Fredsdagane 1945 i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. mai 2012 kl. 08:12 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|FAKf-0330.20232.jpg|Gatå i Volda sentrum 7. mai 1945|Johan Nerbøvik}} '''Fredsdagane 1945 i Volda''' starta om ettermiddagen 7. mai da meldinga om den tyske kapitulasjonen...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gatå i Volda sentrum 7. mai 1945
Foto: Johan Nerbøvik

Fredsdagane 1945 i Volda starta om ettermiddagen 7. mai da meldinga om den tyske kapitulasjonen nådde bygda og kyrkjeklokkene begynte å kime. Flagg etter flagg vart heiste og russen samla seg for å gå i tog. I gatene der toget passerte leita folk fram gamalt russeutstyr og kasta ut slik at fredsrussen snart var fullt utstyrte med huver og stokkar. Gatene vart raskt fylte av folk som samla seg framafor Olaisenhuset i Gatå der ein radio vart sett fram i eit ope vindauge slik at nyhenda kunne høyrast.

Dagen etter, den offisielle fredsdagen, var veret i Volda strålande, og den offisielle høgtidinga tok til med ein times klokkekiming frå kyrkja kl 16. Volda hornmusikk, speidarane, skulane og lag og foreiningar gjekk deretter i tog frå skuleplassen på Hauane, inn til Rotset og attende til Uppheimsplassen.

Deretter samla russen inn blendingsgardiner og «unorske skrifter og bilete til autodafe[1]». Bålet vart tent på idrettsplassen kl 24 av lensmann Mathias Steinsvik etter tale av ein av russen. Jostein Nerbøvik skriv at hending var mest som «ei rituell handling».

Dagen etter - 9. mai - var det så omsider fotballkamp mellom dei gamle rivalane Volda og Ørsta att, der Volda vann 4-0!

Kjelder

Referansar

  1. Nerbøvik 1996 s. 350. Autodafe tydar offentleg, rituell brenning.