Fræna kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mai 2018 kl. 22:09 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Fræna
1548 Fraena komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1548
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Elnesvågen
Areal 7.76  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 7.76  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform nynorsk
Nettside Nettside

Fræna kommune ligg ut mot Atlanterhavet og er ein av kystkommunene i Romsdal, i Møre og Romsdal. Innbyggjarane omtalast som fræninger. Fræna kommune er Møre og Romsdals største jordbrukskommune og har lange tradisjonar både med fiske og jordbruk som er dei tradisjonelle næringsvegane i kommunen. Fræna grensar i sør-vest til Julsundet i Aukra kommune og i sør til Molde kommune. I aust grensar Fræna til Eide og Gjemnes.

I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vedtok kommunestyret i Fræna 13. juni 2016 at kommunen skal gå saman med Eide og danne nye Hustadvika kommune.

Elnesvågen er nest største tettstad i Romsdal og administrasjonsenter. I nord-vest er det berykta havstykket Hustadvika kor det har vore mange skipsforlis.

Kyrkjer

Fræna kommune har fire kyrkjer: Myrbostad kyrkje, Bud kyrkje, Hustad kyrkje og Vågøy kyrkje.

Kulturminner

Julshamna er ei lita naustgruppe ved Hustadvika. Tidlegare var dette ein del av Hustad kommune. Staden hadde dampskipsekspedisjon frå slutten av 1800-tallet til 1964. Det var Møre og Romsdal Fylkesbåter (MRF) som hadde dampskipsruta over Hustadvika.

Malmesetra eller Skitnesetra ligg litt aust for Skaret. Setra ligg på litt over 200 meters høgd, omkransa av fjell. Seterdrifta her er nedlagt, men seterdrifta har røter bakover til mellomalderen. Malmesetra inngår i eit større turområde rundt Skaret. Bevaring av kulturlandskapet bidrar til ein større turopplevelse og fleire turgåere har Malmesetra som mål for sine turar.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker


Koordinater: 62.85375° N 7.15374° Ø