Frederik Motzfeldt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. mar. 2014 kl. 11:49 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

Frederik Motzfeldt (fødd i Skaun 2. november 1779, død i Oslo 2. januar 1848) var jurist med mange embete - sorenskrivar, byfut, høgsterettsdommar, statsrevisor. Han var eidsvollsmann og stortingsmann.

Bakgrunn og familie

Frederik var son av offiseren Jacob von Motzfeldt (1744-1817) og hans andre kone Sofia Katarina Mühlenpfort (ca. 1750-1789). Frederik hadde fire halvsysken frå farens fyrste ekteskap med Johanna Sofia Katarina Heidemann (fødd i Klæbu 1746, død 1776), men berre den eine, Abel Katarina, voks opp, og også ho vart berre femten år gammal. Også fire av Frederiks åtte heilsysken døydde i sitt fyrste leveår. For dei tre andre syskena er i kjelda vår oppgitt berre fødselsår, ikkje kor gamle dei vart.

Åtte år før Frederik var fødd hadde faren kjøpt garden Mo i Skaun, der Frederik voks opp. Da foreldra selde garden igjen i 1796, gjekk Frederik truleg på Trondheim katedralskule, der han vart student i 1798. Han studerte deretter juss i København og tok embetseksamen i 1801.

Frederik Motzfeldt gifta seg i Molde 5. desember 1806 med Anna Cecilie Gørvell (Jervell) (fødd i Uleåborg, Finland 28. februar 1780, død i Christiania 5. januar 1848). Ho var dotter til kjøpmann Josef Jervell og Walborg Hoffrén.

Byfut i Molde 1806-1814

Frå 1806 til 1814 var Motzfeldt sorenskrivar i Romsdalen og byfut i Molde (konstituert til 1808). Dette var dei vanskelege krigsåra, og Motzfeldt gjorde seg gjeldande som ein energisk og dugande administrator når det gjeld både forsyningssituasjonen og den militære beredskapen.

Han

Eidsvoll 1814

Embetskarriere og stortingsmann etter 1814

Kjelder og litteratur