Gardsnamn: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(4 mellomliggende versjoner av 2 brukere er ikke vist)
Linje 19: Linje 19:
===-heimr===
===-heimr===


Namneleddet –heimr tyder «bygd», «grend», «bustad» og kanskje «liggjestad». Dei blei særlig brukt frå byrjinga av vår tidsrekning til krign år 600/800. Dei er vanlege over heile landet, men særlig i [[Trøndelag]], [[Oppland]], [[Buskerud]] og [[Akershus]]. Det er kjend kring 1000 gardar med slike namn, alle med samansette namn. Desse har no gjerne endingane –em, -om, -øm eller –åm. Forledda er gjerne dyrenamn, plantenamn eller gudenamn.
Namneleddet –heimr tyder «bygd», «grend», «bustad» og kanskje «liggjestad». Dei blei særlig brukt frå byrjinga av vår tidsrekning til krign år 600/800. Dei er vanlege over heile landet, men særlig i [[Trøndelag]], [[Oppland]], [[Buskerud]] og [[Akershus]]. Det er kjend kring 1000 gardar med slike namn, alle med samansette namn med unntak av [[Heim (Hemne)|Heim]] i [[Sør-Trøndelag]] og [[Heim (Sand)|Heim]] i [[Ryfylke]]. Desse har no gjerne endingane –em, -om, -øm eller –åm. Forledda er gjerne dyrenamn, plantenamn eller gudenamn.


===-land===
===-land===
Linje 27: Linje 27:
===-staðir===
===-staðir===


Leddet - staðir tyder «stad» og «bustad», og kan også brukast om «mjølkeplass». Dei blei brukt frå kring 400 e.Kr. til kring år 1000, særleg på [[Austlandet]] og i [[Trøndelag]], [[Vest-Agder]] og [[Rogaland]]. Det blei brutk i samansette namn, som det er kjend kring 2500 av. Dei har i dag endingane –sta, -st, -stå, -sto eller –stø. Forledda var gjerne personnamn, elvenamn eller trenamn.  
Leddet - staðir tyder «stad» og «bustad», og kan også brukast om «mjølkeplass». Dei blei brukt frå kring 400 e.Kr. til kring år 1000, særleg på [[Austlandet]] og i [[Trøndelag]], [[Vest-Agder]] og [[Rogaland]]. Det blei brukt i samansette namn, som det er kjend kring 2500 av. Dei har i dag endingane –sta, -st, -stå, -sto eller –stø. Forledda var gjerne personnamn, elvenamn eller trenamn.  


===-setr===
===-setr===
Linje 73: Linje 73:
* Mellom, Mellem (kan truleg i nokre døme også vise til storleiken).
* Mellom, Mellem (kan truleg i nokre døme også vise til storleiken).
* Der inne, Innistog.
* Der inne, Innistog.
* Utistog.
* Utistog, Utigarden, Utistua.
* Der uppe.
* Der uppe, Øvergarden, Oppistua.
* Der nere, Der nede.
* Der nere, Der nede, Nergarden, Nigarden, Nistua.
* Der hite.
* Der hite.
* Bortigarden, Bortistua.
===Brukarnamn===
* Pestua.
* Olagarden, Olastua.


==Litteratur==
==Litteratur==
Linje 85: Linje 91:
[[Kategori:Stedsnavn]]
[[Kategori:Stedsnavn]]
[[Kategori:Datering]]
[[Kategori:Datering]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 5. nov. 2016 kl. 16:33

Gardsnamn er for lokalhistorikarar ikkje berre namn på gardar og stader, men òg ein kjelde til kunnskap om lokalhistoria. Namna kan ofte brukast til datering av garden, i det minste til å få ei relativ datering av gardane i ei bygd. Slik vi i dag har namnemoter for personnamn, ser man i tidlegare tider spor etter namnemoter eller tradisjonar for gardsnamn. Dei er óg kjelder til anna lokalhistorisk informasjon, som kyrkjeindikasjonar, kultstader og trekk i landskapet som ikkje lenger er like openberre.

Datering frå gardsnamn

I forskinga på gardsnamn skil man ut ni hovudledd som er særs vanlege.

