Fredrik Ludvigson Uggdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Tromma på biletet høyrde til Fredrik Ludvigson Uggdal og er i dag å finna hos ein av etterkomarane. Lyden er like god den dag i dag. Foto: Magnus Konrad Bruntveit

Fredrik Ludvigson Uggdal (fødd 1834, død 1923) frå Tysnes i Sunnhordland var ein kjend tambur i bygdene på Tysnes og mykje nytta i festleg lag. Han var ein kløppar på tromma. Når han fekk eit par trommestikker mellom fingrane kom han mest i ekstase, vert det fortald.

Sett på som rar

Heilt frå barnsbeina av vart Fredrik sett på som ein raring, og som vaksen vart han litt av ein bygdeoriginal som gjorde mykje som folk flest syntest var underleg. Det vart sagt at det kom seg av at han hadde bada så mykje som unge, han pla nemleg å liggja og slapsa rundt om i elvane. Då faren døydde vart Fredrik gåande åleine på garden, og det tok ikkje lange stunda før det vart så gale at folk meinte han burde gjerast umyndig. Men så var det slik at på Rolse hadde dei ei dugande taus - Kari Gøyo, heitte ho. Same året som Fredrik vart umyndiggjort, i 1883, fekk dei han gift med Kario. Det rette namnet hennar var Kari Hermannsdtr. Litle-Godøy (1845-1929), ho var fødd på «Plasse» i Vetle-Gøyo.

Og "Kario" var iallfall myndig nok! Fredrik ville ikkje ha ho, men då dei stod framfor altaret dulta ho borti han og sa: "No må du svara ja, Fredrik!"

Kompanitambur i Bergen

Tambur-tradisjonen var i si tid levande i Sunnhordlandsbygdene, særleg i bryllauper. På dette fotografiet frå Flygansværvågen på Tysnes i Sunnhordland går Ingebrigt Johannesson (1850 1935) frå Nera-Flygansvær i brodden med tromma si, truleg i bryllaupet til Anna og Johannes Bergesen (som står noko til høgre). I så fall må biletet vera frå 1921. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Fredrik var lite glad i arbeid og praktiske ting og myndige koner, han ville berre tromma. Han var tambur, det var tromming som var livet hans. Heilt frå han var unge hadde han tromma på alt han kom over, på grytelokk og kva det måtte vera. Ja, det vart så gale at til slutt kom presten sjølv i skulestova for å tala han til rettes. «Er det bedre at lyde piber og trommer eller fader og moder», sa presten. Men lite hjelpte det.

Først då han kom i det militære fekk Fredrik anerkjenning for trommekunstene sine. Her vart Fredrik kompanitambur, høg og stram med gullduskar på skuldrene. Mora og søstera var på Engen i Bergen og såg på han under eksersisen. Dei var sikkert ikkje så reint lite stolte av han. Fredrik for sin del kunne nok tenkt seg å halda fram der, men så var det denne garden heime i Uggdal, då... I gamle dagar var det ein rein plikt å ta vare på farsgarden, sjølv om det var Kari som styrte ståket etter at ho kom dit. Fredrik vart verande umyndig i åtte år etter at han gifta seg.

På sine gamle dagar var Fredrik nytta som trommeslagar foran 17. mai-toga. Siste åra var han dårleg til beins, og vart køyrd foran toget. Det var nok mang ein gutetrave som tykte det var spanande med tromma hans. Og det hende vel at dei fekk prøva ho.

«Har du høyrt denne før?»

Ei historie av det anekdotiske slaget vert fortald i ein artikkel av Odd Tveit: [1]: Fredrik Opdal var ei framifrå trommeslagar, og hadde i ungdomsåra vore tambur i det militære. Då han låg på sitt siste fekk han besøk av presten - som truleg var Thormodsæter. Men sjølv om samtalen stort sett dreidde seg om åndelige ting, tok Fredrik til å tromma med fingrane og sa: «Tram terreram terrenam tam tam» og så spurde han «Har du høyrt denne før?». Presten berre rista på hovudet og heldt fram med sitt tema. Etter ei stund kom det ein ny trommelåt med litt annorleis takter. Dette gjentok seg mange gonger, men besøket vart visst nok avslutta med nattverd.

Etter Johannes Andersson Gjerstad (1821-1901) frå Gjerstad på Tysnes finst ei skildring av frieri-og bryllaupsskikkar i Sunnhordland på 1800-talet, og her fortel han om tamburen si rolle under bryllaupsfeiringa. [2]. Her får ein eit visst inntrykk av tamburen sine oppgåver og posisjon i lokalsamfunnet:

Medens kjøgemesteren og Klævekonerne i Forening med Værter og Værtinder ere sysselsatte med denne Borreiing, høres en lyd af Tamburens Tromme, der bliver alt tydeligere efterhvert som han kommer Bryllupsgaarden nærmere. Han slaar da vexelvis Marser, Tappenstreg, Revelj og andre Trommeslag som hverken jeg eller Tamburen selv kan navngive, og er Slagene utaktsmessige før han kommer til Bryllupet, er han saa meget mere at undskylde naar han har været et halvt Døgn i Bryllupet. Ved hans Ankomst bliver altid løsnet en 2-3 Pistolskud, hvortil han svarer med en hvasen sterk Hvirvelslaat på Trommen. Han bliver af Brud og Brudgom modtagen og indført i Klævehuset og trakteret med Øl, Brændevin og Mad. Han gjør ikke lang Maaltid, thi han maa straks være paa sin Post, i det han skal ledsage alle til Bryllupsgaarden kommende Gjester med trommeslag lige til Buedøren.

Referansar

  1. Litt prestesoge som snart kan gå i gløymeboka. Sogeskrift for Tysnes 2007. Utg. Tysnes sogelag.
  2. Attgjeve i Johannes Heggland si bygdesoge: Tysnes, Det gamle Njardarlog, band 2. Utg. Tysnes sogelag, 1975.

Kjelder og litteratur

  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 2. Tysnes sogelag, 1987.
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band II. Tysnes sogelag, 1975.
  • Sigbjørn Apeland og Åsne Sunniva Søreide: Tonebilete frå Tysnes. Arne Bjørndals samling, 2001.
  • Sogeskrift for Tysnes 2007. Utg. Tysnes sogelag.
  • Fredrik Ludvigson Uggdal i Historisk befolkningsregister