Futar i Sogn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. jun. 2019 kl. 21:40 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Futar i Sogn. Sogn var eitt futedøme det aller meste av perioden frå dei fyrste kjende futane dukkar opp i Sogn på slutten 1400-talet til avskaffinga av futeembetet i 1898. I 1635 vart likevel futedømet delt i to, Indre Sogn og Ytre Sogn. Sjølv om dei to futedøma vart samla til eitt embetsdistrikt i 1690-åra, vart namnet Ytre og Indre Sogns fogderi hengande att som namn på embetsdistriktet.

Dale len (Luster) vart utskild frå Bergenhus len i 1565. Frå dette året femnde difor ikkje Sogn futedøme om Luster. Då Dale len vart lagt inn under Bergenhus att i 1614, heldt Luster fram med å ha sin eigen fut. Dette vart utgangspunktet for utskiljinga av Indre Sogn som eige futedøme i 1635. Futedøma i Sogn femnde om alle prestegjeld i Sogn unnateke Gulen skipreide i Eivindvik prestegjeld som låg til Nordhordland futedøme. Sjå Skipreider i Sogn og Fjordane for detaljar.

Futar i Sogn (ca 1460-1633)

Lista er ikkje fullstendig.

År (ca) Namn Merknad
Før 1463 Helge Trulson Nemnd som tidlegare fut i 1463
1484 Guttorm Tield Nemnd 1484 – Ein Botolf i tillegg nemnd som strandfut i Utvær
1520 Per Islender Nemnd 1518-1520
1530 Svend Bagge og Truels Iude
1541 Anders Szelandzffar Nemnd 1541
ca 1550 Brynnill Simensøn Nemnd 1570
1565 Christopher Anderssen
1568 Christiern Jenson Nemnd 1568
1569 Peder Tysk Nemnd 1569
1574 Jens Holst Nemnd 1574
-1592 Nils Bildt
1597 Christopher Wetzelssen
1601 Palle Friis(?)
1601, 1603 Engel Jensen (Bang)
1604-1611 Gjøde Pedersøn Klagemål 1610
1607-1608 Maurits Bosted
1610-1611 Peder Jenssen
1611-1616 Hans Rasmussen Hadde òg godset etter Gjøde Pedersen i Sogn
1616-1619 Anders Lunde Hadde òg godset etter Gjøde Pedersen i Sogn
1620-1629 Simen Nilssen Ikkje godset etter Gjøde Pedersen
1629-1633 Peder Paasche Ikkje godset etter Gjøde Pedersen

Peder Paasche var siste futen som hadde heile Sogn (unnateke Luster). I vakansen etter Paasche viser lensrekneskapane at den avtroppande futen for Dale len, Søren Lauritsen, vikarierte 1633-34, og den påtroppande, Oluf Nilssen, i 1634-35. Dei fekk sjølve Lærdal og Årdal i tillegg til Luster desse to åra, og frå 1635 var Oluf Nilssen fut for heile Indre Sogn medan etterfølgjaren til Paasche, Jacob Jenssen, sat att med Ytre Sogn.

Futar i Indre Sogn og Dale len (1615-1695)

Anders Lauritssen var truleg fut for Dale len også før 1615. Lensherren over Dale hadde lenet kvitt og fritt, difor finst ikkje rekneskapar før det vart lagt inn under Bergenhus i 1614. Futen over Dale fekk utvida embetsområdet både i 1619 og 1633 før det i 1635 omfatta heile Indre Sogn.

Skiljet mellom dei to futedøma gjekk på nordsida av Sognefjorden mellom Sogndal og Leikanger, og på sørsida mellom Aurland og Lærdal. Det vil seie at Indre Sogn futedøme femnde om skipreida Lærdal, Borgund, Årdal, Luster, Marifjøra, Solvorn, Jostedal, Sogndal og Norum (det vil seie prestegjelda Lærdal, Luster, Hafslo, Jostedal og Sogndal). (Sjå òg skipreider i Sogn og Fjordane).

År Namn Merknad
1615-1626 Anders Lauritssen Hadde Dale len (Luster), og frå 1619 godset etter Gjøde Pedersen. Budde på Fuhr i Luster
1626-1633 Christen Anderssen Hadde Dale len og godset etter Gjøde Pedersen. Budde på Røneid i Luster
1633-1634 Søren Lauritssen Luster, Lærdal og Årdal skipreider. Budde på Talla i Luster
1634-1637 Oluf Nilsen Luster, Lærdal og Årdal 1634-35, heile Indre Sogn frå 1635
1637-1647 Diderik Busch
1648-1679 Christopher Gjertsen Budde på Flahamar i Luster
1679-1685 Peder Andersen Ulenberg
1685-1695 Johan Hansen Rue Budde på Røneid i Luster

Då embetet vart ledig etter Johan Hansen Rue i 1695, fekk futen i Ytre Sogn, Hans Blix, hand om det i tillegg til sitt eige futedøme. Frå det året hadde ytre og indre Sogn same fut att.

