Fron kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. sep. 2019 kl. 06:41 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lenkje)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fron kommune i Gudbrandsdalen vart fyrst oppretta med innføringa av formannskapslovene i 1837, men alt i 1852 vart han delt i Nord- og Sør-Fron. I 1966 vart Fron igjen ein samla kommune. Også denne gongen varte fellesskapet berre ei stutt tid, og i 1977 vart Fron delt på nytt.

Fron kommune 1966-77

Stortinget vedtok 25. april 1965 å slå saman Nord- og Sør-Fron til ein kommune. Det skulle veljast eit kommunestyre på 35 representantar, og namnet skulle vere Fron. Storkommunen Fron var eit resultat av etterkrigstidas arbeid med ny kommunestruktur for Noreg. Talet på kommunar sank frå 744 til 442. Stortinget sette i 1946 ned ein komité som skulle sjå på kommuneinndelinga, den såkalla Scheikomiteen, og mange stader foreslo han å slå saman kommunar. Nokon storkommune i Fron forelo komiteen derimot ikkje, men kommunestyret i Sør-Fron var ikkje framandt for tanken. Saka vart allikevel lagt på vent til 1964.

Da tok Oppland fylke opp att tanken om ein samla fronskommune. Det viktigaste argumentet var at kommunane hadde fått nye oppgåver, mellom anna knytta til skule, sosialstell og utbygging av infrastruktur. No gjekk Sør-Fron klart mot samling, medan naboane i Nord-Fron var meir delte i saka. Formannskapet gjekk inn for samanslåing, men kommunestyret stemte til slutt nei.

Kommunaldepartementet, fylket og Stortinget vann allikevel fram med forslaget om storkommune. Historia vart trekt inn i debatten, nemleg at Fron hadde vore ein kommune frå 1837 til 1852. Stortinget kunne heller ikkje sjå at det var naturlege grenser mellom bygdene. Kommunane sjølve hadde førebudd samanslåing gjennom felles institusjonar som Gudbrandsdal landsgymnas og Vinstra-utbygginga. På 1960-talet forhandla dei to bygdebankane om samanslåing, og kulturelt var det fellestrekk og samarbeid. Til dømes hadde dei to bygdene eitt lokalhistorielag, Fron historielag (skipa i 1928).

Trass i lokal motstand vart dei ti åra med storkommune ei vokstertid for kommunen. Skoleverket vart oppbygd, helse- og sosialsektoren fekk mange nye oppgåver, mange nye arbeidsplassar vart skapte, og store bustadfelt vart etablerte. Særleg tettstaden Vinstra hadde stor auke i folketalet. Vinstra (i Nord-Fron) vart senter for kommuneadministrasjonen, men mellom anna på grunn av protestar frå Sør-Fron fekk ein del av kommuneadministrasjonen dobbeltkontor, eitt i sør og eitt i nord.

Fron kommune klarte ifølge bygdebokforfattar Ragnar Øvrelid å balansere brukbart mellom nord og sør, men i Sør-Fron ulma det alt frå starten i 1966. Eit aksjonsutval for deling vart skipa i 1967, tilslutta ein landsomfattande organisasjon for kommunar som ønska å skilje lag att. Aksjonsutvalet vann fram med at det skulle gjennomførast folkerøysting i Sør-Fron om deling av storkommunen samtidig med EEC-røystinga i 1972, og oppteljina viste at 85 % av stemmene var for deling. Departementet og fylket gjekk lenge mot å dele opp att Fron, men våren 1976 kom kommunalkomiteen til Fron for å studere saka med eigne auge. Den 31. mai godkjende Stortinget at kommunen kunne løysast opp.

Øvrelid ser protestane mot storkommune i samanheng med desentraliseringsbølgja på 1970-talet, ikkje minst knytta til EEC-kampen i 1972. Det låg sterk symbolikk i at folkerøystinga om storkommune i Sør-Fron vart halden samtidig med EEC-røystinga. At folk ikkje ville styrast frå Brüssel, fekk lokalt eit motstykke i at sørfrøningane ikkje ville styrast frå Vinstra. Slagord som «Smått er godt» og «Bort med sentralisering og byråkratstyring» vann fram.[1]

Fron var ein av dei ti storkommunane som i 1976 og 1977 vart delt opp att etter sterk lokal motstand. På Austlandet var Ringerike og Os dei andre kommunane som vart oppløyste.[2]

Referansar

  1. Øvrelid 1991, s. 403.
  2. Wikipedia på bokmål/Riksmål: «Skilsmissekommune»

Kjelder og litteratur