Frederik Schmidt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mar. 2021 kl. 07:24 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Språkvask, litt tillegg)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frederik Schmidt.
Maleri: C.P. Meidell (1860)

Frederik Schmidt (fødd 27. mai 1771 i Asminderød på Sjælland, død 16. februar 1840 i Himmelev, også på Sjælland) var teolog, forfattar, eidsvollsmann og stortingsmann. Han var oppvaksen i Noreg, og verka mellom anna som sokneprest på Eiker i drygt tjue år før han flytta til Danmark for godt, der han var fødd og periodevis hadde opphalde seg også seinare. Han var sterkt knytta til Danmark og den danske embetsmannskulturen, høgkulturelt interessert, rasjonalistisk orientert og litterært aktiv. Alt dette let seg tidstypisk godt sameine med ein romantisk inspirert Noregs-patriotisme. Han var sterkt oppteken av allmugens kulturelle og materielle framgang, og politisk sett var han ein nasjonaldemokratisk innstilt folkets ven.

På Eidsvoll representerte han Buskerud amt saman med fogd Collett og bonde Christopher Hoen. Sistnemnde var sambygding og soknebarn av presten Schmidt på Eiker. Dei to delte mange synsmåtar på politikk og samfunn. Men i religiøse haldningar var dei skarpe motstandarar. Haugianaren Hoen og sokneprest Schmidt hadde endatil tørna saman i nesten fysisk konfrontasjon i haugianismens fyrste kamptid på Eiker.

Bakgrunn og familie

Om han var fødd i Danmark, var båe foreldra norske: Christen Schmidt (1727–1804) og hans kone frå fyrste ekteskap Petronelle Sørensdatter Lemmich (1734–1798). Da Frederik var to år gammal, vart faren utnemnd til biskop i Christiania.

Frederik Schmidt gifta seg i Christiania 10. januar 1799 med Maren Elisabeth Mathea Oppen (fødd i Christiania 2. april 1778, død i København 26. desember 1841). Ho var dotter til generalkrigskommissær Knud Oppen (1718–1803) og Mette Christine Colling (Colding) (ca. 1754–1827).

Utdanning og embetskarriere

Frederik fekk privatundervisning i heimen, derunder i musikk, fram til 14-årsalderen. Da byrja han i øvste klassen på Oslo Katedralskole, og vart student i 1787. Han tok anneneksamen ved universitetet i København året etter, og drog så heim att og las til fagstudiet (teologi) der. I 1790 var han attende i København og tok embetseksamen hausten 1791.

Allereie i juni 1792, med dispensasjon frå aldersgrensa, fekk han prestestilling ved Tukthuset i Christiania. Frå 1797 til 1820 var han sokneprest i Eiker, og frå 1808 også prost i Kongsberg prosti. I 1820 fekk han etter eige ønske avskil frå kallet i Eiker for å flytte til Danmark. At han flytta frå Noreg, har vore sett i samband med vonbrotet hans over unionen med Sverige. Motiveringa har sikkert vore meir samansett enn som så. Koht nemner som eit moment at han ikkje fekk bispeembetet i Bergen som han hadde søkt om i 1817. I avskilspreika som han heldt ved Haugs kyrkje i Eiker den 24. september 1820, og som er trykt, er det meir enn ymt om at lokal motstand kan ha spela inn:

«Jeg gaaer herfra [...] fordi der blev mig nægtet den Understøttelse og det Forsvar som hver Statens Embedsmand [...] har retmæssigt Krav paa [...] jeg hverken vilde eller burde være en Menighed til Byrde, om hvis Velvillighed i det Hele jeg hadde Grund til at tvivle og fordi jeg ikke vilde erholde ved Tvang hvad der kun har Værd, naar det ydes frivillig og af Kjerlighed»[1]

Ein skal ikkje sjå bort frå at motvilje i delar av kyrkjelyden kan ha botna i lærespørsmål og kanskje livsstil. Det var ei sterk lekmannsrørsle i bygda (sjå nedanfor).

Allereie frå hausten 1817 hadde han fått innvilga to års permisjon frå embetet i Eiker. Han og kona budde da ei tid i København. Kort tid etter at han forlet Eiker, byrja han i nytt prestekall i Danmark, som sokneprest til Himmelev og Roskilde adelege jomfrukloster. Frå 1822 til 1832 var han dessutan styrar ved stiftsbiblioteket i Roskilde.

I 1826 tok han teologisk doktorgrad ved universitetet i København på ei avhandling om paulisianarane, ei kjettersk kristen sekt i det bysantinske riket frå 600- til 900-talet.

Frederik Schmidt gjorde mange og lange utanlandsreiser, både medan han tenestegjorde ved Tukthuset og under si langvarige embetstid i Eiker. I 1794 reiste han saman med stiftamtmann Fr. Moltke i Nord-Tyskland og oppheldt seg tre månader ved universitetet i Göttingen. Han var fleire gonger i lengre periodar i København, såleis hausten 1807 og i 1811. Der vanka han i litterære krinsar som han kjende godt og hadde halde kontakt med allereie frå studiedagane, med eit sentrum rundt Knud Lyne Rahbek og kona Kamma Rahbek, som heldt salong i heimen sin, Bakkehuset på Fredriksberg ved København. Schmidt var både i studietida og seinare ein ivrig medlem i Det norske Selskab.

Frå april 1818 til hausten 1819, i permisjonstida frå sokneprestembetet, reiste Schmidt saman med forfattaren B.S.Ingemann i Tyskland og Italia.

Opplysningspresten og tiltaksmannen

I sin teologi og haldningar elles var Frederik Schmidt sterkt påverka av rasjonalismen og tildels politisk radikalisme. C.W.Schnitler gjev i sitt omtale av eidsvollsmannen Schmidt eit kanskje litt ideologisk farga uttrykk for dette: «Tiltrods for at han var vokset opp i et gammeldags rettroende hjem, var han blit en radikal tilhænger av rationalismens fantasiløse moralreligion, fornuftsdyrkelse og frygt for al mystik. Og i sin sympati for den franske revolution mottok han med sorg budskapet om Robespierres død».[2] Halvdan Koht gjev uttrykk for noko av det same, om ikkje i så kvasse vendingar: «Han var en ekte sønn av oplysningstiden, og han hyldet en fornuftskristendom som riktignok fastholdt de viktigste kristelige læresetninger.»[3] Det «gammeldags rettroende» i heimen som Schnitler nemner, spelar nok på faren, biskop Christen Schmidt, som var kjend som ein konservativ, luthersk ortodoks teolog med front mot på den eine sida rasjonalismen og på den andre sida pietismen.

Frederiks Schmidts vilje og evne til å drive folkeopplysning og praktisk reformarbeid kom best til sin rett i tida hans i Eiker. Av tiltaka hans kan nemnast at han oppretta eit spinnehus for arbeidslause, han forbetra fattigvesenet, oppmuntra til husflid og arbeidde for å innføre vaksine. Ikkje minst sytte han for å få til fleire og betre allmugeskular. Han heldt kurs for lærarar, og utarbeidde ein plan for eit lærarseminar i prostiet. Han oppretta også ei lokalavdeling av Selskabet for Norges Vel i Eiker, ein samskipnad som han sjølv hadde vore med og stifta i 1809.

Som reformator hadde han sans for den omfattande næringsverksemda som haugianarane fekk sett i gang i Eiker. Mellom anna var han oppglødd for den papirmølla som dei grunnla ved Vestfossen i 1802, den seinare Ekers Papirfabrik. Men teologisk kom han altså på kant med dei, særleg i byrjinga. Ei av dei oftast fortalde historiene om styresmaktenes og presteskapets forfølgjing av Hauge er knytta til sokneprest Schmidt. Det fyrste året han var i Eiker, nyttårsaftan 1798, var Hans Nielsen Hauge sjølv til stades ved ei samling hjå Christopher Hoen. Lensmann og prest var til stades, og Schmidt las opp Konventikkelplakaten. Da lensmannen skulle arrestere Hauge for brot på plakaten, ba Christopher Hoen om lov til å skysse arrestanten. Det fekk han lov til, men nytta da høvet og sin raske hest til å køyre frå lensmannen over i neste lensmannsdistrikt, slik at Hauge slapp unna.

1814

I Riksforsamlinga på Eidsvoll var Schmidt blant dei mest overtydde sjølvstendemennene, og Halvdan Koht omtalar han også som ein av dei «mest demokratiske». Han hadde heilt frå fyrst av vore mot at Christian Frederik skulle ta i mot den norske trona i kraft av arveretten. Schmidt tala ivrig mot adelskap, rang og titlar. Han ville ha eit eittkammersystem i Stortinget, men da dette ikkje fekk fleirtal, fremja han det forslaget som vart vedteke, at når Odelstinget og Lagtinget tok ulike standpunkt, skulle saka avgjerast med 2/3 fleirtal i samla storting. Schmidt var medlem i Konstitusjonskomiteen, dvs. det utvalet som utforma grunnsetningane for Grunnlova.

Schmidt blir også særleg godt hugsa frå Eidsvoll for alle patriotiske og ofte lystige dikt og songar som han gav til beste der, ikkje sjeldan med skarp brodd mot Unionspartiet. Hans sans for humor kjem godt til syne i det biletet han gav av innkvarteringstilhøva på Eidsvoll:

«Collett og jeg bleve Antipoder, og da vore Senge neppe vare to Alen lange, maatte vi gjøre en Constitution om vor Sengeforfatning, hvori blev vedtaget og gjort til Lov, at enhver Parts eiende tvende Been skulde følge de gjensidige Diagonaler, dog med Forbeholdenhed ikke at spænde paa de reciproque Næser, som stod i ubetydelig Afstand fra den store Taaes Spidse.»[4]

Frederik Scmidt vart også vald til omframstortinget på hausten 1814. Han markerte seg der som ein sterk talsmann for at grunnlova og det nasjonale sjølvstendet skulle stå så sterkt som råd var i den da uungåelege unionen med Sverige.

