Fyrdsbergtunnelen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. jan. 2020 kl. 10:32 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Treng oppdatering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen bør oppdateres. Se evt. diskusjonssiden for merknader.
Gjennomslag i Fyrdsbergtunnelen var 10 mai 2010
Foto: Magnar Høydal

Fyrdsbergtunnelen, ein av tunnelane på Kvivsvegen, driven tunnel pr. 19.12.2009 er 260 m. Gjennomslaget i Fyrdsbergtunnelen var måndag 10 mai 2010. Då er det drive 1125 m tunnel, der alt har gått etter planen. Fyrste salva på denne tunnelen var 12. november 2009 og vart avfyrt av tidlegare ordførar i Volda, Rasmus R. Aarflot. Siste salva var det dottera, noverande ordførar Ragnhild Aarflot Kalland, som fyrte av den 10. mai 2010. Salva fjerna dei siste 4,5 m med fast fjell og markerte gjennomslag på den fyrste av tunnelane i Kvivsvegsambandet. Mesta hadde ledig folk til å drive to tunnelar samtidig, difor vart framdrifta litt raskare enn framdriftsplanen.

Denne tunnelen munnar ut ved Lisjevatnet, midt i ”paddeland”. Statens vegvesen har difor teke med i planane eit system med leideveggar og sju tunnelar,”paddetunnelar”, under vegbana. Når dette vert ferdig, er der eit ferdselssystem for paddene der vegvesenet har gjort mykje for å berge paddene frå biltrafikken. Prosjektet er så vidt ein veit det einaste i sitt slag.


Spesifikasjonar:

Lengd
1125 m
Profil
T8,5
Tverrsnitt
70 m2
Fast volum fjell
78 750 m3
Laus masse på bil
141 750 m3
Plassert masse på veg
118 125 m3
Lengd borhol på salve
5,2 m
Lengd (brytning) salve
4,8 m
Ca tal borhol pr salve
125 stk.
Bormeter pr salve
650 bm
Ca tal salver
250 stk
Bormeter totalt
162 500 bm
Ca sprengstoff pr salve
800 kg
Ca sprengstoff totalt
200 000 kg
Start tunneldriving
12.11.09

Bilde frå Fyrdsbergtunnelen

Kjelder

  • Statens vegvesens prosjektkontor på Fyrde

Eksterne lenkjer

Koordinater: 62.07024° N 6.32074° Ø