Friskolar - grundtvigianske: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (lenkeretting, burde denne blitt kategorisert også under folkehøyskoler siden det er i samme ånd?)
(Utbygging, justeringar, litteratur)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Friskolar|Friskole]]''' er oftast brukt som nemning på privatskolar som vart drivne i [[folkehøgskole|folkehøgskolens]] ånd, men som i motsetnad til folkehøgskolane var innretta for born på barne- og ungdomsskoletrinnet. (Folkehøgskolen var for ungdom i 15-16-årsalderen og oppover.) I Noreg vart det starta ei rekkje slike friskolar frå 1870-åra av. Pedagogikken i desse var meir eller mindre [[grundtvigianisme|grundtvigiansk]] influert. Det innebar at det skulle vere lite av pugging og eksamenar, men dess større vekt på «det levande ordet» som alternativ til lærebøker. Norskdom og kristendom var berebjelkar i innhaldet. Folkeleg, nasjonal danning var målet.</onlyinclude>
<onlyinclude>'''[[Friskolar|Friskole]]''' er oftast brukt som nemning på privatskolar som vart drivne i [[folkehøgskole|folkehøgskolens]] ånd, men som i motsetnad til folkehøgskolane var innretta for born under konfirmasjonsalder, dvs. folkeskole-/allmugeskolenivå. Friskolane var foreldrestyrte, og det var foreldra som skaffa lokale, midlar til lærarløn og til drifta elles. Skolelovgjevinga gav rom for såvorne privatskolar under føresetnad av at elevane gjennomgjekk avsluttande eksamen i medhald av fastskolelova av 1860.  
 
I Noreg vart det starta ei rekkje friskolar i ein dryg 30-årsbolk frå 1870-åra av, i all hovudsak geografisk avgrensa til [[Gudbrandsdalen]]. Alle friskolelærarane hadde bakgrunn frå [[Christopher Bruun]]s folkehøgskole, og pedagogikken dei praktiserte var sterkt [[grundtvigianisme|grundtvigiansk]] influert. Det innebar at det skulle vere lite av pugging og eksaminering, men dess større vekt på «det levande ordet» som alternativ til lærebøker. Norskdom og kristendom var berebjelkar i innhaldet. Folkeleg, nasjonal danning var målet.</onlyinclude>


Friskolane i Noreg var direkte inspirert av det tilsvarande fenomenet i Danmark, der friskolane fekk ei mykje større utbreiing enn her til lands. Den fyrste danske friskolen vart starta av folkehøgskolemannen [[Christen Kold]] på Fyn i 1852. Det utvikla seg til å bli ei heil rørsle, tett knytta til den grundtvigianske folkehøgskolerørsla. Dansk Friskoleforening vart skipa i 1886.
Friskolane i Noreg var direkte inspirert av det tilsvarande fenomenet i Danmark, der friskolane fekk ei mykje større utbreiing enn her til lands. Den fyrste danske friskolen vart starta av folkehøgskolemannen [[Christen Kold]] på Fyn i 1852. Det utvikla seg til å bli ei heil rørsle, tett knytta til den grundtvigianske folkehøgskolerørsla. Dansk Friskoleforening vart skipa i 1886.


Den fyrste av dette skoleslaget i Noreg synest vere [[friskulen i Lom 1871-1879|friskolen på Ofigsbø i Lom]] som [[Andreas Austlid]] tok til med 1871. [[Stefan Frich]] grunnla sin i [[Fåberg]] i 1874, [[Ivar Blekastad]] i [[Gausdal]] 1875. [[Martin Andersen]] i [[Fron]] og [[Martin Krokstad]] i [[Rindal]] skal ha starta liknande tiltak på sine stader. Det dreia seg i alle desse tilfella om små skolar, med skiparen som einaste lærar, eventuelt med ein eller to personar til hjelp. Skolane stod og fall med enkeltpersonane som dreiv dei. Den lengstvarande var truleg Stefan Frichs friskole som heldt det gåande i 30 år.
Sommaren 1869 reiste [[Ingvar Bøhn]] og [[Sigurd Blekastad]] til Danmark for å studere folkehøgskolane og friskolane der. Bøhn var lærar og Blekastad elev ved Christopher Bruuns skole på [[Sel]]. Etter heimkomsten vinteren 1869 heldt Blekastad eit fengande foredrag der om friskoletanken og Christen Kolds verksemd. Fleire av dei som høyrde på foredraget, starta sjølve friskolar i åra som følgde.
 
