Gaupne

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. nov. 2010 kl. 09:53 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Gaupne''' er eit kyrkjesokn, ein skulekrins, ein tettstad og kommunesenteret i Luster kommune. Staden ligg ved utlaupet av Jostedøla inst i Gaupnefjorden, ein sidearm av…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gaupne er eit kyrkjesokn, ein skulekrins, ein tettstad og kommunesenteret i Luster kommune. Staden ligg ved utlaupet av Jostedøla inst i Gaupnefjorden, ein sidearm av Lustrafjorden som igjen er ein sidearm til Sognefjorden. 1. januar 2009 hadde tettstaden 1075 innbyggjarar.

Gaupne er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det høyrde til Luster prestegjeld fram til 1967 og vart då overført til Jostedal prestegjeld. Her ligg Gaupne gamle kyrkje (bygt 1647-52) og den nyare Gaupne kyrkje (bygt 1907). Gamlekyrkja har sidan 1909 vore i Fortidsminneforeininga si eige.

Då dei tidlegare kommunane Hafslo, Jostedalen og Luster slo seg saman til nye Luster kommune frå 1963, vedtok kommunestyret at Gaupne skulle vera administrasjonssentrum i den nye kommunen. På dette tidspunktet var Marifjøra eit vel så viktig sentrum som Gaupne ved Gaupnefjorden. Seinare har det skjedd ei stor utbygging av kommunale institusjonar, bedrifter og bustadfelt i Gaupne.

Her finn ein Luster ungdomsskule, som er ein av to ungdomsskular i Luster kommune, og barneskulen Gaupne skule. Skulekrinsen grensar i sør mot Marifjøra, som soknar til Indre Hafslo skule. Nordover Jostedalen femner Gaupne skulekrins om gardane til og med Alsmo og Vigdalen medan gardane frå og med Myklemyr høyrer til Jostedal skule. I nordaust femner Gaupne skulekrins no òg om Nes.

I Gaupne ligg elles idrettshall og fotballbane, Luster rådhus, hovudkontoret til Luster sparebank og kjøpesenteret Pyramiden. Eit større badeanlegg er under bygging (2010). Av større bedrifter finn ein elles AveryDennison NTP, regionkontoret til Statkraft og Luster mekaniske industri (LMI). På stemnearenaen Parken vert det gjennom sommaren skipa til fleire store utekonsertar.