Frederik Motzfeldt: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(Mellomlagring)
Linje 11: Linje 11:
Frå 1806 til 1814 var Motzfeldt sorenskrivar i Romsdalen og byfut i Molde (konstituert til 1808). Dette var dei vanskelege krigsåra, og Motzfeldt gjorde seg gjeldande som ein energisk og dugande administrator når det gjeld både forsyningssituasjonen og den militære beredskapen.
Frå 1806 til 1814 var Motzfeldt sorenskrivar i Romsdalen og byfut i Molde (konstituert til 1808). Dette var dei vanskelege krigsåra, og Motzfeldt gjorde seg gjeldande som ein energisk og dugande administrator når det gjeld både forsyningssituasjonen og den militære beredskapen.


Han
I Molde hadde Motzfeldt raskt glidd inn i eit godt etablert kondisjonert miljø av embetsmenn og handelsborgarskap, eit miljø med ei allsidig europeisk orientering i danning og interesser, og som dyrka den gode smak. Fleire av dei bygde dei seg sommarstader ute på landet, og somme flytta også utom byen og budde fast i herskapelege villaer på [[Fannestranda]], bygde og innreidde i pakt med tidas motar i arkitektur og interiør. Snart etter at Motzfeldt hadde kome til byen og gifta seg inn i dei danna krinsane der, bygde han sommarbustaden Cecilienfryd, namngjeve etter kona, på ein eigedom han hadde kjøpt frå garden [[Bjørset]].<ref>de Seve, N. 1962:353.</ref> Ein forventa del av danninga i denne krinsen, som var trygt planta i opplysningstida sine ideal, var interesse for jordbruk og næringsdrift elels, og det byhistorikar de Seve kallar ein «fysiokratisk patriotisme».


== Eidsvoll 1814 ==
== Eidsvoll 1814 ==

Sideversjonen fra 20. mar. 2014 kl. 08:32

Frederik Motzfeldt (fødd i Skaun 2. november 1779, død i Oslo 2. januar 1848) var jurist med mange embete - sorenskrivar, byfut, høgsterettsdommar, statsrevisor. Han var eidsvollsmann og stortingsmann.

Bakgrunn og familie

Frederik var son av offiseren Jacob von Motzfeldt (1744-1817) og hans andre kone Sofia Katarina Mühlenpfort (ca. 1750-1789). Frederik hadde fire halvsysken frå farens fyrste ekteskap med Johanna Sofia Katarina Heidemann (fødd i Klæbu 1746, død 1776), men berre den eine, Abel Katarina, voks opp, og også ho vart berre femten år gammal. Også fire av Frederiks åtte heilsysken døydde i sitt fyrste leveår. For dei tre andre syskena er i kjelda vår oppgitt berre fødselsår, ikkje kor gamle dei vart.

Åtte år før Frederik var fødd hadde faren kjøpt garden Mo i Skaun, der Frederik voks opp. Da foreldra selde garden igjen i 1796, gjekk Frederik truleg på Trondheim katedralskule, der han vart student i 1798. Han studerte deretter juss i København og tok embetseksamen i 1801.

Frederik Motzfeldt gifta seg i Molde 5. desember 1806 med Anna Cecilie Gørvell (Jervell) (fødd i Uleåborg, Finland 28. februar 1780, død i Christiania 5. januar 1848). Ho var dotter til kjøpmann Josef Jervell og Walborg Hoffrén.

Byfut i Molde 1806-1814

Frå 1806 til 1814 var Motzfeldt sorenskrivar i Romsdalen og byfut i Molde (konstituert til 1808). Dette var dei vanskelege krigsåra, og Motzfeldt gjorde seg gjeldande som ein energisk og dugande administrator når det gjeld både forsyningssituasjonen og den militære beredskapen.

I Molde hadde Motzfeldt raskt glidd inn i eit godt etablert kondisjonert miljø av embetsmenn og handelsborgarskap, eit miljø med ei allsidig europeisk orientering i danning og interesser, og som dyrka den gode smak. Fleire av dei bygde dei seg sommarstader ute på landet, og somme flytta også utom byen og budde fast i herskapelege villaer på Fannestranda, bygde og innreidde i pakt med tidas motar i arkitektur og interiør. Snart etter at Motzfeldt hadde kome til byen og gifta seg inn i dei danna krinsane der, bygde han sommarbustaden Cecilienfryd, namngjeve etter kona, på ein eigedom han hadde kjøpt frå garden Bjørset.[1] Ein forventa del av danninga i denne krinsen, som var trygt planta i opplysningstida sine ideal, var interesse for jordbruk og næringsdrift elels, og det byhistorikar de Seve kallar ein «fysiokratisk patriotisme».

Eidsvoll 1814

Embetskarriere og stortingsmann etter 1814

Kjelder og litteratur

  • Koht, Halvdan: Artikkel om Motzfeldt i Norsk biografisk leksikon (1940)
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949. (Oppslag om Jacob Motzfeldt 1743-1817)
  • Rød, Per O.: Skaunaboka. Bind 2. Gards- og ættehistorie. (Under garden Mo.) Skaun kommune 1928.
  • Seve, Niels de: Molde bys historie. I, Før året 1838. Ladested og kjpstad. Molde kommune, 1962.
  1. de Seve, N. 1962:353.