Friskolar - grundtvigianske

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. okt. 2009 kl. 08:42 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Friskole''' er oftast brukt som nemning på privatskolar som vart drivne i folkehøgskolens ånd, men innretta for born på barne- og ungdomsskoletrinnet. (Folkeh...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

'''Friskole''' er oftast brukt som nemning på privatskolar som vart drivne i folkehøgskolens ånd, men innretta for born på barne- og ungdomsskoletrinnet. (Folkehøgskolen var vidaregåande utdanning for ungdom frå 15-16-årsalderen og oppover.) I Noreg vart det starta ei rekkje slike friskolar frå 1870-åra av. Pedagogikken i desse var meir eller mindre grundtvigiansk influert. Det innebar at det skulle vere lite av pugging og eksamenar, men dess større vekt på «det levande ordet» som alternativ til lærebøker. Norskdom og kristendom var berebjelkar i innhaldet. Folkeleg, nasjonal danning var målet.

Friskolane i Noreg var direkte inspirert av det tilsvarande fenomenet i Danmark, der friskolane fekk ei mykje større utbreiing enn her til lands. Den fyrste danske friskolen vart starta av folkehøgskolemannen Christen Kold på Fyn i 1852. Det utvikla seg til å bli ei heil rørsle, tett knytta til den grundtvigianske folkehøgskolerørsla. Dansk Friskoleforening vart skipa i 1886.

Den fyrste friskolen i Noreg synest vere den som Andreas Austlid tok til med på garden Ofigsbø i Lom i 1871. Stefan Frich grunnla sin i Fåberg i 1874, Ivar Blekastad i Gausdal 1875. Martin Andersen i Fron og Martin Krokstad i Rindal skal ha starta liknande tiltak på sine stader. Det dreia seg i alle desse tilfella om små skolar, med skiparen som einaste lærar, eventuelt med ein eller to personar til hjelp. Skolane stod og fall med enkeltpersonane som dreiv dei. Den lengstvarande var truleg Stefan Frichs friskole som heldt det gåande i 30 år.


Kjelder og litteratur

  • Salmonsens konversationsleksikon. 2. utg. Band IX. København 1920.
  • Thorkildsen, Dag: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre. KULTs skriftserie nr. 70, Norges forskningsråd 1996.