Friskolar/privatskolar

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 11:49 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Friskole og privatskole er nemningar som blir brukte om barne- ungdoms- og vidaregåande skolar som ikkje er del av det offentlege skolesystemet. Det er gjerne skolar som blir drivne på basis av eit bestemt livssyn eller ein alternativ pedagogikk, eller dei kan vere livssynsnøytrale og drivne som føretak på forretningsmessig basis.

Dei to nemningane friskole og privatskole blir brukte noko om kvarandre, men valet av den eine eller andre er ikkje sjeldan verdibasert og kanskje ideologisk/politisk motivert. Det er ein tendens til at dei som er mest skeptiske til skoledrift i privat regi, brukar «privatskole». Nemninga «friskole» har på den andre sida fått stor utbreiing hjå folk som sjølve er involverte i drift av slike skolar, og hjå dei som går inn for relativt romslege grenser for å tillate slik verksemd til dels i konkurranse med det offentlege skoletilbodet.

I perioden 2003-2007 var nemninga friskole knytt til Lov om frittståande skolar (friskolelova) av 4. juli 2003, vedteken under sentrum-høgre regjeringa til statsminister Bondevik. Der blir «frittståande skolar» definerte som «skolar som er i privat eige, og som blir godkjende etter denne lova», og som dermed fekk rett til statstilskot. Friskolelova vart i 2007, under Stoltenbergs raud-grøne regjering, endra, og fekk tittelen Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova).

Ei rekkje privatskolar er i dag organiserte i eigne landssamskipnader. Nokre av desse inngår i Friskolenes kontaktforum. Det gjeld Norske Fag- og Friskolers Forbund (NFFL), Kristne Friskolers Forbund (KFF), Steinerskoleforbundet og Norsk Montessoriforbund.

På heile 1900-talet var nemninga friskolar relativt lite brukt. Men i dei siste tiåra av 1800-talet representerte friskolane ei distinkt, om ikkje så omfattande, alternativ pedagogisk rørsle på barnetrinnet, geografisk mest konsentrert om Gudbrandsdalen, sjå artikkelen Friskolar - grundtvigianske.


Eksterne lenker