Gamle Lærdalsøyri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Motiv frå Gamle Lærdalsøyri.
Foto: Elin Olsen (2013)

Gamle Lærdalsøyri er eit verneområde i Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Området har 161 hus frå 1700- og 1800-talet, og utgjer den eldste delen av tettstaden. To av husa vart freda av Riksantikvaren, Synneva Eris hus og Per Lems loft. I storbrannen i Lærdalsøyri i januar 2014 brann Synneva Eris hus ned til grunnen, men verneområdet vart ellers ramma i liten grad.

Området vart regulert i 1840-åra, i samband med at det var snakk om å gje staden status som ladestad. Regjeringa vedtok det, men Odelstinget sa nei. Det vart allikevel gjennomført ei regulering av Lærdalsøyri, som skulle få rette gater i ein kvadratur. Når ein ser på kartet i dag er det ikkje helt enkelt å se dette, for planane vart ikkje sluttført, og det har seinare vore ein del endringar.

I 1960-åra byrja ein prosess for å få verne området. Riksvegen vart lagt utanom sentrum, og arkitektane Jon og Claus Lindstrøm tok fatt på arbeidet med registrering og restaurering.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 61.09757° N 7.47969° Ø