Fyrst ute var [[Johannes Skar]] i Gausdal i 1871, der [[Olav Åsmundstad]] seinare tok over. [[Hallvard Ofigsbø]] tok same året initiativ til [[Friskulen i Lom 1871-1879|friskole i Lom]]. Den kom i gang året etter med [[Andreas Austlid]] som lærar. [[Stefan Frich]] grunnla sin friskule i [[Fåberg]] i 1874, [[Ivar Blekastad]] i [[Gausdal]] 1875. [[Martin Andersen]] i [[Fron]] og [[Martin Krokstad]] i [[Rindal]] skal ha starta liknande tiltak på sine stader. Det dreia seg i alle desse tilfella om små skolar, med ein lærar, eventuelt med ein eller to personar til hjelp. Den lengstvarande var Stefan Frichs friskole som heldt det gåande i 30 år til 1903.


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Haugen, Rolf: ''Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900''. Hovedoppgave i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, høsten 1980.
* ''Salmonsens konversationsleksikon''. 2. utg. Band IX. København 1920.
* ''Salmonsens konversationsleksikon''. 2. utg. Band IX. København 1920.
* Thorkildsen, Dag: ''Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre''. KULTs skriftserie nr. 70, Norges forskningsråd 1996.
* Thorkildsen, Dag: ''Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre''. KULTs skriftserie nr. 70, Norges forskningsråd 1996.


[[Kategori:Skoler]]
[[Kategori:Skoler]]

Sideversjonen fra 10. okt. 2010 kl. 06:11

Friskole er oftast brukt som nemning på privatskolar som vart drivne i folkehøgskolens ånd, men som i motsetnad til folkehøgskolane var innretta for born under konfirmasjonsalder, dvs. på folkeskole-/allmugeskolenivå. Friskolane var foreldrestyrte, og det var foreldra som skaffa lokale, midlar til lærarløn og til drifta elles. Skolelovgjevinga gav rom for såvorne privatskolar under føresetnad av at elevane gjennomgjekk avsluttande eksamen i medhald av fastskolelova av 1860.

I Noreg vart det starta ei rekkje friskolar i ein dryg 30-årsbolk frå 1870-åra av, i all hovudsak geografisk avgrensa til Gudbrandsdalen. Alle friskolelærarane hadde bakgrunn frå Christopher Bruuns folkehøgskole, og pedagogikken dei praktiserte var sterkt grundtvigiansk influert. Det innebar at det skulle vere lite av pugging og eksaminering, men dess større vekt på «det levande ordet» som alternativ til lærebøker. Norskdom og kristendom var berebjelkar i innhaldet. Folkeleg, nasjonal danning var målet.

Friskolane i Noreg var direkte inspirert av det tilsvarande fenomenet i Danmark, der friskolane fekk ei mykje større utbreiing enn her til lands. Den fyrste danske friskolen vart starta av folkehøgskolemannen Christen Kold på Fyn i 1852. Det utvikla seg til å bli ei heil rørsle, tett knytta til den grundtvigianske folkehøgskolerørsla. Dansk Friskoleforening vart skipa i 1886.

Sommaren 1869 reiste Ingvar Bøhn og Sigurd Blekastad til Danmark for å studere folkehøgskolane og friskolane der. Bøhn var lærar og Blekastad elev ved Christopher Bruuns skole på Sel. Etter heimkomsten vinteren 1869 heldt Blekastad eit fengande foredrag der om friskoletanken og Christen Kolds verksemd. Fleire av dei som høyrde på foredraget, starta sjølve friskolar i åra som følgde.

Fyrst ute var Johannes Skar i Gausdal i 1871, der Olav Åsmundstad seinare tok over. Hallvard Ofigsbø tok same året initiativ til friskole i Lom. Den kom i gang året etter med Andreas Austlid som lærar. Stefan Frich grunnla sin friskule i Fåberg i 1874, Ivar Blekastad i Gausdal 1875. Martin Andersen i Fron og Martin Krokstad i Rindal skal ha starta liknande tiltak på sine stader. Det dreia seg i alle desse tilfella om små skolar, med ein lærar, eventuelt med ein eller to personar til hjelp. Den lengstvarande var Stefan Frichs friskole som heldt det gåande i 30 år til 1903.

Kjelder og litteratur

  • Haugen, Rolf: Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900. Hovedoppgave i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, høsten 1980.
  • Salmonsens konversationsleksikon. 2. utg. Band IX. København 1920.
  • Thorkildsen, Dag: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre. KULTs skriftserie nr. 70, Norges forskningsråd 1996.