Frelsesarmeen i Odda (Skulegata 5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Døra var vid open og mange søkte til Frelsesarméen.
Foto: Arkiv NVIM

Frelsesarméen etablerte seg i Odda i 1912. Huset er bygd i 1915 og ligg mellom Murboligen og barneskulen med adressa Skulegata 5. Byggeteikningane er signert av arkitekt Ingvald Suphammer, Kristiania, i 1914.

Det er mange som har gode minne frå Frelsesarmeen i Odda. «Alle i Odda gikk jo på søndagsskulen før. Vi gikk i kirko på føremiddagen og på Frelsen på ettermiddagen. Det var kjekkast på Frelsen», seier mange.

Velkommen inn

Huset har ein nokså kort fasade mot gata, men det strekker seg lenger bakover på tomta. Inngangsdøra har to fløyar og ligg direkte mot gata. Over døra er det eit dekorativt felt i nybarokk stil (portaldekorasjon). Legg merke til dei bua formene. Du kan samanlikna formen med dekorasjonsfeltet på toppen av barneskulen. Huset hadde og stilelement frå jugend i opprinnelege vindauger. Taket er valma.

Tre vindauge mot gata er samla i eit felt og viser at her er det eit større rom innanfor. Det er lett å sjå at byggherren ville at dette huset skulle gje tydelege signal for å invitera folk inn.

Bustadhus

I andre etasje har huset leilegheit for dei som var tilsette og fast stasjonerte i Frelsesarméen i Odda. I tillegg er her bustadrom for offiserar og soldatar som kom for å halda talar, møteseriar eller andre aktivitetar.

Mange møteplassar og forsamlingshus

Etter at Frelsesarméen hadde etablert seg i Odda, var det viktig for dei å skapa ein open møteplass for folk, så dei gjekk tidleg i gang med eige hus. Vi veit ikkje sikkert kvar Frelsesarméen heldt møte dei første åra. Men det var fleire andre forsamlingshus i området som kunne leigast.

På andre sida gata av «Frelsen» hadde Losje Folgefonn bygd eit stort forsamlingshus alt i 1909. «Losjehuset» blei rive litt før 1980 for å gje plass til utviding av barneskulen sitt område. I dag ligg bygningen for skulefritidsordninga, SFO, på tomta der Losjen var.

Husrom og hjarterom

Truleg sto Frelsesarméen sitt bygg ferdig året etter at Folkets Hus opna (1914) og fire år etter at Odda Bedehus oppe ved Bøgarden/Bygdabøen var innvigd og tatt i bruk (1911). Huset til Frelsesarméen har ein stor sal med scene og i tillegg er her mindre møterom. Kjøkken er også viktig, for kaffi og mat høyrde med i tilbodet. Huset er aktivt i bruk, men ingen frå Frelsesarméen bur fast her lenger.


Koordinater: 60.0682907° N 6.5438349° Ø