Gardsnamn med eitt ledd

Mange av de eldste gardsnamna hadde berre eitt ledd, som Ås, Lund, Dal, Nes osb. Dei fleste av desse er av indoeuropeisk opphav, men ein del stader finst det òg usamansette gardsnamn med opphav i uralske ord (Baggan, Nautan, Soløy(a) (protosamisk sōlōj, 'øy; utmark')) så vel som gardsnamn som vi ikkje kjenner opphavet til (Sola, Oma, Goma). Gardar med slike namn ligg ofte nær det historiske sentrum for ei bygd, og er ofte den eldste garden på staden. Nokre av endingane nedanfor vart òg brukt usamansett.

-býr/bær

Leddet –býr eller –bær tyder «eng», «innmark» eller «bustad». Dei blei brukt frå byrjinga av vår tidsrekning til kring 1350, særlig på Austlandet (særleg Akershus, Østfold og Telemark) og i Troms. Det er kjend kring 140 gardar med usamansett –byrnamn; desse heiter nå gjerne Bø eller By. I samansette namn er det kjent kring 960 –byrgardar. Desse har no gjerne endingane -by, -bø, -be(n) eller -s-pe(n). Forleddet er oftast eit personnamn eller lokaliseringa (td. Østby, Nordby).

-vin

Leddet -vin tyder «naturleg eng» eller «beitemark», og blei særleg brukt i tida frå byrjinga av vår tidsrekning til kring år 800. Dei er vanlege i Sør-Norge, og utgjer særleg stor andel av namna i Aker, Voss og Mjøsbygdene. Opp mot 50 gardar kan ha hatt usamansett –vinnamn, men tolkinga er usikker. Det er kjend kring 1000 gardar med samansette –vinnamn. Desse har i dag gjerne endingar som –e, -i, -en, -in, -n og –ve. Forleddet var gjerne eit gudenamn, plantenamn, elvenamn eller eit namn knytte til jordgrunnen.

-heimr

Namneleddet –heimr tyder «bygd», «grend», «bustad» og kanskje «liggjestad». Dei blei særlig brukt frå byrjinga av vår tidsrekning til krign år 600/800. Dei er vanlege over heile landet, men særlig i Trøndelag, Oppland, Buskerud og Akershus. Det er kjend kring 1000 gardar med slike namn, alle med samansette namn med unntak av Heim i Sør-Trøndelag og Heim i Ryfylke. Desse har no gjerne endingane –em, -om, -øm eller –åm. Forledda er gjerne dyrenamn, plantenamn eller gudenamn.

-land

Endinga –land tyder «folkland», «mark» eller «åker», og fantest både i usamansette og samansette namn. Dei blei brukt i tida frå kring 200 e.Kr. til år 1000 Av dei usamansette er det kjend berre kring 20, medan det er heile 2000 samansette –landnamn. Det er òg kjend kring 100 stølar med –landnamn. Dei finst særlig i Telemark, Agder, Rogaland og Hordaland, og har no gjerne endingane –lann eller –lænn. Forledda er gjerne naturnamn, trenamn, personnamn eller gudenamn.

-staðir

Leddet - staðir tyder «stad» og «bustad», og kan også brukast om «mjølkeplass». Dei blei brukt frå kring 400 e.Kr. til kring år 1000, særleg på Austlandet og i Trøndelag, Vest-Agder og Rogaland. Det blei brukt i samansette namn, som det er kjend kring 2500 av. Dei har i dag endingane –sta, -st, -stå, -sto eller –stø. Forledda var gjerne personnamn, elvenamn eller trenamn.

-setr

Leddet –setr tyder «utslått», «bustad» eller «tilhaldsstad». Det er brukt i kring 900 kjende gardsnamn, og i heile 1700 namn på stølar, frå på kring 600 e.Kr. til år 1000. Namna er særlig vanlege frå Sunnfjord til Nordland og i Mjøsbygdene. Gardane har i dag gjerne namn som endar på –set, -sær, -sete eller –seto. Stølane kan gjerne ha namn som endar på –seter, som òg er det vanlegaste namnet på ein støl på bokmål.

-þveit

Leddet - þveit tyder «mindre jordstykke» eller «rydning» Dei er kjend frå kring år 700 til 1000, og tydinga synar oss òg at det er tale om nye gardar som vert utskilt – dei små jordstykkane som brukast av ein yngre son eller nyare rydningar. Det er kjend kring 200 usamansette gardsnamn av typen, og kring 400 samansette. Dei er særlig vanlege i Telemark, Agder, Rogaland og Hordaland. Namna endar i dag gjerne på –tveit eller –tvet, og forledda var oftast personnamn, gardsnamn eller gudenamn.

