Fridtjof-statuen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Statuen av Fridtjof den frøkne av Max Unger
Foto: Nina Aldin Thune

Fridtjof-statuen er ein stor statue av Fridtjof den frøkneVangsnes i Vik kommune.

Soga

Den islandske fornaldersoga frå 1300-talet skildrar Fridtjof sin kamp for å få gifta seg med Ingebjørg. Esaias Tegnèrs publiserte ei moderne framstilling av soga som romantiske skildring i diktform i 1820 - 1825. Ivar Aasen har dessutan oversett soga frå islandsk til norsk i 1854.

Fridtjov den frøkne og kongsdattera Ingebjørg voks opp som fostersysken hos ein god bonde inne i Sogn med namnet Hildeng. Far til sogehelten var hersen Torstein Vikingsson, som budde på Framnes, som i kan vera Vangsnes eller Feios i Vik kommune. Ingebjørg var dotter av Kong Bele, og søster til Helge og Halvdan. Bele og sønene synest ikkje at Fridtjov var god nok for Ingebjørg, og får sendt han utanlands. Ingebjørg blir gifta bort til den gamle kong Ring, for å hindre ein krig. Når Fridtjov omsider kjem heim til Noreg, går han i løynd i teneste hos kong Ring. Hans truskap til kongen vert løna når kongen døyr kort tid etter: Fridtjov arvar både riket og dronninga og vert konge av Ringerike og Sogn.

Soga om Fridjov den frøkne var svært populær i Tyskland og England1800-tallet, og i 1913 fikk den tyske keiseren Wilhelm II reist statuen.

Statuen

I 1913 reiste keisar Wilhelm II av Tyskland ei statue av Fridtjov den Frøkne på Vangsnes. Statuen er 10,5 meter høg, og på 12 meter høg sokkel strekkjer den seg 22,5 meter til vers. Statuen står på ei lita høgde over ferjekaien på Vangsnes med utsikt over Sognefjorden. Avdukinga av statuen føregjekk den 31. juli både med kong Haakon og den tyske keisaren til stades. Det var ein folkefest med truleg over 5000 tilskodarar.

Ved avdukinga 31. juli 1913 sa keiseren blant anna: For at hvile efter tungt og ansvarsfuldt arbeide søker jeg herop. Jeg har nu i tyve aar paa mitt skib reist til Nordden og er blit mottatt i Norge med gammel germansk gjestfrihet. Det var mig en trang at vise et ydre tegn paa min taknemlighet mot det norske folk. Gjennem de hellige sagn fandt jeg anledning til dette. Særlig tiltalte mig sagnet om Herskeren i Balestrand, Kong Bele, Ingeborgs fader, den tapre helt. Dette staar nu formet for os, Kong Bele av Gørtz’ kyndige haand paa gravhaugen, medens Fridtjof er det mesterverk, som professor Unger har skapt.

Det blei laga ei revyvise om statuen av Vilhelm Dybwad, Fridtjof hin frøkne, som blei framført på Chat Noir i Oslo i 1913 og som ser kritisk på dimensjonane til statuen og keisar Wilhelm II.

Kraftige tømmerstokkar som var flyteelement då dei frakta stauen frå Tyskland til Noreg, vart nytta til å reisa Sygna UldvarefabrikHermansverk seinare same året.

Litteratur

Fridtjof-statuen er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden