Fyresdal Kommunale Bilrute

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. jun. 2018 kl. 08:12 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind Momrak med Billaget sin 1930 Reo.

Fyresdal Kommunale Bilrute blei stifta i 1910 etter forberedande møte året før, og var den fyrste bilruta til å starte opp i Øvre Telemark.

Historikk

Frå byrjinga heitte selskapet Fyresdal Automobilselskap, men skifta namn i 1920. Bilruta køyrde frå byrjinga berre ei rute; frå Fyresdal til brygga på Bandaksli.

Den fyrste bilen i laget blei levert 1. juni 1910, og var ein 33 H.K. La Buire automobil med ratt på høgre side.

I 1951 gjekk selskapet inn i Fyresdal-Vrådal-Nissedal-Billag. F.V.N. gjekk seinare inn i Telemark Bilruter.

Arkiv

Arkivet etter Fyresdal Kommunale Bilrute er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenker til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Henriksveen, Herman, Bakke opp og bakke ned : rutebildrift i Vest-Telemark, Seljord, 1997. Digital utgåve på bokhylla.