-ruð

Leddet –ruð tyder «rydning». Det er særs mange av denne typen namn, kring 300 usamansette og 5000 samansette. Vanlegast er dei på Austlandet. Som – þveitgardane er det nyare garder, from kring 1000-1350 til 1600. Leddet finst både på gardar som vart rydda for å skaffe ny jord i mellomalderen, og garder som vart rydda etter svartedauden. Namna endar no gjerne på –ru, -rø, -re eller –ro, og forleddet er gjerne eit personnamn, eit yrkesnamn eller eit beskrivande adjektiv.

-garðr

Leddet –garðr ryder «inngjerda plass» eller «gard», og kan òg tyde «gjerde». Dette er òg namn på nyare gardar, frå kring 1000 til 1350. Ulikt –ruð var det ikkje vanleg etter svartedauden. Det er kjend kring 1000 gardar med slike namn. Dei er vanlegast på Austlandet og i Ål. Namna endar nå gjerne på –gar eller –går, eller på –gard/-gård der –rd uttalast som tjukk l. Forledda er gjerne personnamn eller yrkesnamn.

Bruksnamn

Når ein gard vert delt, er det ofte at dei einskilde bruka framleis nyttar det opphavlege gardsnamnet, sjølv om ein også ofte finn døme på at dei skifter til eit heilt anna namn. Når dei held på det gamle namnet, vert det naudsynt med eit ekstra ledd som fortel kva for bruk ein meiner. Det ein finn mest av er namn laga ut frå himmelretningane, men dei kan også gå på storleik, alder, plassering av bruka i høve til kvarandre eller plassering i landskapet. Det er eit vell av slike namneledd, så ein kan ikkje ramse opp alle her, men nedanfor kjem ein oversikt over nokre vanlege formar. Fordi slike ledd ikkje alltid har vorte normert, er det ofte store skilnader mellom dei ulike dialektane, så ein kan til dømes finne same namnet med former som -stog, -stoga, -stug-, stuggu, -stuggua eller -stua. I lista er berre dei formane som opptrer mest tatt med. Formar på -gard eller -garden finst jamnt over også med formane -gård og -gårder; desse er ikkje tatt med om ikkje det første leddet skiljer mellom målformane.

Himmelretningane

Ein finn fleire variantar av nord og sør enn av aust og vest, og dette er ikkje tilfeldig. I eldre tid nytta ein mange stader mest berre nord og sør når ein skulle namngje gardane; nord dekka då alt som låg nord- og austover, medan sør dekka bruka som låg sør- og vestover.

  • Nordgard, Nordgarden, Nordstog, Nordstoga, Nordstug, Nordby, Der nord, Der nor.
  • Sørgard, Sørgarden, Sørstog, Sørstoga, Sørstug, Systog, Sundby, Der sør, Der sø.
  • Austgard, Austegard, Austgarden, Austegarden, Østgården, Østby, Der aust.
  • Vestgard, Vestgarden, Vestby.

Storleik

  • Store, Diger-.
  • Lille, Vesle.

Alder

  • Gammalstog, Gamlestua.
  • Nystog, Nystua.

Plassering i høve til andre bruk eller i landskapet

  • Der heime (oftast plassering på det opphavlege tunet).
  • Mellom, Mellem (kan truleg i nokre døme også vise til storleiken).
  • Der inne, Innistog.
  • Utistog, Utigarden, Utistua.
  • Der uppe, Øvergarden, Oppistua.
  • Der nere, Der nede, Nergarden, Nigarden, Nistua.
  • Der hite.
  • Bortigarden, Bortistua.

Brukarnamn

  • Pestua.
  • Olagarden, Olastua.

Litteratur

  • Harsson, Margit: «Gardsnamn som kjelde i bygdehistoria» i Sprauten, Knut (red.): Å kallast med sitt rette namn, Norsk lokalhistorisk insitutts skrifter 38, NLI, Oslo 2002
  • Holmsen, Andreas: Norges historie. Fra de eldste tider til 1660, Oslo 1939