Frederik Motzfeldt

Frederik Motzfeldt (fødd i Skaun 2. november 1779, død i Oslo 2. januar 1848) var jurist med mange embete - sorenskrivar, byfut, høgsterettsdommar, statsrevisor. Han var eidsvollsmann og stortingsmann.

Fr. Motzfeldt 1842. Teikning av C.Olsen.

Bakgrunn og familie

Frederik var son av offiseren Jacob von Motzfeldt (1744-1817) og hans andre kone Sofia Katarina Mühlenphort (ca. 1750-1789). Frederik hadde fire halvsysken frå farens fyrste ekteskap med Johanna Sofia Katarina Heidemann (fødd i Klæbu 1746, død 1776), men berre den eine, Abel Katarina, voks opp, og også ho vart berre femten år gammal. Også fire av Frederiks åtte heilsysken døydde i sitt fyrste leveår. For dei tre andre syskena er i kjelda vår oppgitt berre fødselsår, ikkje kor gamle dei vart.

Åtte år før Frederik var fødd hadde faren kjøpt garden Mo i Skaun, der Frederik voks opp. Da foreldra selde garden igjen i 1796, gjekk Frederik truleg på Trondheim katedralskule, der han vart student i 1798. Han studerte deretter juss i København og tok embetseksamen i 1801.

Frederik Motzfeldt gifta seg i Molde 5. desember 1806 med Anna Cecilie Gørvell (Jervell) (fødd i Uleåborg, Finland 28. februar 1780, død i Christiania 5. januar 1848). Ho var dotter til kjøpmann Josef Jervell og Walborg Hoffrén.

Frederik Motzfeldt var fetter til ein annan eidsvollsmann og kjend politikar, Peter Motzfeldt.

Byfut i Molde 1806-1814

 
Frederik Motzfeldt er gravlagt på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Tittelen Høiesteretsassessor er brukt på gravminnet.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

Som heilt nybakt jurist vart Motzfeldt konstituert byfut i Molde (1802), og seinare konstituert sorenskrivar på Søre Sunnmøre. Frå 1806 til 1814 var Motzfeldt sorenskrivar i Romsdalen og på nytt byfut i Molde (konstituert til 1808).

I Molde hadde Motzfeldt raskt glidd inn i eit godt etablert kondisjonert miljø av embetsmenn og handelsborgarskap, eit miljø med ei allsidig europeisk orientering i danning og interesser, og som ikkje minst dyrka den gode smak. Fleire av dei bygde seg sommarstader ute på landet, og somme flytta også utom byen og budde fast i herskapelege villaer på Fannestranda, bygde og innreidde i pakt med tidas motar i arkitektur og interiør. Snart etter at Motzfeldt hadde kome til byen og gifta seg inn i nettopp desse krinsane der, bygde han sommarbustaden Cecilienfryd, namngjeve etter kona, på ein eigedom han hadde kjøpt frå garden Bjørset.[1] Ein forventa del av dei kondisjonerte sine haldningar, som var trygt planta i opplysningstida sine ideal, var interesse for jordbruk og næringsdrift elels, og det byhistorikar de Seve kallar ein «fysiokratisk patriotisme».

Patriotismen vart sett på prøve på mange vis denne tida. Motzfeldts opphald i Molde fall saman med dei vanskelege krigsåra 1807-1814, og han viste seg som ein energisk og dugande administrator når det gjeld både forsyningssituasjonen og den militære beredskapen. Etter krigsutbrotet 1807 vart det organisert to kompani borgarvæpning i Molde, slik det også hadde vore nokre år tidlegare, og byfuten stod sentralt i dette arbeidet. Byen søkte stiftamtmannen om å få utlevert våpen og ammunisjon. På nyåret 1808 fekk dei gevær og fire kanonar frå arsenalet i Trondheim. Motzfeldt tok etter oppmoding frivillig på seg å vere sjef for kanonbatteriet som vart innretta, og han sytte for at kanonene vart bemanna. Han uttala sjølv at det var «enhver rettskaffen borgers plikt å bidra alt mulig til landets forsvar mot overfallsmennene [England] og disses allierte».[2] Saman med «den meget patriotisk sinnede kjøpmann Lars Dahl» (Motzfeldts ord) fekk byfuten også på same tid (1808) sett i gang ei pengeinnsamling til det nyorganiserte kystvernet.

Vel den største utfordringa denne var å syte for provianttilførsel, sidan kornimporten nær stoppa opp under krigen. Det var byfuten som hadde ansvaret for å organisere «provideringa» i kontakt både med stiftsprovideringskommisjonen i Trondheim og en sentrale kommisjonen i Christiania. Han fekk tildelt korn frå dei statlege magasina, men langt frå tilstrekkeleg. På nyåret 1813 var det direkte naud i byen, og byfuten rasjonerte det magasinkornet som var etter familiestorleiken til dei trengande. På bygdene i omlandet var situasjonen enda vanskelegare. Som i fleire andre byar kom det til folkeoppløp i Molde som følgje av situasjonen. Den 31. mars kom det strøymande bønder inn til byen og forlangte korn utlevert. Motzfeldt fekk roa gemytta ved å ta med seg ein åttemanns deputasjon av bønder for å visitere dei lagra som kunne tenkjast å ha korn, og situasjonen roa seg.

Eidsvoll 1814. Seinare embetskarriere og politisk verksemd

I motsetnad til sin fetter Peter Motzfeldt, gjorde Frederik Motzfeldt visstnok lite av seg som Moldes representant i Riksforsamlinga på Eidsvoll. Han tilhøyrde som fetteren definitivt Sjølvstendepartiet.

Da den norske høgsteretten vart skipa hausten 1814, vart Frederik Motzfeldt utnemnd til dommar (assessor) der, og flytta følgjeleg frå Molde til Christiania. Han var utnemnt av Stortinget til statsrevisor, og verka som det i 24 år frå 1821 til 1845. Han var medlem av riksretten 1821-1822, 1827 og 1836. I 1827 var han vald som fyrste varamann til Stortinget frå Christiania, og måtte møte da representanten hadde forfall. Han var da medlem i tollkomiteen og komiteen for spørsmålet om ein kjøpstad på Opplanda. I 1830 vart han andre representant frå Christiania på Stortinget. Da var han medlem av protokollkomiteen og justiskomiteen.

Referansar

  1. de Seve, N. 1962:353.
  2. Sitert etter de Seve 1962:374

Kjelder og litteratur

  • Koht, Halvdan: Artikkel om Motzfeldt i Norsk biografisk leksikon (1940)
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949. (Oppslag om Jacob Motzfeldt 1743-1817)
  • Rød, Per O.: Skaunaboka. Bind 2. Gards- og ættehistorie. (Under garden Mo.) Skaun kommune 1928.
  • de Seve, Niels: Molde bys historie: I. Før året 1838. Ladested og kjøpstad. Molde kommune, 1962.

Eksterne lenkjer