Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. sep. 2016 kl. 09:51 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fresvik er ei vakker bygd i ved Sognefjorden. Ho ligg i Vik kommune ved inngangen til Nærøyfjorden verdsarvområdet. Det finst svært mange kulturminne i bygda, men denne løypa omfattar berre nokre få. Vegane ligg slik at ein kan gå ulike rundar langs vegar og stiar. Denne løypa går langs den minste runden og langs ein Folkesti som er laga av Bygdelaget. Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi er ei kulturminneløype i Sogn og Fjordane.

Løypeinformasjon

  • Antatt tidsforbruk: 1-2 timar
  • Framkomstmiddel: Til fots
  • Lengde i km: 5 km
  • Arrangør: Fresvik skule, Fresvik bygdelag og Fresvik Sogelag
  • Fylke: Sogn og Fjordane
  • Kommune: Vik kommune
  • Navn: Fresvik Sogelag og Fresvik Bygdelag

Løypa startar på kaien i Fresvik der butikken ligg. Kaien og butikken er ein samlingsplass for folk. Her kan du sjå første kulturminnet i løypa, Notanaustet. Fra Kaien går de opp ein bakke, Gropi, som under krigen vart laga mindre bratt ved å senka vegen med spade og trillebår. Tomta til butikken står på fyllinga etter dette arbeidet.

Løypa går vidare opp forbi kyrkja og fram til vegkrysset frammom skulen. Vidare går det ein liten stubb lags fylkesvegen mot Flæte der ein kan sjå eit brynne før ein snur og tek folkestien langs elva til idrettsplassen. Derifrå går løypa attende til kaien. Håpar de får ein god tur og vi tek gjerne mot kommentarar og innspel for å gjera løypa betre.

Notanaustet i Fresvik

Notanaustet vart bygd rundt 1910. Fyrst sto det på Buaeigedommen, men vart flytta til naboeigedommen. Det står framleis på denne tufti. Det står på pålar og kjer. Bylgjeblekktaket, golvet og den gisne veggkledningen er ikkje skifta etter alle desse åri.

Fresvik kyrkje

Fresvik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Fresvik i Vik kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 29. juni 1881 av prost Jacob Edvard Smith. Arkitekt Johannes Henrik Nissen laga teikningane. Fresvik kyrkje er soknekyrkje for Fresvik sokn, som frå 1999 høyrer til Vik prestegjeld.

Bautasteinen ved Fresvik kyrkje

Ved kyrkja i Fresvik står det ein høg bautastein som vart reist 17. mai 1913. Bautasteinen vart reist til minne om dei 10 frå Fresvik som var med i krigen mot svenskane 1807-1814.

Minnestein over soldat Hans Elvheim

10. april 1940 reiste 23 menn frå Fresvik til Bømoen på Voss for å vera med og forsvara landet mot den tyske okkupasjonsmakta. Hans Elvheim var ein av dei. Han reiste som frivillig. Under kampane i Valdres vart han sjuk og døydde i september same året. Etter krigen reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans.

Taubana til Skau

Taubana på garden Skau gjekk frå garden og opp til Holten. Holten er ein gamal husmannsplass. Bana vart brukt til å senda tømmer ned til saga og til å frakta kunstgjødsel m.m. opp til Holtan.

Gamletunet på Høgheim

I eldre tid låg gardane Bøtun, Bjørnetun og Høgheim oppe på terrassen på Høgheim. Skau låg lengst nord på terrassekanten og litt ut frå dei andre. Så kom Bjørnetun, deretter Bøtun og lengst sør Høgheimsgardane.

Gamlevegen på Høgheim

Gamlevegen på Høgheim var ein kjerreveg som gjekk mellom Skau og Jensagjerdet. Vegen vart av ulike årsaker også kalla "Kjærleiksstien". Rester av vegen er synleg like før vegen ned til byggjefeltet.

Løypestreng i Fresvik

Dette er kanskje den einaste løypestrengen i Fresvik som framleis er i bruk og i god stand. Eigar er Sigrun Kvammen Pedersen.

Brynne i Fresvik

I Fresvik har det vore to brynne. Det eldste sto i Solali, der vegen frå Solali kjem ned i Storevegen.

Kverni i Tråene

Vasskverni kom til Noreg kring år 1200. Me veit ikkje sikkert når den første kverni i Fresvik blei sett opp, men det blei nesten ein liten revolusjon då ho kom. Å mala korn blei mykje enklare. På dei største kvernane kunne ein mala opp til 100 kilo på eit døger viss kornet var tørka. Dei minste kvernane kunne klare 50 kilo.

Minnestein over Mensen Ernst

I 1987 vart ein minnestein sett opp ved Modig IL sitt idrettsanlegg i Fresvik. Steinen var til minne om storløparen Mensen Ernst som opphavleg kom ifrå Fresvik.

Ungdomshuset i Fresvik

Ungdomshuset i Fresvik vart vigsla i 1927. Det erstatta eit som vart bygd i 1907, men som var altfor lite. Frå 1923 og frametter vart det arbeidd med å reisa pengar til nybygg. Arkitekt Olav Vangsnes laga teikningane utan vederlag og Anna O. Bøtun ga fri grunn.

Bedehuset i Fresvik

Bedehuset i Fresvik stod ferdig i 1978 og ligg tett nedom vegen om lag 300 m opp frå krysset på hovudvegen gjennom bygda. Huset er 20 x 10 m og bygt i to fulle høgder. I første høgda er der stor romsleg gang, storsal og vetlesal. Underetasjen har stor sal, opphavleg matsal, no aktivitetsrom for barneklubb, og fullt utstyrt kjøken. Storsalen er innreidd med røyrstolar og småbord, Vetlesalen med sofamøbler. Talarstolen står på golvnivå. Veggene er utsmykka med bilete og teppe. Midt på veggen framme heng eit stort målarstykke med motiv Engelen styrkjer Jesus. Det er laga av Herdis Kleppa etter original av ein annan kunstnar. I salen nede heng det to store åkle.

Busetjing på Grundeland

I samband med at det på garden Grundeland var planlagt eit byggjefelt, vart det føreteke arkeologiske utgravingar i 2001 som fann spor etter busetjingar i jernalderen og bronsealderen. Terrenget er flatt og godt drenert dyrka mark.



Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.