Friskular i Gausdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Johannes Skar, som dreiv den fyrste friskulen i Gausdal.
Foto: 1864 (Frå Maal og Minne 1914)

Friskulane i Gausdal var private barneskular drivne i folkehøgskulens ånd, jf. utdjupande artikkel om friskulane. Det var tre slike i Gausdal. Den fyrste var driven av Johannes Skar i dei to skuleåra 1871-1873. Den andre var Olav Åsmundstad sin skule som heldt på frå 1873 til 1891 med eit par avbrot. Det var direkte kontinuitet mellom Skars og Åsmundstads skular. Til desse kom den friskulen som Ivar Blekastad dreiv i tjueårsbolken 1875-1895. Alle dei tre lærararane hadde gått på folkehøgskulen til Christopher Bruun i Sel, og friskulane vart drivne etter prinsipp sterkt påverka av grundtvigianismen og Bruuns idear. Det var dessutan eit tett hopehav mellom dei tre friskulelærarane og Bruuns folkehøgskule i same bygda.

Johannes Skar 1871-1873

Skar var den fyrste som starta friskule etter at ideen om slike skular vart oppglødd lansert på Sel. Etter eit studieopphald ved Askov i Danmark sommaren 1871 starta Skar opp med friskulen i Gausdal i november det same året. Truleg var Christopher Bruun og bonden Per Bø sterkt medverkande til initiativet. Det var 10 born ved skulen det fyrste året, frå gardane Skard (Øyer), Bø og Borge, og dessutan ungane til Kristofer Janson. Skulen heldt etter alt å dømme hus på Kristofer og Drude Jansons stad Solbakken rett nedanfor Aulestad. Hovudfaga ved skulen var historie, kristendom og norsk. «Me hadde Bibelsoga og Noregssoga til kvar dag, islandssoge og norrøn gudelære, forutan dei vanlege skulefaga - og mykje song, og dei eldste hadde gamelnorsk um eftan», minnes ein som var elev hjå Skar.[1] Skar la vekt på at elevane skulle lære dei vanlege skulefaga. Skilnaden frå den offentlege allmugeskulen viste seg fyrst og fremst i vekta som vart lagt på munnleg formidling og fråveret av pugg.

Det nye skuleeksperimentet vart nøye følgt opp med inspeksjonar av soknepresten, biskopen og skuledirektøren, som fann at kunnskapsnivået hjå elevane var særs tilfredsstillande. Det var til stor bate for Skar. Når han slutta med skulen sin etter to år, var det etter alt å dømme av økonomiske årsaker.

Olav Åsmundstad 1873-1891

Olav Åsmundstad tok over etter Skar. Kristofer Janson flytta frå Gausdal etter ein ideologisk konflikt med Bruun i 1882. Etter det heldt friskulen til på ulike plassar, som Vonheim (folkehøgskulen), Holsmorka, Algarheim og . Elevtalet varierte med opp til 12 born om gongen. Åsmundstad underviste mellom andre borna til Janson, Bjørnstjerne Bjørnson og born frå Bø og andre gardar i Gausdal. Friskulen heldt opp i 1879 da Åsmundstad gjekk i snikkarlære og i 1886-1887, da han hadde eit nytt studieopphald i Danmark.

Undervisninga var ganske intens i skulen til Åsmundstad. Det var fem undervisningstimar fem dagar i veka året gjennom, med to månads sommarferie. Han heldt også timar for dei største borna på ettermiddagen, der han las høgt frå t.d. Iliaden, Odysseen, Faust, Shakespeare, Grundtvig, Runeberg, Topelius, Holberg, Bjørnson og Ibsen, slik ein av elevane hans har fortalt i ettertid.[2]

Ivar Blekastad 1875-1895

Ivar Blekstad hadde røynsle som lærar ved Andreas Austlids friskule i Lom skuleåret 1874-1875. Nokre foreldrepar på gardane Kleva, Austli og Fykse i Gausdal skreiv til Blekastad og oppmoda han til å flytte dit og starte skule for borna deira. Hausten 1875 tok Blekstad til med undervisninga si på Austli. Året etter flytta skulen til Kleva, som var avtala på førehand. Etter ein del lokal motstand mot skulen, flytta han til eit småbruk, Øvre Kleva, som låg i ei grend med husmannsplassar. Frå desse granneheimane fekk ungane gå gratis hjå Blekastad. Ivar og Tora Blekastad fekk sin eigen heim på Loshaugen frå 1879, og han heldt skulen sin der til han slutta i 1895.

Det var i byrjinga om lag 20 elevar ved Blekstads friskule. Det er bevart nøyaktige oppgåver over elevtalet for dei fem siste åra. Da varierte talet mellom 28 og 41, litt over halvparten var gutar. Av reint praktiske grunnar vart elevflokken delt i to like store delar, som gjekk annankvar dag. Delinga skjedde mekanisk, altså ikkje etter kjønn, alder eller nivå.

Litteratur og kjelder

  • Bø, Olav: «Johannes Skar» i Norsk biografisk leksikon bd XIII, Aschehoug, Oslo 1958.
  • Haugen, Rolf: Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900. Hovedoppgave i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, høsten 1980.
  • Hov, L. F.: «Ivar Blekastad», i Årbok for Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag, 1936.
  • Åsmundstad, Per: Olav Tordson Åsmundstad og heimen Borg i Kvikne, Dølaringen boklag 2006.

Noter

  1. Sitert frå Haugen, R. 1980 side 48.
  2. Åsmundstad, P. 2006 side 19, fortalt etter Magnhild Bø.