Fyresdal Sanitetslag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Fyresdal Sanitetslag''' vart stifta i 1914 og var ei lokal underavdeling av "Norske Kvinners Sanitetsforening". == Historikk == I starten var laget medlem av "Nasjonalforeninga"...)
 
({{nn}})
Linje 16: Linje 16:
Arkivet etter Fyresdal Sanitetslag er ordna ved [[Vest-Telemark Museum]]. Oversikta over arkivet finn ein på [http://arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-VTM_arkiv_000000000951 arkivportalen].  
Arkivet etter Fyresdal Sanitetslag er ordna ved [[Vest-Telemark Museum]]. Oversikta over arkivet finn ein på [http://arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-VTM_arkiv_000000000951 arkivportalen].  


[[Kategori:Fyresdal kommune]][[Kategori:Sanitetslag]]
[[Kategori:Fyresdal kommune]]
[[Kategori:Sanitetslag]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 12. jun. 2017 kl. 09:21

Fyresdal Sanitetslag vart stifta i 1914 og var ei lokal underavdeling av "Norske Kvinners Sanitetsforening".

Historikk

I starten var laget medlem av "Nasjonalforeninga", men i januar 1949 meldte formann Jorånn Midtgarden laget ut.

Frå 1934 vart Veum-Hauggrend Sanitetslag ei underavdeling i laget, og etter nokre år meldte laget seg ut og vart sjølvstendig.

Fyresdal Sanitetslag gav økonomisk stønad der det trongst i vanskelige tider, ikkje minst under krigen. Til dømes var det Sanitetslaga som starta og støtta barnekontroll, tannpleie og medisinsk undersøking av skuleborn. Laget søkte også om støtte til husmorvikarnemd.

I seinare tid har sanitetslaget vore opptatt av pensjonistane i nærmiljøet, sendt ut blomsterhelsingar og heldt ymse arrangement. Ellers har laget støtta arbeidet Norske Kvinners Sanitetsforening gjer for forsking, helse og trivsel på landsbasis. På 1980-talet var dei særleg opptatt av "Hjemmet for Døve" og "Aksjon mot kreft" i samarbeid med "Landsforeningen mot kreft". Dei hjalp mellom anna til å organsisere mammografiundersøkingar i Vest-Telemark.

I 1993 fekk Fyresdal Sanitetslag kulturprisen. Formannen dei siste åra har vore Signy Landvik.

Arkiv

Arkivet etter Fyresdal Sanitetslag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.