Gards- og slektshistorie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Se også Hjelp:Hvordan skrive om garder, bruk og plasser?
Slekta på Halsbogen under Hals på Tustna i 1931.

Gards- og slektshistorie. Som det framgår av sjølve nemninga, består denne typen bygdebok av to hovudkomponentar. Gardshistoria tek for seg garden, bruket eller plassen sett som bustad og "småsamfunn", som driftseining og eigedomsobjekt. Slektshistoria gjev oversyn over dei familiane som til kvar tid har budd i dei einskilde heimane, med meir eller mindre fyldige persondata.

Gards- og bruksnummer. «Matrikkelgard» og «namnegard»

Gards- og slektshistoriebøkene er til vanleg ordna etter gards- og bruksnummer, dvs. etter det offentlege registeret (matrikkelen) som blir ført over grunneigedomar. (Sjå t.d. matrikkelutkastet 1950. Dei gardsnummera som i hovudsak er gjeldande også i dag, vart innført med matrikkelen 1886.)

Når bygdeboka følgjer dette systemet, blir det skrive eit kapittel for kvart gardsnummer, med underkapittel for kvart enkelt bruksnummer etter kvart som nye eigedomar/driftseiningar/bustader blir skilde ut.

Eit gardsnummer omfattar eitt eller fleire bruksnummer, og under kvart bruksnummer kan det vere ein serie festenummer. Graden av bruksdeling er geografisk og historisk sterkt varierande. Til dømes der det har danna seg tettstader, kan eit gardsnummer kome opp i titals og hundretals av bruks- og festenummer. Dessutan blir det frådelt mange eigedomar med eigne bruks- og festenummer - t.d. skogteigar, nausttomter o.l. - utan at det blir bygt bustader der. Slike einingar er det ikkje vanleg å omhandle særskilt i gards- og slektshistoriebøkene.

Det området som er omfatta av eitt gardsnummer (eller tilsvarande i tidlegare matrikkelnummeringar) blir stundom kalla for matrikkelgarden.

Inndelinga i kapittel etter gardsnummer kan ikkje alltid gjerast mekanisk, men må tillempast dei konkrete tilhøva på staden. Ofte ser ein at to eller fleire nabogardar med kvar sine gardsnummer, men med same namn, blir behandla i eitt kapittel, da det er openbert at desse gardane opphavleg har utgjort ei eining. Ei slik eining har av busettingshistorikarane gjerne vore kalla ein namnegard.

Som regel vil det vere aktuelt også å omtale for seg bustadeiningar som ikkje har eige bruksnummer (umatrikulerte einingar). Det gjeld særleg husmannsplassar og liknande. Slike einingar blir vanlegvis førde i tur og orden i kapittelet om vedkomande gards- og bruksnummer som bustadene høyrer inn under.

Ei misvisande sjangernemning?

«Gards- og slektshistorie» er ikkje noko særleg presis og dekkande nemning på denne sjangeren i vår tid. Som mange har påpeikt, kunne det vere betre å nytte «busetnads- og befolkningshistorie», «bustad- og familiehistorie» eller liknande.

Grunngjevinga for dette er for det fyrste at det ikkje lenger blir skrive berre om bondegardane i slike verk, men om husmannsplassar, strandsitjarstover, villaer, rekkehus og einebustader i bustadfelt osv. - kort sagt alle typar heimar.

For det andre bør sjangernemninga avspegle at slike verk ikkje er slektshistorie i eigentleg forstand. Det er ikkje dei einskilde slektene som blir kartlagde i alle sine forgreiningar over tid og på tvers av geografien. Utgangspunktet er den enkelte heimen, og ein følgjer «slektene» der berre så lenge vedkomande familiar eller enkeltpersonar har tilhald i den heimen, eventuelt med tilvisingar til kvar det blir av dei når dei flyttar.

Men også nye sjangernemningar kan by på problem. Til dømes assosierer «busetnads- og befolkningshistorie» til demografiske og busetjingshistoriske fagdisiplinar som ikkje er bundne til nokon bestemt boksjanger.

«Gards- og slektshistorie» har i alle høve så sterk hevd at vi har funne det rett å behalde omgrepet som oppslagsord.

Grendehistorie

I enkelte bygder har ein valt å skrive "grendehistorie" framfor "gardshistorie". Da tek ein for seg felleshistoria til naturlege deleiningar av bygda som (vanlegvis) omfattar meir enn "matrikkelgarden" eller "namnegarden" - dvs. grender, tettstader el.l. Det som skil denne sjangeren ut frå allmenn bygdehistorie, er at ein har behalde den personal- eller familiehistoriske delen for kvar einskild heim innan grendene.

Kva type opplysningar finn du i ei gards- og slektshistorie?

Dei vanlegaste elementa i ei «standard» gards- og slektshistorie kan skjematisk framstillast slik:

1. Innleiing
Forklaring av oppsettet i boka, ordforklaringar, forkortingar, utgreiing om kjeldebruken m.m., kanskje også noko bakgrunnsstoff om bygda og bygdehistoria.
2. Gardshistoria (bustadene)
a) Fellesstoff for matrikkelgarden (gardsnummeret)
  • Gardsnamnet (tolkingar, skrivemåtar, lokal uttale)
  • Lokalisering, topografi og ressurstilgang (jord, skog, fiske, seter etc.)
  • Arkeologiske funn (gravhaugar, gjenstandar, tufter...)
  • Eigedomshistorie
  • Bruksdelingsoversyn
  • Storleik og produksjonskapasitet (landskyld/matrikkelskyld, areal, husdyrhald, utsæd etc,)
  • Folketal, bustader og befolkning gjennom tidene (gardar og gardbrukarfamiliar, tenestefolk, losjerande, plassar og plassfolk, villafelt etc. – matrikkelgarden som småsamfunn. Stoffet får oftast form av situasjonsrapportar frå teljingstidspunkta, gjerne i tabellform.)
b) Dei einskilde bruk/bustader/heimar
  • Meir eller mindre tilsvarande element som under 2a, tilpassa den enkelte kategori heim. Husmannsplassar, strandsitjarstover, villaer, bustadfelt osv. høyrer også med her.
3. Slektshistoria (familiane, personopplysningar, befolkningshistorie)
Dette stoffet blir anten ført under 2b ovanfor, eller blir utskild som eigen «slektsdel» i bygdeboka. Hovudelementet er brukarrekkjer, dvs. familiane i dei enkelte heimane kronologisk oppført med tidspunkt for når familien kom til staden, vita for mor, far og born, og helst med opplysning om kvar dei einskilde vart av når dei eventuelt flytta frå heimen.
Vita for einskildpersonar bør inkludere som eit minstemål tidspunkta for:
  • fødsel/dåp
  • vigsel
  • død (og evt. fråflyttingstidspunkt)
I tillegg kan ein ta med:
  • yrkesnemningar o. l.
  • opplysningar elles om enkeltpersonar, gjerne små biografiar, så langt det ikkje kjem i strid med personvernomsyna
4. Registerdel
  • Register på stadnamn, familienamn m.m. som kan lette oppslagsfunksjonen til verket.

NB! Dei omtala elementa i gards- og slektshistoria kan vere ordna på mange ulike måtar. Det kan til dømes ofte vere mykje stoff om folka på garden under den gardshistoriske delen, samstundes som det finst utskilt personalstoff i tillegg.


Litteratur