Fredrik Petersen (1839–1903)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Petersen, fra Folkebladet 1903.

Fredrik Petersen (fødd 1839 i Stavanger, død 1903 i Kristiania) var teolog. Som professor i dogmatikk frå 1875 var han leiande i det moderne gjennombrotet ved Det teologiske fakultet.

Slekt og familie

Han var son av grosserar Fredrik Petersen (1803–1885) og Johanne Christine Zeuthen f. Christensen (1808–1878). Systera Anna Marie Petersen var gift med vegdirektør Hans Hagerup Krag.

Han vart i 1864 gift med Alida Georgine Brun (1839–1909), dotter av Jacob Bentzon Brun og Maria Brunchorst, og oldebarn av Johan Nordahl Brun. Paret fekk dattera Johanne i 1865. Dei budde då på Hegdehaugen i Kristiania. Seinare flytta dei til Underhaugsveien, og frå 1891 og livet ut budde dei i Uranienborg terrasse 20.

Liv og virke

På farssida kom han frå ein velståande kjøpmannsslekt i Stavanger. Mora var danskfødd, og hadde sterke kulturinteresser. Som ung gut vart han sendt til herrnhutarane sin skule i Christiansfeld, men etter to år kom han attende til Stavanger og gjekk på skule der. I 1857 tok han examen artium. Då han byrja på teologistudiet var det mot faren sin vilje. Delar av studietida var han i Tyskland, og i 1862 tok han teologisk embetseksamen i Christiania. Året etter fekk han lærarjobb ved Aars og Voss skole.

Medan Fredrik Petersen studerte, flytta faren forretningsverksemda til Sverige. I 1863 gjorde han opp buet med kona og borna, nok som førde til at Fredrik Petersen vart økonomisk uavhengig.

Frå 1866 til 1868 studerte han vidare ved tyske universitet. Så var han stipendiat til 1873, og arbeidde med ei avhandling om Søren Kierkegaard sin kristendomsforkynning. Kirkegaard sine skrifter hadde i skuleåra inspirert han til å studere teologi. Han var så residerande kapellan i Skien i to år, inntil han i 1875 fekk professoratet. Han tok over etter Gisle Johnson, som gjekk over til kyrkjehistorie.

Eit viktig punkt i karriera kom i 1880, då han heldt føredraget «Hvorledes bør Kirken møde Nutidens Vantro?». Svaret frå Petersen var at kristendomen måtte ta til seg og arbeide med forskningas resultat og utfordringar. Han braut til tider med den ortodokse lutherdomen, mellom anna i inspirasjonslæra og forsoningslæra. Petersen sin rettleiing betydde mykje for ein generasjon teologistudentar som opplevde i enorm spenning mellom tru og vitskap.

Han vart medlem av Videnskapsselskabet i Kristiania i 1884. I 1887 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden,

Etter at han døydde i 1903 overtok Johannes Ording professoratet, noko som utløste professorsaken og skipinga av Det teologiske menighetsfakultet. Enka etter Fredrik Petersen oppretta etter hans eige ønskje eit font til fremje av vitskapen.

Litteratur og kjelder