Førde (tettstad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. jan. 2020 kl. 10:23 av Kallrustad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Førde i 1948, før den store veksten byrja.
Førde ligg ved elva Jølstra.
Foto: Nasjonalbiblioteket (1960).

Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune. Staden hadde same status i Førde kommune før kommunesamanslåinga i 2020.

Tettstaden, som har 10 339 innbyggjarar (2019), er den største i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Førde er eit regionsenter for både handel, utdanning, administrasjon og helsetenester og husar mellom anna avdeling av Høgskulen i Sogn og Fjordane, vidaregåande skule, sjukehus og sjukehusadministrasjon (Helse Førde). Hovedkontoret til NRK Sogn og Fjordane ligg i Førde, og lokalavisa Firda kjem ut her.

Tettstaden ligg inst i Førdefjorden, der elva Jølstra renn ut i fjorden. Busetnaden ligg på båe sider av elva og er knytt saman med Langebrua, Storehagen bru og Hafstadbrua. I sentrum finn ein til dømes Førde kyrkje og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Sidan slutten av 1980-åra har sentrum òg vore prega av store handelshus, og på Kronborg har det kome fleire store butikkar. Førde er dessutan kjent som «bilbyen» i Sogn og Fjordane, av di det ligg mange bilbutikkar her.

Sidan 1960-talet har Førde vore i sterk vekst, mellom anna fordi Distriktenes Utbyggingsfond peika ut staden som såkalla vekstsenter i eit Indre Sunnfjord med kraftig nedgang i folketalet. I 1971 vedtok Ankerløkken Verft å byggje eit nytt storverft her, som på det meste sysselsette 400 personar. I 1979 kom sentralsjukehuset, den største arbeidsplassen i fylket.

Kjelder og litteratur

Bilete


Koordinater: 61.4612579° N 5.5181378° Ø