Dikting og faglitterært forfattarskap

Schmidt var kjend som diktar, mest leilighetsdikting og i den lettare sjanger. Han vart kjend som «selvstendighetspoeten» på Eidsvoll 1814. To gonger fekk han utgjeve sine dikt i samling, i 1811 (København) og i 1835 (Roskilde).

Ei rekkje av preikene og talene hans vart publiserte, dels i tidsskrift, dels som småskrift. Det var gjerne til bestemte høve og føremål, som for eksempel «Prædiken paa Allehelgensdag 1807. Indtægten anvendes til Understøttelse for de udkommanderede Norske Tropper».[5] Dette var under inntrykk av den britiske okkupasjonen av Sjælland og København hausten 1807, som enda med at britane beslagla den danske krigsflåten. Schmidt hadde vore augevitne til det som foregjekk, da han oppheldt seg i København frå slutten av august til 19. oktober det året.[6]

Medan han var tukthusprest i Christiania, redigerte Schmidt i to år (1795-1797) tidsskriftet Hermoder, som hadde eit blanda skjønnlitterært og faglitterært innhald.

Det er kjent at han samla materiale til Christianias historie, men om dette vart utgjeve, har det i alle høve ikkje kome med i den detaljerte bibliografien i Halvorsens forfatterleksikon.

Han vart også kjend for sine omsetjingar av klassiske diktarar - Ovid, Tasso, Dante og Petrarca m.fl.

Kulturelle nettverk

Frederik Schmidt tilhøyrde definitivt eit øvre sjikt av det dansk-norske danningsborgarskapet. Han var kunnskapsrik, hadde litterære talent og var openbert ein selskapeleg og sjarmerande person. Såleis glei han lett inn og gjorde seg gjeldande i viktige intellektuelle miljø i tida. Det galdt Det norske Selskab i København alt frå studietida og ved seinare opphald i hovudstaden. Han tilhøyrde dessutan den krinsen av kulturelite som danna seg rundt ekteparet Kamma og Knud Rahbek i heimen deira Bakkegården på Frederiksberg i København. I Noreg var Schmidt ein av den Christiane Koren (Mor Koren) sine favorittar i den kultur- og selskapskrinsen ho hadde til hyppige samkomer på sorenskrivargarden Hovin i Ullensaker. Den danskfødde Mor Koren tilhøyrde sjølv krinsen rundt Rahbeks i København.

Referansar

  1. Afskedsprædiken, holden paa 17de Søndag efter Trinitatis i Hougs Kirke 1820 s. 23– 24
  2. Schnitler, C.W. 1914 s. 272.
  3. Koht, H. 1954, s. 461.
  4. Her sitert frå Eidsvold 1814:146.
  5. ?
  6. Schmidt, F. 1966, side 91–160.

Eigne verk

  • Prædiken paa Søndag mellem Juul og Nyeaar 1795. Utg. [s.n.]. 1796. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Sang for de danske og norske Søekrigere. Utg. Trykt hos Directeur Joh. Fred. Schultz, Kongelig og Universitetsbogtrykker. 1801. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Taler, holdne i Egers Hovedkirke paa den anordnede festlige Bededag den 4de Marts 1814. Utg. Trykt hos C. Grøndahl. Christiania. 1814. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Trende Religionstaler holdne ved private Andagter for Danske og Norske i Rom og Neapel. Utg. Trykt hos Andreas Seidelin, Hof- og Universitets-Bogtrykker. 1819. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Afskedsprædiken, holden paa 17de Søndag efter Trinitatis i Hougs Kirke, af Fr. Schmidt. Utg. Trykt hos C. F. Rode. 1820. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Mai-Krandsen. Et Udvalg af Jean Paul Friderik Richters Værker ved F. Schmidt. Utg. Trykt og forlagt af Jacob Lehmann. 1820. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Historia Paulicianorum Orientalium. Utg. typis excudebat Andreas Seidelin, Aulae Regiae Universitatis typographus. 1826. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Pentateuchens poetiske Stykker, rhytmisk oversatte med tilføiet Commentar af Dr. F. Schmidt, Provst, Sognepræst til Himmeløv og Roeskilde adelige Kloster, Ridder af Dannebrog. Utg. Trykt paa Forfatterens Forlag, hos Directeur Jens Hostrup Schultz, Kongelig og Universitets-Bogtrykker. 1827. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Ny samlede Digte. Utg. Trykt paa Forfatterens Forlag hos J.D.C. Hanson. 1835. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Provst Frederik Schmidts dagbøger, sjå nedanfor under Kjelder og litteratur.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer


Eiker Leksikons logo.jpeg Frederik Schmidt inngår i prosjektet Eiker Leksikon og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. Ønsker du å bidra til delprosjektet? Kontakt Bent Ek på hans diskusjonsside!