Gardssagene i Høydalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Gardssag i Høydalen 2009
Foto: Magnar Høydal

Gardssagene i Høydalen. Etter at Høydalen i Volda kommune fekk eige elektrisitetsverk i 1917, var det mange som bygde seg ei gardssag. Det var og er fleire bygningar på ein gard og det trengst stadig vekk eit bord eller ein plankebit. Slik kommunikasjonane var før var det ikkje så enkelt å gå på trelastforretninga som i dag, den økonomiske situasjon var og vanskelegare. Før det var tilgong på elektrisk kraft vart sagene drivne med vasshjul, det var oppgangssager. Nedst i storelva (Høydalselva) står murane etter oppgangssaga som var i bygda. Per Aarviknes skriv mellom anna: ”Vi har ei liste frå 1603 over dei sager som var i bruk i Volda og som betalte sagskatt til kongen”. Der er nemnd Jon Høydal 20 tylvter bord og i 1613 Paul Høydal 40 tylvter. Etter kvart tok barskogen slutt, attende var berre lauvskog.

Elektrisitetsverket var i starten på berre 49 kw men det ga mulegheiter. Gardssaga var eit resultat. Som oftast var desse sagene ”heimelaga”, kanskje var berre spindel og blad kjøpt. I fyrste tida var det berre ein elektromotor på garden og den var heller ikkje på så mange hk. som vekta kunne tyde på. Motoren skulle forutan saga brukast til vedakappsaga, til truskemaskina, dryftemaskina og slipesteinen, Den vart difor flytta rundt på garden der den skulle brukast.

Etter at barskogen vart uthoggen på 1600 talet, var her ikkje barskog i Høydalen før plantefelta kom til. På gamle bilder ser ein at skuleborna var med på skogplanting. Blombakkane på gnr. 80 brnr. 2 i Volda var siste feltet i Høydalen som var planta av skuleborna, truleg i 1946-1947. Det var i dei åra todelt skule, og alle årstrinna var med. Seinare kom skogreisingsplanen for Vestlandet. I Høydalen var det fyrst på 1950-talet det vart planta i regi av den planen, alt er gran og til dels på stader der det er uråd å skoga ut med økonomisk overskot. Dei eldste av desse plantefelta er no skurtømmer i dimensjon men har vakse så raskt at det nok går til slip. I 1920- og 1930 åra når det vart bygt gardssager var her lite og inkje med barskog men ein del bjørk vart saga til plank. Det er vel naturleg at sagene difor var små gjerne med ein slede på knapt 5 m og eit blad som skar rundt 25 cm. Matinga var med handsveiv, og ein enkel styrerull for dimensjonen. Når det på ein grei måte kunne sagast plank vart det vidare bearbeiding til diverse møblar. Frå dette utvikla det seg vidare og Høydal Snikkarverkstad L/L vart skipa.

Dei som bygde færingar og andre båtar trengde furetømmer og store dimensjonar, det fekk dei kjøpe mellom anna på nordsida av fjorden, Hunneset, Ullaland og Årset. Dei bygde sager som var tilpassa deira behov.

Syvergarden er ei av desse små gardssagene. Sleden er lengd til om lag 6 m og bladet skjer 35 cm. Handsveiva vert brukt stundom men det er tillaga sjølvtrekk. Det kjem også i gruppa ”heimelaga”. På denne saga har det vore skore alt som er brukt på garden til både reparasjonar og nybygg.

Å vera sjølvhjelpt var nerast ei nødvendigheit i små bygder med tungvint reisemåte. Det er nedarva og ein del av kulturen.

Bilde frå Gardssaga

Kjelder