Gamal-Puttbua

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. okt. 2011 kl. 19:58 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (lagt til bilde, sidehenv.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Koordinater

Gamal-Puttbua i 2011
Foto: Arnfinn Kjelland

Gamal-Puttbua er eit herbør som ligg i Puttbudalen i Rauma kommune. Det vart etter tradisjonen bygd midt på 1600-talet av Ole Putt Kleiven, brukar på Kleiva øvst i Romsdalen, da han trakk til fjells for å unngå skatteoppkrevjarar. Seinare vart det brukt under reinsjakta langt framover 1900-talet.

Gamal-Puttbua vart restaurert i 1974 av brørne Knut og Olav Brøste, og står like godt i dag (2011). Ho er tørr og fin innvendig og 3-4 personar kan godt overnatte der. På M711-karta er ho avmerkt om lag 300 meter for langt mot vest.

Litteratur

  • Fylling, John H. 1999: Tafjordfjella. Fra fjord til verdens tak. Vista forlag, Larsnes, s. 170 og 178.