Gamal-Puttbua

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamal-Puttbua i 2011

Gamal-Puttbua er eit herbør som ligg i Puttbudalen i Rauma kommune. Det vart etter tradisjonen bygd midt på 1600-talet av Ole Putt Kleiven, brukar på Kleiva øvst i Romsdalen, da han trakk til fjells for å unngå skatteoppkrevjarar. Seinare vart det brukt under reinsjakta langt framover 1900-talet.

Gamal-Puttbua vart restaurert i 1974 av brørne Knut og Olav Brøste, og står like godt i dag (2011). Ho er tørr og fin innvendig og 3-4 personar kan godt overnatte der. Det har sannsynlegvis vore eldstad i det indre hjørnet til høgre.

Gamal-Puttbua på Norgeskart.no Merk at ho ligg ca 300 meter aust-nordaust for staden ho er avmerkt på kartet.

Litteratur

  • Fylling, John H. 1999: Tafjordfjella. Fra fjord til verdens tak. Vista forlag, Larsnes, s. 170 og 178.
  • Mølmen, Øystein 1987: Fra dyregraver til geværjakt i Rauma. Rauma kommune, s. 30.

Koordinater: 62.21627° N 7.86160° Ø