Frederik Adolf Schleppegrell: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
'''[[Frederik Adolf Schleppegrell]]''', (fødd i [[Brunlanes]], nå [[Larvik kommune]], den 28. juni 1792, død i [[Flensburg]] i [[Slesvig]] den 26. juli 1850) var offiser i den dansk-norske og danske hær. I Danmark blir Schleppegrell saman med [[Olaf Rye]] og [[Hans Helgesen]] omtala som [[De tre norske graner]] for sin heltemodige innsats i krigen om Slesvig og [[Holstein]] i 1848-1850. «Granene» inngår i heltegalleriet til både det danske og det norske offiserskorpset. Schleppegrells gate i Oslo og Larvik er oppkalla etter han. Han skal ha hatt som valspråk: «Bedre at være end at synes».

Linje 7: Linje 8:

Frederik Adolf Schleppegrell gifta seg den 2. mai 1828 med baronesse Johanne Jacobine Margrethe Juul (fødd på Lundbæk 24.4.1808, død i Ålborg 17.7.1896). Ho var dotter av baron Christian Frederik Juul til Rysensteen (1779–1842) og Ottilia Becher (1783–1843). Frederik Adolf og Johanne Schleppegrell fekk tre søner. Iallfall to av dei vart offiserar.

== Militær løpebane til 1815 ==
Frederik Adolf Schleppegrell vart elev ved Landkadettkorpset ([[Krigsskolen|Krigsskulen]]) i Christiania som tolvåring i 1804. Han tok offiserseksamen i 1806, og var deretter hjelpelærar ved Krigsskulen til 1807, da han vart [[fenrik]] og [[sekondløytnant]] og tilsett ved farens regiment.
Han utmerka seg i krigen 1808 spesielt i trefningane ved [[Kjellingmo]] og [[Toverud]] den 19. april, og vart [[premierløytnant]] same år ved regimentets nasjonale [[Tinnske kompani]]. Alt året etter vart han overført til det [[Bamleske kompani]] og til regimentets jegerkompani 1810.  I åra 1811-1813 hadde Schleppegrell landmålingsoppgåver i dei to norske grevskapa på oppdrag for [[Rentekammeret]].
Under krigen på seinsommaren 1814 utmerka han seg på nytt i trefninga ved [[Ingedal]] den 3. august.

Sideversjonen fra 5. aug. 2014 kl. 18:00

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Frederik Adolf Schleppegrell, (fødd i Brunlanes, nå Larvik kommune, den 28. juni 1792, død i Flensburg i Slesvig den 26. juli 1850) var offiser i den dansk-norske og danske hær. I Danmark blir Schleppegrell saman med Olaf Rye og Hans Helgesen omtala som De tre norske graner for sin heltemodige innsats i krigen om Slesvig og Holstein i 1848-1850. «Granene» inngår i heltegalleriet til både det danske og det norske offiserskorpset. Schleppegrells gate i Oslo og Larvik er oppkalla etter han. Han skal ha hatt som valspråk: «Bedre at være end at synes».

Familie og oppvekst

Schleppegrell hadde ei meir aristokratisk familietilknyting enn kameratane Rye og Helgesen. Slekta på farssida var av tysk adel, og sjølv vart han inngifta i den danske adelsstand. Faren Otto Heinrich Schleppegrell (1729–1808) var ein innflytta adelsmann og offiser, generalmajor og sjef for Telemarkske regiment. Mora, Cathrine Abigael Zimmer (1750–1836), var dotter til viseadmiral Frederik Zimmer, sjef for Frederiksvern verft.

Frederik Adolf var yngst i ein søskenflokk på fem. Han var fødd og oppvaksen på garden Brunla ved Fredriksvern (Stavern), som faren hadde flytta til i 1760, og der familien budde til nokre år etter farens død i 1808. Garden, ein tidlegare adeleg setegard, låg til godssamlinga til Larvik grevskap, og O.H. Schleppegrell bygsla garden.

Frederik Adolf Schleppegrell gifta seg den 2. mai 1828 med baronesse Johanne Jacobine Margrethe Juul (fødd på Lundbæk 24.4.1808, død i Ålborg 17.7.1896). Ho var dotter av baron Christian Frederik Juul til Rysensteen (1779–1842) og Ottilia Becher (1783–1843). Frederik Adolf og Johanne Schleppegrell fekk tre søner. Iallfall to av dei vart offiserar.

Militær løpebane til 1815

Frederik Adolf Schleppegrell vart elev ved Landkadettkorpset (Krigsskulen) i Christiania som tolvåring i 1804. Han tok offiserseksamen i 1806, og var deretter hjelpelærar ved Krigsskulen til 1807, da han vart fenrik og sekondløytnant og tilsett ved farens regiment. Han utmerka seg i krigen 1808 spesielt i trefningane ved Kjellingmo og Toverud den 19. april, og vart premierløytnant same år ved regimentets nasjonale Tinnske kompani. Alt året etter vart han overført til det Bamleske kompani og til regimentets jegerkompani 1810. I åra 1811-1813 hadde Schleppegrell landmålingsoppgåver i dei to norske grevskapa på oppdrag for Rentekammeret.

Under krigen på seinsommaren 1814 utmerka han seg på nytt i trefninga ved Ingedal den 3. august.