Futar i Ytre Sogn (1635-1705)

Då Jacob Jenssen tok over som fut i Sogn 1635, vart Indre Sogn skilt ut og lagt til Oluf Nilsen. Futedømet vart enno i nokre år kalla Sogn len før Ytre Sogn og fogderi kom i bruk (1640-åra).

Etter delinga femnde Ytre Sogn futedøme om skipreida Aurland, Nærøy, Systrond, Tjugum, Kvamsøy, Klevald, Lavik og Utvær (det vil seie prestegjelda Aurland, Leikanger, Vik, Lavik og ein del av Eivindvik). Gulen skipreide i Eivindvik prestegjeld høyrde til Nordhordland futedøme. (Sjå òg skipreider i Sogn og Fjordane).

År Namn Merknad
1635-1644 Jacob Jenssen
1645-1655 Jacob Christensen
1655-1659 Iver Andersen
1659-1662 Jørgen Poss
1662-1668 Hans Hansen Brun Budde på Sande i Leikanger
1668-1705 Hans Hansen Blix Budde på Flejse i Balestrand

Futar i Ytre og Indre Sogn (1696-1898)

År Namn Bustad/merknad
1696-1705 Hans Hansen Blix Fut i Ytre Sogn frå 1668, fekk Indre Sogn frå 1696
1705-1725 Peder Iversen Leganger
172?-1733 Henrik Arnoldus Thaulow Suspendert 4.2.1732. Budde i Bjordal i Lavik
1734-1760 Ananias Christopher Harberg Budde i Bjordal
1761-1768 Hans Leganger
1768-1769 Arne Storch Konstituert i vakansen
1769-1781 Simon Hansen Avsett på grunn av vrakplyndring. Budde i Alværa i Lavik
1781-1788 Joackim Schweder Bang
1789-1802 Jacob Hegelund Askelund i Balestrand
1802-1809 Rasmus Carl Holck Askelund i Balestrand
1809-1841 Rasmus Endresen Askelund i Balestrand. Suspendert 1837
1841-1878 Johan Winding Landmark Askelund i Balestrand
1879-1895 Hans Henrik Ramm Askelund i Balestrand
1895-1898 Gurvin Konstituert fram til avviklinga av embetet

Staten kjøpte Askelund som embetsgard for futen i 1856 og selde han att i 1899 etter at futeembetet var avskaffa.

Kjelder og litteratur

  • Futerekneskapar for Sogn i lensrekneskapane for Bergenhus til ca 1629 og ca. 1629-ca. 1646 (Digitalarkivet)
  • Arkivkatalog for Sogn futedøme 1666-1898 (Arkivportalen)
  • Liste over futar i Sogn og Fjordane til 1830-åra (udatert, Statsarkivet i Bergen)
  • Holmsen, Andreas. (1937). «Økonomisk og administrativ historie.» I Norske bygder. Sogn (s. 39-103). Bergen: John Griegs forlag, s. 79 (Digital utgåve)
  • Fladby, Rolf. (1963). Fra lensmannstjener til Kongelig Majestets Foged. Oslo: Universitetsforlaget, s. 196 (liste over futar 1541-1630) (Digital utgåve)
  • Reksten, Erling. (1979). Krongodssalg og embetsstand i Bergenhus len/Bergen stiftamt i 2. halvdel av 1600-tallet. Oslo, appendiks s. 120-122 og 128-131 (liste over futar ca 1650-1700). (Digital utgåve)
  • Laberg, Jon. (1934). Balestrand. Bygd og ætter. Bergen, s. 307-310.
  • Urtegaard, Gunnar. (1991). Balestrand. Gards- og ættesoge. Gard nr. 1-34. Gardsoger 1800-1985, ættesoger 1850-1985. (Bd. 2). Balestrand: Balestrand kommune, s. 207-211. (Digital utgåve)
  • «Dei første styreformene og fogderia» (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)
  • «Futegardane i Bjordal og Alværa» (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)
  • Gunnar Urtegaard: «Futegarden på Askelund» (Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)