Fredrik Riis Krogh

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Fredrik Riis Krogh.
Foto: Faksimile fra Norges gejstlighet i 1914 (1915).

Fredrik Riis Krogh (von Krogh) (fødd 23. november 1855 i Trondheim, død 12. august 1916 i Skjeberg) var prest og amtsskulestyrar.

Krogh voks opp i Trondheim og var son av kaptein Johan Christian Vibe v. Krogh (f. 1820) og Emma Wilhelmine Louise Riis (1824-1877). Han gjekk ut frå Trondheim katedralskole i 1873 og studerte deretter teologi (eksamen 1879, praktikum 1880).

Frå våren til hausten 1880 var han lærar ved Trondheim katedralskole, og hausten 1880 vart han tilsett som styrar ved Søndre Trondhjems amtsskole. Her var han i sju år, og skulen var på denne tida halden i Hemne (2 år), Rissa (2 år), Sokndal (2 år) og Melhus (1 år).

Den 28. august 1886 vart Krogh utnemnd til sokneprest i Hornindal i Sogn og Fjordane, og han overtok kallet våren 1887. I Hornindal vart Krogh landskjend etter ein hard strid med Haakon Aasvejen, som var styrar for Hornindalens friskole (1887-90).

Krogh var i Hornindal til han 13. juni 1894 vart residerande kapellan i Melhus i Sør-Trøndelag. I 1905 vart han residerande kapellan i Kristiansund og i 1913 sokneprest i Skjeberg.

Han gifte seg i 1880 med Petronelle Magdalene Skaarup (f. 1853).

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer