor Byklum, f 1942
g hv m Marit Trondsen, Oslo.

Tor har ei dotter som heiter Gro Hilde Byklum, og er fødd i 1986. Mora, som heiter Berit Kåsa, er frå Drangedal, og bur i den bygda. Dottera flutte hit i 2004.

Tor er revisorutdanna, og arbeidde i 17-18 år i det offentlege, mellom anna i likningsvesenet. Etter å ha budd i Oslo og Lørenskog, Lillestrøm og Kristiansand, kom han til Bykle som likningssjef i 1981. I åra 1983 til 1985 var han også ordførar i Bykle. Han var likningssjef til 1986, då han gjekk over til å arbeide som privat næringsdrivande i renovasjonsbransjen. Sidan 1999 har han køyrt buss, og dertil drive med delproduksjon for a/s Bykle Vindu.


0941 Bykle komm.png Fossheim (Bykle gnr 15/27) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Notun • Neste bolk: Soltun