Fyresdal folkebibliotek

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fyresdal folkebibliotek er i fløyen til høgre i 2019

Fyresdal folkebibliotek ligg i Fyresdal kommune i Telemark, Vestfold og Telemark fylke.

Tidleg soge

Før det vart ei ordning med offentleg bibliotek hadde enkelte som ville vite litt meir enn det «almueskolen» og læraren der kunne gjeve, fått nytte seg av presten si private boksamling. I dei tider var det nok den som kunne støtte litt opp om kunnskapshungeren jamvel om den naturleg nok kunne vere prega av teologisk litteratur.

På eit møte i heradstyret 19. april 1838 las ordføraren opp eit brev frå kyrkjedepartementet om boksamlingar, og gjorde framlegg om at det skulle verte laga til ei samling i heradet. Saka vart utsatt då ein ville samle inn pengar. I eit seinare møte synte det seg at bare 7 mann hadde teikna seg for 24 sk. kvar, og saka vart utsatt på nytt.

Prost Iver Andreas Teisner (1818-1870) var sokneprest i Fyresdal i tidsrommet 1848-1870. Han var særs dyktig på mange ulike felt, ikkje minst i det kommunale, og hans interesse i det administrative var vidt femnande. I 1854 fekk han oppretta eit «almuebibliotek» ved hjelp av eit offentleg bidrag på 25. spd. til å byrje med, i tillegg til frivillige tilskot frå enkelte menn i bygda. Sjølv gav han til biblioteket fleire av sine bøker. Frå fyrst av var biblioteket i prestegarden, presten stod då for utlånet og førde tilsyn med bøkene.

På slutten av 1800 talet var biblioteket på Folkvang i Folkestadbyen. Etter om lag 1925 var det på Fredtun i andre høgda der det framleis var på slutten av 1940 talet. På 1950 og 1960 talet heldt det til på Trudvang. Så kom det til ein fuktig kjellar i det nye kommunehuset før det fekk egna lokale i det nye samfunnshuset i 1983.

I 1945 var bibliotekinspektøren i Telemark, Torfinn Skard, der og såg over bøkene. Han sette Olav K. Skrede til å styre biblioteket og dette vart ordentleg, stort og godt. Biblioteket vart opna etter krigen i 1946, dette året var det 76 låntakarar. Ei tid etter krigen var Hjarand Bringa (1920-1966) styrar av Fyresdal folkebibliotek, han var og korrespondent for avisa Varden med initialane HEB.

Biblioteket hadde like etter krigen om lag 1300 bøker. Om lag 2/3 av bøkene var faglitteratur medan 1/3 var skjønnlitteratur. I 1943-1944 fekk biblioteket ei flott gåve, testamentert, etter sorenskrivar Orm Sitje, der var 850 bøker av mange slag.

Eit stort sprang i tid

2019: «Fyresdal folkebibliotek ligg i same bygg som samfunnshuset. Like ved ligg både skulen, barnehagen og helsehuset. Biblioteket har populær boksamling, film, lydbøker, aviser, tidsskrift, 3 datamaskiner til fri bruk for publikum og trådlaust nettverk. Bøker biblioteket ikkje har, kan vi i regelen låne frå andre bibliotek. Det er mange sittegrupper på biblioteket og eit skjerma rom for lesing. Det er rikeleg med gratis parkeringsplassar og H-plassar. Biblioteket har trappefri tilkomst. Velkomen!» Biblioteksjef Fyresdal folkebibliotek: Liv Blørstad Kiland

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

Eksterne lenker