Fyresdal Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fyresdal Sogelag er ein bygdehistorisk samskipnad for Fyresdal kommune. Laget vart skipa 5. mars 1985, men kom ikkje i gang før etter nytt årsmøte 23. februar 1990. Laget har som mål å arbeide for synleggjering av fornminne og verneverdige gjenstandar, samle inn munnleg og skriftleg kjeldestoff, skipe til turar og hyggekveldar for lagsmedlemer.

Fyrste utgåve av "Sjå deg attyvi"

Det vert gjeve ut årsskrift som har namnet -"Sjå deg attyvi"-. Det fyrste av desse vart gjeve ut i 1990. I 1992 kom det ikkje ut årsskrift, men sidan har det kome ut årleg. Bøkene er oftast med blanda innhald, men andre gonger tematiske. I 2001 fekk sogelageti staden for årsskrift til ei ny utgåve av Jon Laurits Qvisling si bok "Fyresdals historie".


Kjelder:

  • "Sjå deg attyvi". Fyresdal Sogelag sitt årsskrift 1990